Over havet til Shetland med krigstida's yngste
båtsjef
Forfatter: Ragnvald Haugen
Publiseringsdato: 15.04.2006
Eg er fødd på Byrknesøy, ei øy
som ligg ytterst på kysten mellom Sognefjorden og Fensfjorden. Her
bur rundt 400 menneske. Byrknesøy er ei perle som ligg godt omringa
av holmar og skjer som vernar mot Nordsjøen.
Vi fekk tidleg etter invasjonen besøk av tyske
soldatar. Den norske kystvakta hadde ein stasjon her som soldatane kom
for å overta. Det var vel for så vidt rolege karar som prøvde
mykje å få kontakt med sivilbefolkninga, men som ikkje lukkast
så godt.
Vi var nokre ungdommar som fekk innkalling til noko som
tyskarane kalla for arbeidsteneste. Det var det første kullet som
var innkalla etter invasjonen. Eg var ein av dei. På innkallinga
vi fekk stod det: Møt på Åndalsnes for vidare transport
nordover.
Det virka litt rart at vi skulle sendast så langt
nordover. Vi begynte å lure på heile innkallinga, og kva hensikten
var. Vi tenkte på Nord-Noreg og Finland, så vi begynte å
planleggje flukt til Shetland.
Martin E. Byrknes, som dreiv ein fabrikk som la ned krabbe
i boks, hadde ein gavlbåt liggjande. Sonen Trygve var og interessert
i å reise. Båten var 34 fot med ein 14 hk Rabbmotor som var
i god stand. Han spurte om å få ta båten, og det var
i orden.
Det
var ingen instrument for navigering om bord. Det første vi måtte
få tak i var kompass. Vi hadde tatt peiling på ein kompass
som stod i ei sjøbu. Den fekk vi tak i. Så fekk vi tak i Alf
Utkilen som budde på sørsida av fjorden og fekk kompasset
korrigert.
Så langt hadde alt gått greit. Vi var ni som
skulle reise. Trygve Birknes, Knut Edvardsen, Ragnvald Haugen, Peder Sletten,
Georg Lydersen og Håkon Karlsen, alle frå Byrknesøy,
Olav Wagtskjold, Strand, Nordli og så Sundt som blei den tiande.
Men problemet var at det var ingen av oss frå Byrknes som var navigasjonskyndige.
Gjert Napsøy og Konrad Danielsen hadde stukke ut
kursen til Shetland, den var beint vest herfrå.
Alt var no klart med båten. Dagen vi skulle reise
var bestemt til den 14. august 1941. Olav Wagtskjold var reist til Bergen
for å hente Strand og Nordli. Nordli var flynavigatør, så
han skulle vere navigatør på turen. For ikkje å vekke
for mykje oppsikt, kom dei frå Bergen til Mjømna, ei øy
som ligg aust for Byrknesøy, og vart henta der i motorbåt.
Knut og Trygve skulle ta "Notmann", som båten heitte,
ut til fabrikken for å ta om bord olje og proviant som Martin hadde
ordna med. Vi andre skulle gå ut blant ungdommen som vanleg, men
vi skulle møtast på fabrikken klokka 11. Då vi kom til
båten, var alt klart. Før vi tok laus, kom Martin med to sekkar
kavring som vi skulle ha til matproviant. Han ønskte oss god reise.
Men husk ein ting, sa han: - Blir de tatt av tyskarane, så har de
stole båten.
Så bar det til vestsida av Byrknesøy. Der
skulle vi møte dei som kom frå Bergen, og dei kom til avtala
tid. Men det skulle vise seg at det var éin mann meir enn avtala.
Vi begynte å lure kva person det var. Etter at vi fekk dei om bord,
trakk den nye mannen fram ein revolver, så då tenkte vi at
det heile var over.
Tyskarane var oppmerksame på det som føregjekk
på Vestlandskysten med slik trafikk, så dei sende rundt nazistar
for å spionere. Vi rekna med at det kunne vera ein slik ein vi hadde
fått om bord. Men etter å ha fått snakka med Wagtskjold,
kunne han gå god for at mannen var OK.
Sjokk nummer to!
Det var litt disig då vi gjekk, men då vi
skulle krysse skipsleia, viste det seg at vi gjekk igjennom ein tysk konvoi.
På styrbord side såg vi ein vaktbåt, og på babord
eit stykke unna såg vi baugen på ein stor lastebåt. Men
til all lukka blei vi ikkje oppdaga, så ferda kunne fortsette.
Tåka hadde lege tjukk heilt innpå øyane
utanfor Byrknes i fleire dagar, så vi hadde håpa at det også
skulle fortsette. Men det viste seg at tåka var letta ein god del.
Det er ikkje mørkt så lenge på denne tida av året,
og med ein så liten motor gjekk det ikkje fort. Vi kursa mot Svalane,
nokre øyar som ligg på nordsida av innseglinga til Sognefjorden.
Då vi passerte dei, var vi ute i Nordsjøen. Men det var ikkje
så lenge etter at dei var passert, at det så smått begynte
å lysne.
På
Holmengrå fyr, som ligg på sørsida av fjorden, visste
vi at det var ein god del tyskarar. Og med kikkertutstyret dei hadde, kunne
vi lett bli oppdaga. Så motoren gjekk for fullt og vel så det
for å komme oss så langt vest som mogeleg før det lysna.
No bar det rett vest. Det var 15 minutt å køyre
ut til skipsleia som går sør-nord. Den tåkebanken som
vi håpa på, hadde trekt seg lenger vest. Så då
det lysna skikkeleg av dag, såg vi Holmengrå fyr ganske godt.
Vi var spente på korleis dette ville gå. I 12-tida på
dagen kom vi oss ut i tåkebanken, og ingenting hadde skjedd. Så
no kom optimismen tilbake etter at den hadde vore på lågmål
i fleire timar. Vi fortsette mot vest.
Då vi hadde gått 10 timar frå land,
stoppa vi for å ta eit loddskudd. Det var på 70 famnar. Då
skjønte vi at vi var komne over Norskerenna. Så bar det vidare
mot vest. Tåka letta litt etter kvart, så sikten blei betre
til lenger vest vi kom. Det var ein litt vestleg bris, så veret var
fint. Om kvelden tok vi eit nytt loddskudd som viste mykje same djupna.
Etter kartet som vi hadde, styrkte det oss i trua på at vi var på
rett veg.
Natta gjekk fint. Berre bråket frå Rappmotoren
øydela stillheita. Neste morgon begynte vi å speide etter
land. Det var disig, men disen letta då sola kom opp. Så, i
11-tida, fekk vi sjå land på babord. Vi styrde mot landet vi
såg. Det viste seg å vere sydspissen på Shetland. Vi
gjekk heilt oppunder land. Det norske flagget var alt komen til topps.
Då kom det nokre engelske soldatar ut i ein gummibåt. Wagtskjold,
som snakka bra engelsk, fekk vite at vi var for langt sør og at
vi måtte gå langs land på nord for å koma til Lerwick.
Så vi følgde landet nordetter, og etter to timars køyring
var vi langs sida til vaktbåten som tok oss inn til Lerwick.
Norske skøyter i hamn i Scalloway på Shetland.
Slike fiskeskøyter var ei uvurderleg hjelp i kurértrafikken
mellom norskekysten og Dei britiske øyane. "Shetlandsgjengen" brukte
dei til å frakte hemmelege agentar, våpen og utstyr til motstandsgrupper
og etterretningsstasjonar i Noreg.
Vi var først til eit lite avhøyr. Så
blei vi innlosjert på eit mottak. Der var mange norske frå
før som var komne same vegen som oss. Det beste var at vi fekk slappe
av etter turen.
Vi var på Shetland i to dagar. Så blei vi
sendt vidare til Buckie. Det viste seg at dagen vi kom til Shetland, var
same dagen som vi skulle vore på Åndalsnes i arbeidsteneste.
Turen til Buckie gjekk fint.
Vi var tre båtar som gjekk i lag, med engelsk kjentmann
i den første båten. Vi kom til Buckie dagen etter, og overnatta
der til neste dag.
Neste stopp var Aberdeen. Her blei det nytt avhøyr
og ny overnatting. Neste morgon blei vi køyrde til jernbanestasjonen
og sette på toget til London. Vi blei innkvartert på ein skule
i London. Her blei det og nye avhøyr. Vi måtte fortelje alt
vi visste om festningar og andre ting som var av interesse. Dei var interessert
i alt.
Vi blei her nokre dagar. Då vi blei slepte fri,
bar det til County Hotel. Her blei gjengen splitta. Wagtskjold drog til
Canada for å bli utdanna til flygar, Strand og Karlsen til Skottland
i hæren. Det var fem av oss som blei plasserte i marinen. Den 1.
september 1941 blei vi innrullert i Den norske marine. Den 4. september
1941 blei vi sendt på rekruttskulen Royal Arthur i Skeggness. Her
var vi i sju veker. Så den 23. oktober 1941 var eg utlært krigar
og sendt til NMLF (Den norske ML-flotilje) i Troon i Skottland kor eg vart
plassert på ML-128, som sidan viste seg å bli min arbeidsplass
i to år og sju månader.
Etter å ha vore stasjonert i Troon, blei 4. ML-flotilje
om hausten 1941 sendt til Weymouth ved Den engelske kanal. Eg hugsar godt
den turen. Vi kom ut i ein storm. Heile Irskesjøen var i eit rokk.
Vi kom oss til innseglinga til Cardiff kor vi fann ei bukt som vi ankra
opp i, og fekk slappe av til det verste uveret var over. Så bar det
vidare forbi Lands End til Weymouth. Her vart det utført patruljeteneste.
Turane kunne vare opp til to døgn, og den tida måtte vi vere
på vakt. Berre når det var mat å få, kunne vi gå
under dekk. Stuerten kom av og til rundt med eit spann varm buljong, og
det varma godt.
Båtane var lite armerte til den tenesta dei utførte.
Det var ei lita kanon på fordekket som var beregna for sjømål,
og eit Colt maskingevær bak skorsteinen. Colten var god, så
det var berre den som kunne brukast mot fly. Vi hadde og ein Hotchkis og
ein Lewis Gun på kvar side av brua, men dei var så gamle og
utslitne at fekk vi ut nokre skot, så sette magasinet seg fast.
Utpå våren 1942 blei 4. ML-flotilje delt.
Fire av båtane skulle ombyggjast til minelegging. Båtane fekk
óg betre skyts. Dei fekk montert Oerlikon der colten stod, og ein
dobbel Point Five på akterdekket. Der hadde eg min jobb som skyttar
i lag med Knut Kristiansen. Colten blei óg montert.
Eg vil ta med litt om første turen vi skulle leggje
miner. Vi skulle leggje minene utanfor Cherbourg. Vi visste at franskekysten
var historias mest bevokta kyst, med svære festningsanlegg langs
heile kysten. Så mange av oss rekna med at det var den første
og siste turen.
Det var lang køyring, så vi starta turen
tidleg på ettermiddagen. Ei stund etter at det vart mørkt,
blei det slått ned på farta. Vi gjekk på sakte fart ei
god stund før vi kom i posisjonen som vi skulle leggje minene. Plutseleg
kom det ein kraftig lyskastar frå land. Den sveipa sakta langs havflata.
Når strålen sveipa over båtane, var det som det var på
lyse dagen. V venta berre på at kononane skulle setje i gang, men
det skjedde ikkje noko. Tre slike sveip tok dei, men vi blei ikkje oppdaga,
så lyskastarane blei sløkt. Etter å ha køyrd
ennå ei stund, blei minene lagde og alt gjekk bra. Så utpå
formiddagen var vi tilbake i Gosport etter den første mineturen.
Når alt var klart med båtane, blei vi overført
til Dover som blei vår stasjon resten av krigen.
Kjelde: Boka "Den glemte flotilje" av Anders Petterøe. |