Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

     

     
Gulatinget - møtestad for lov og rett
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 31.08.2003


Foto: Scandion.

Det har vore stille på tingvollane ved Gulafjorden i mange hundre år. Men ei ny tid er i emning. I Gulatingsparken på Flolid har «tingveggen», med sine 22 massive granittplater, reist seg mot himmelen. Denne mest vidgjetne av alle tingstadane i det gamle Noregsveldet skal på ny verta ein møtestad for lov og rett. 


Foto: Scandion.

Tusenårsstaden 
På Flolid, tusenårsstaden i Sogn og Fjordane, er Gulatingparken under utvikling i eit vakkert og særprega kulturlandskap. Grunntemaet er det same som for tusen år sidan, men funksjonen er ny. 

Her har lokale og profesjonelle aktørar synt fram det kjende «Håkonarspelet» dei siste åra. I dette området vert det no bygd ein temapark med skulpturar og scene for utandørs teater-, danse og musikkførestellingar. Gulatingparken skal verta ein stad der Gulatinget på nytt skal markerast. 

På tusenårsstaden vert det sett søkelys på rettstaten sin framvekst og utvikling. Perspektivet vert lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Emnet har universiell interesse, og kan koplast til aktuelle tema som til dømes menneskerettar, folkerett og vern av livsmiljøet. Gulatinget kan difor verte ein naturleg samlingsstad når juridisk, historisk og kyrkjeleg innhald står i høgsetet i samband med nasjonale og internasjonale høyringar, møter og kurs. 

- Ein magisk stad full av energi 
Det er store dimensjonar på det som skal bli eit tydeleg landemerke på Flolid. Skulptur og landskapsparken er på 160 mål og skal synliggjere noko veldig norsk med styrke og stoltheit. 

Det er her historikarane meiner at Gulatinget vart halde i fleire hundre år. Her samla representantar frå Agder til Trøndelag seg kvar vår fram til Tinget vart flytta til Bergen på 1200-talet. 

Kanskje var det ikkje akkurat på Flolid, kanskje ikkje nøyaktig same stad kvar gong heller. Men heilt sikkert i dette området. Det er forskarane einige om endå det ikkje vart funne så mykje som ei øks under utgravingsarbeida i Eivindvik. 

Norsk histore med kinesisk stein 
I 1998 vart biletkunstnaren Bård Breivik spurd om han ville lage eit landemerke som ruva ved skipsleia i Gulen. Breivik tok oppdraget, og første byggjesteg i det som er kunstnaren sin visjon for Gulatingparken er komen godt i gang. 

Bård Breivik er ein mann for store dimensjonar og sparer ikkje akkurat på granitten, men tru det eller ei, han kan ikkje finne ein einaste eigna stein hverken i Noreg eller heile Norden. Difor vart det Kina som fekk leveransen av stein til utsmykkinga av Gulatingparken. 

Fleire røyster har i det siste hevda at ein sjølvsagt burde bruke norsk stein til norsk historie. I eit intervju i Advokatbladet seier Breivik : - «Du finner ikke en eneste hel steinhylle over seks meter i Norden. Det var vanskelig nok å finne kubikkmeterstore emner da jeg hadde oppdraget med fylkessteinene. Nordisk granitt er 20 millioner år eldre enn kinesisk granitt og har vært gjennom åtte flere istider. Istidene har dæljet løs på steinen vår». 


Foto: Scandion.

Fra Gulehavet til Gulen 
Granitten som no er på plass i «tingveggen» på Flolid kjem frå Kina. Nærmare bestemt frå Guangdong-provinsen nord for Shanghai - på halvøya ute i Gulehavet mot Korea. 

Der har ein dimensjonane, og kjempestore steinflak vert løsna på ein spesiell måte. Steinhoggarane har nok undra seg over denne bestillinga av granittblokker frå Norge. 

Aktiviteten er stor på Flolid, og dei 16 steinblokkene til den store scena, tingvollen, er komen fram. Blokker opp til to ganger sju meter med nesten 30 centimeters tjukkelse. Ti tonn per stykk, omtrent. Dei hvite blokkene skal bli eit platå på 8 x 24 meter. 
Og bak denne store scena står den enorme og opp til sju meter høge «Tingveggen» – eit gedigent landemerke med 22 element. 20 element er alt på plass, medan 2 vart knekt under transporten - og er bestilt på nytt. 

Sju lagmenn 
Scena og «tingveggen» skal begge stå ferdig til hausten. Veggen, som vert synleg langt ute på sjøen, gir ein såkalla relieffverknad – ein 90-graders komposisjon med øks, sverd og kors. 

Den tredje delen av bestillingsverket frå Sogn og Fjordane fylkeskommune vert ferdig neste år. Då dreier det seg om juristane – lagmennene. 

Breivik har laga modellar av sju lovkyndige slik dei er tenkt for tusen år sidan, men har åpenbart lagt inn litt likestilling mellom kjønna: Det skal lagast fire maskuline og tre feminine skulpturar. 

Det er Bård Breivik som har utvikla ideane og visjonane for skulpturparken – og han har hatt ganske frie tøyler innanfor eit budsjett som han gjerne hadde sett var større.

Med i dei vidare planane er bygging av eit langhus som kan brukast til servering, overnatting, evenementer, seminarer, kurs og konferanser, og ein rettshistorisk utstilling. 


Foto: Scandion.

Ein attraksjon og turistmagnet 
Etableringa av Gulatingsparken ute i havgapet i vest dreier seg om mykje meir enn granittskulpturar av største slag. 

Heile området Flolid skal bli ein attraksjon og forhåpentleg ein turistmagnet. 

Prosjektleiar for Gulatingparken er Martine Rød. Ho er frilans prosjektleiar på kontrakt med Sogn og Fjordane fylkeskommune fram til 2005. 

Rød har vore gjennom store og vellukka prosjekt før denne oppgåva kom, bl.a. var ho prosjektleiar for dei fantastiske seremoniane ved åpninga og avslutninga av vinterleikane på Lillehammer under regissøren Bentein Baardson. Ho ordna der alt det praktiske. Det same gjorde ho også for den norske paviljongen på verdsutstillinga i Hannover i 2002. 

Oppgåva til Martine Rød på Flolid er å få mest mulig ut av dei 16 millionar kronene som fylket og staten har bevilga til prosjektet. 

«Der som retten var sett, var det ein slett voll, og det var sett haslestenger ned i ring om vollen, og snøre var lagde utanomkring; det vart kalla ve-band. Men innanfor ringen var domarane, tolv frå Firdafylket, tolv frå Sygnafylket og tolv frå Hordafylket. Desse tri tylfter med menner skulle døma, om sakene åt folk». 

  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal