Flykrasj på Grindefjellet
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 08.09.2002
Ein høyrde tyske brummande transportfly over hustakene.
Mange fly gjekk i trafikk frå Sola via Herdla og vidare nordover
mot Trondheim. Tyskarane hadde og ein liten flyplass i drift på Voss.
Ikkje mange veit at tyskarane i tillegg hadde slike planar for ei «slette»
på Natland, i søre del av Bergen. Her vart det med nokre prøvelandinger
i løpet av krigsåra.
Ute av kurs
Ein morgon skjedde det. Eit fly som var på veg nordover,
kom ut av kurs i tåkehavet, gjekk for lågt og flaug rett i
Grindefjellet. Sjur Dale har litt å fortelje om denne hendinga. I
ni-tida om morgonen var Sjur og faren Peder på veg frå Dale
til Lundvang, for å slakte ein gris. På vegen forbi Nerdal
høyrde dei tydeleg flydur som plutseleg vart borte og like etter,
eit drønn. Noko hadde hendt.
Grensa mellom Masfjorden og Gulen går oppe i fjellet
der flyet havarerte. Same dagen var ein masfjording på sauesanking
i desse traktene. Han var den første som kom fram til flyvraket.
Det var eit fælsleg syn som møtte han. Flykroppen var sønderknust
og dei som var i flyet låg strødd utover, dei fleste forbrent.
Flykapteinen låg mange meter framanfor flyet. Seks menneske gjekk
med i flykrasjet.
Om flyet hadde halde litt større høgde og
gått nokre meter lengre aust, hadde det gått klar fjelltoppen.
Slik hadde ein truleg berga både liv og fly. Men instrumenta var
ikkje så gode den gongen.
Redningsarbeidet
Tyske militære vart varsla om flykrasjet. Ei gruppe
tyske offiserar kom til Dalsøyra for å finne ut kvifor eit
av det tredje riket sine fly var havarert og kven dei omkomne var. Seint
ein kveld kom dei med rutebåten frå Bergen til Dalsøyra.
Harald Nerdal, 15 år den gongen, tok jobben som «los»
for tyskarane oppover til Grindefjellet.
Lensmannen i Gulen, Jakob Eikenes, vart kalla inn for
å hjelpe offiserane med registrering. Toralf Sande frå Eivindvik
var med som støttespelar for lensmannen. Dei tyske hadde ikkje noko
til overs for lensmann Eikenes, og han ville gjerne gardere seg i tilfelle
bråk i ettertid. Det vart rekvirert folk til å bere dei omkomne
ned i bygda og dei fleste karane måtte bli med. Det vart rigga til
bårer med ryggtaumar og deretter bar det nedover til Virkesdalen.
Dei omkomne tyskarane vart lagt i kister og plasserte på tunet til
Olaf Virkesdal.
Det var sterke inntrykk folk fekk med denne hendinga,
men i krigsåra vart folk herda og følelseskalde overfor fienden.
Dei norske var kjende med at landsmenn vart torturerte av tyskarane og
at norske båtar vart bomba og torpederte utan varsel.
Mange nordmenn vart henta og sende til fangenskap i Tyskland.
Slike hendingar gjorde sitt til at folk fekk sterk uvilje ovanfor tyskarane.
I tida etter flystyrten drog mange opp i Grindefjellet for å sjå
ulukkesstaden. Då vart gjerne fjellturen kombinert med interesse
for ei dramatisk krigshending.
Den eine flottøren på flyet vart frakta til
Tangedal i Masfjorden av nokre ungdomar. I dag er han ved Bjørn
West museet i Matre.
Bertin Lihaug og Wilhelm Lundvang stod for transporten
av likkistene til og frå Virkesdal. Tyske marinefarty kom til Dalsøyra
for å hente sine falne. Dei vart truleg førde til byen og
plassert saman med andre falne på gravplassane der. |