Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

     

       
Glavær i ytre Gulen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 31.05.2004

Glavær - var frå gamalt av stasjon for jektene som sigla på fjordane og kysten heilt opp til Nordland. I Glavær var det god hamn i all slags ver. Enno er det merke etter festeboltane på nes og berg på hamna der. Denne historia er fortalt til Ingolf Austgulen av Håkon Søreide og står å lese i heftet "Mjømna og øyane (2002) 

GLAVÆR I YTRE GULEN - GODT KJEND FRÅ JEKTETIDA - DER DEl GJENNOM UMINNELEGE TIDER HAR SØKT HAMN OG VENTA PÅ GOD BØR OG HØVELEG VER. 

På 1800-talet var det både handel og brennevinsutsal, tilmed overnattingsplass i Glaværa. 


Den gamle gjestgjevarstaden og skjenkestova er proppfull av lokalhistorie. 

Staden fekk handelsløyve heilt tilbake i 1760. Men først og fremst var Glavær ein stad der jektene låg og venta på bør den gong vinden var drivkraft for båtane. Den vesle øya Glavær ligg strategisk plassert mellom Hille og Hisarøy ved innseglinga til Sognefjorden. Glavær har og andre minne knytt til seg. Det er ein gammal tingstad. og mange av dei første heradstyremøta i Gulen og Solund som då var ein kommune, gjekk føre seg i stova på gjestgjevarstaden frå 1837, då lokaldemokratiet vart innført her i landet. Glavær har og tradisjonar som landhandel frå førre hundreåret, 


Sognejekter på Bergen hamn omkring 1920. Jekta til Lasse Søreide "Alværa" ligg ytterst i rekkja. 

Fraktefart med sognejekt 
Håkon Søreide var seks år då foreldra hans flytta frå Søreide til Kyrkjeøy i Rutledal. Det var i 1919. Faren, Lasse, eigde sognejekta “Alværa”, ei prektig skute som gjekk i fraktfart mellom Sogn og Bergen. Han eigde og jakta “Vega” som han brukte i sildesalting på Nordland. Denne jakta var ei av dei første med motor; ein 22 hk Bolinder. 

Ein annan kar, Johan Søreide i Sygnefest, hadde jakta “Brødr. Klævoll”. Det fylgde stor spenning med fraktfarten den gongen. Dei fleste skutene hadde berre segl, og ein god tur var avhengig av god bør. Lasta var av ulikt slag. Somme tider var det ved, andre gonger var det kol, eller det som baud seg. 

Sjøen var ein viktig arbeidsplass 
Kollastene var noko av det minst trivelege. Lossinga gjekk med handspel. Skyflinga i romet var heller ikkje noko arbeid for late menn. 
- Det hende me vart liggande i Glavær i Ytre Gulen fleire dagar, opp til ei veke. Der kunne det vera sju-åtte jekter på same tid som alle venta på rette vinden. Dei som skulle inn Sognefjorden venta på nord- eller vestavinden, og dei som skulle til Sunnfjord eller Nordfjord måtta ha sunnavind i segla. 

Glaværa - som me seier - var frå gamalt av stasjon for jektene som sigla på fjordane og kysten heilt opp til Nordland. I Glavær var det god hamn i all slags ver. Enno er det merke etter festeboltane på nes og berg på hamna der. I førre århundret var det både handel og brennevinsutsal, tilmed overnattingsplass i Glavær. 

Tidtrøyta i ventetida kunne vera så mangt. Dei fleste hadde garn med og drog fin fisk tidleg på morgonen. Ofte vart det større fangst enn ein vann eta opp under landlega. Me nytta ventetida vel, og Knut i Glaværa som budde der på den tid hadde i alle høve godt selskap i oss. Sognejektene møttest ofte på byturane eller i Glavær. Det var skutenamn som “Ortna”, “Brekka”, “lvina” og “Dronninga”. 

Ikkje lett å ankre 
Noko som verkeleg var ein styrkeprøve for ein ungdom på 15-16 år var ankring i vindstilla. Straumen var ofte sterk, og me kunne vera eit godt stykke frå land. Det var særs viktig å kunne skjøna seg på veret, å rekna seg til framdrift og avdrift, og å kjenna botntilhøva. Oppgåva var så å få jagelina i land slik at fortøying kunne ta til. Den om lag 120 favnars jagelina låg alltid klar og hekkbåten på plass. Både båten og tauet måtte vera av lettaste slaget. Den som rodde lina i land måtte vera sterk og uthaldande. Tauet måtte ikkje verta vårt i sjøen, for då vart det så tungt å ro. Men, musklane vaks i takt med slitet. så ein greidde seg bra etter kvart. 

Dei freske jekteskipparane hadde sine kraftuttrykk - og sine meiningar om det meste. Gav dei ordren “La ankeret gå” vart det gjerne på sognemålet: “La meisi ratla, kar !“ Kar var typisk sogneord for “mann”. Elles seiest det at sognejekt - reiarane rekna ut at det var best å sigla på dagtid, og grunnegav det om lag slik: “Å sigla om notti, kar, da gaor ikkje, for dao gaor da so mykje mat!”, fortel Søreide. 

Nye tider 
Sognejektene vart borte etter kvart. Før siste krig var det mange av desse prektige skutene i opplag og landsett i fjørene langs Sognefjorden. Nokre av dei fekk seinare motor. I krigsåra kom dei jektene som var att vel med, for dei tok store laster. I Gulen hadde dei lenge ei sognejekt som heitte ‘Tresvik”. Eigar var Tansø på Losnegård. “Fresvik” var i fart til langt ut i 60-åra. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal