Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Hytteliv i Gulen

 

 
Ferieår på Austgulstølen
Forfatter: Ingolf Austgulen

Draumen om "der heime"
( 19.08.2007 08:18 )
Forfattar : Ingolf Austgulen. 

I tida etter andre verdskrigen var det svært mange av dei unge i Gulen som drog heimefrå for å finna seg arbeid eller gå på skule. Frå desse kantar var det gjerne Bergen eller byen sitt nærområde som freista. Andre drog til sjøs for kortare eller lengre tid, ut i verda for å læra og å sjå seg om. 

Bygningsarbeid var det mange som forstod seg på, og ungdomen var ettertrakta til slikt. I Bergen var der ekstra mykje bygg-aktivitet, grunna all skade som vart påført i krigsåra. Husværa i byen var heller usle, og fleire lengta til heimstaden, sjølv om der var smått med utkome. Så vart dei verande i byen, budde dårleg, mange vantreivst, men dei fekk no lagt til sides nokre kroner, litt etter litt. Dei bar på ein draum! 

Draumen om "der heime"
Etter som tida gjekk fekk dei betre hus, somme fann seg koner, fekk barn og livet gjekk vidare. Og draumen følgde med! Kvar ferie drog dei attende til heimbygda for å vitja familien sin. Besteforeldra fekk sjå barnebarna veksa opp, og dei vaksne gjorde som før: arbeidde på heimegarden i slåttonna, drog utpå og fiska til hushaldet, og kom saman med andre kjende som var på ferie. Dei tok til å sjå at foreldra vart gamle og slitne. I mange hus vart det etter kvart overfylt med stort og smått heimvendt, og "byfolka" tok til å sjå seg om etter hyttetomter eller fråflytta hus der dei kunne leiga seg inn. 

Foreldra gledde seg over at dei oftare skulle få sjå sine, så tomter vart ordna. Og når ein mest fritt kunne velja stad sjølv, fann folk seg plass der det var livd for vind og vêr og samstundes fritt utsyn og gode båtplassar. 

Til å begynna med var hyttene små og enkle. Eit slit var det ofte å få fram material til bygginga, og mang ein dugnad vart gjort for å mura grunn eller rydda tomtene. 
Men slitet var fort gløymd; dei fekk sitt eige der dei kunne rå seg sjølv. 

Kommunen har no nære på 1000 hytter / fritidshus, og når dei er fullsette med folk sommarstid auka folkemengda monaleg. 

Regulering - og vi får hyttegrendene 
Det var nok dei tidlegare som ikkje var like begeistra for all hyttebygginga. Då låg tomtane spreidde; litt her og noko der. Men gulingane tenkte gode tankar denne gongen og! Dei fann at beste løysinga på problemet var å innføra ei regulering av bygginga ved å lage hyttegrender. Dette ville verta det beste både for hytteeigarane og bygdesamfunna. Og slik vart det! 

No ser ein at hyttegrendene har ført mykje positivt med seg i bygdene. Dei utflytta får koma heim med sine, og dei kjem i lag med gamle vener som er fastbuande. 
Venskap oppstår mellom nye naboar, og dette får dei fleste til å trivast og finna saman om felles gleder i feriane. 

Ser ein på kommunikasjonane, har desse betra seg umåteleg etter at hyttebygginga tok til. Vegar, bruer og auka båt- og ferjeanløp set no sitt preg på fleire stader som var truga med avfolking. 

Det er ikkje berre hyttefolk som har oppdaga idyllane som finst i Gulen mellom holmar og skjer. Store motorbåtar finn seg ei lun vik for overnatting og fiske. Badelivet florerer i godt vêr, og det er ikkje måte på trivnad. Store seglbåtar frå Tyskland, Nederland og Sverige kjem også. Her er stilt og roleg for dei som ønskjer det, og meir livat på land med fiskefestivalar eller felles måltider med sjømat for slike som føretrekk dette. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal