Illegalt arbeid
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 12.09.2002
Arstad/Brun gruppa i Bergen og forgreininga til Byrknesøy.
Sigurd Årstad kom tidleg med i organisering av
ei motstandsgruppe i Bergen. Alt i aprildagane 1940, mens han og ein del
andre sjøfolk og militære sat internerte om bord i passasjerbåtane
«Jupiter» og «Leda», som låg i Eidsvågbukta,
la dei fundamentet til vidare kamp mot okkupasjonsmakta.
Det utvikla seg - eit kontaktnett som rakk utover det
store Vestland var snart etablert. Våren 1941 var det stor aktivitet
med båtruter over til Shetland, og båtane hadde med tilbake
både våpen og ammunisjon som vart lagt opp nordover kysten.
Dei mest kjente på våre trakter som var med i denne gruppa
var Reidar Kvinge (politimann og militærkaptein) og Jacob Njøten
(salssjef i oljekompani). Frå Gulen-området var kontaktpersonen
Harald Hundvin (skulelærar på Byrknes). Hundvin kom tidleg
i faresonen for deltakelse i illegalt arbeid, og i juni månad 1941
gjorde han, saman med Arthur Byrknes, Paul Kråkenes og sin trulova
Olava Einebærholm, eit forsøk på å kome seg til
Shetland.
Men farkosten, ein 21 fots åpen sjekte, greidde
ikkje brasene, og etter dagar kom dei tilbake ved Utsira fyr som første
landkjenning.
Landinga på Karmøy var tett opp til ein tysk
festning, men dei var heldig ingen vaktbåt stogga dei. Det var vel
den lille båten som ingen trudde kunne komme inn frå det store
hav. Etter at motoren var reparert kom dei attende med båten til
Byrknes. Var spenninga stor før dei drog ut, så vart den så
visst ikkje mindre no. Frå Bergen kom det på same tid to av
Årstad / Brun-gruppa som måtte kome seg unna. Det var Reidar
Kvinge og Bjarne Iversen. Iversen vart gøymd vekk ute i ein holme
og Kvinge drog inn i Masfjorden og la seg i ei hytte der. Jakta etter båtar
tok til for fullt, - eit godt forsøk på å få ei
skøyte til å føre dei ettersøkte over til Shetland
svikta, til stor skuffelse for dei ti som no låg og venta ute i Byrknesøyane.
Desse måtte berre dra innover i fjordane og vente på nytt høve.
Frå Jacob Njøten kom det no melding om at ein båt var
skaffa i Værlandet, og at dei måtte kome seg dit. Om bord i
båten som førde dei til Værlandet var det sytten personer,
og det vart endå fleire som kom til, før dei la ut på
havet frå Håsteinen utanfor Værlandet.
Ein dag var alle flyktningane som skulle over til England
samla. Nokre av dei som hadde prøvd seg før hadde søkt
andre vegar, medan andre og nye var komne til.
Avreisedagen kom med nordavind. Ut på kvelden stilna
det og dei gjekk om bord. Dette var ein liten gavlbåt som heitte
«Soløy» og høyrde til handelsmann Brosvik i Bulandet.
Båten hadde overbygg framme med ein liten lugar. Bak styrehuset er
gavlbåtane opne for å gje plass til nota.
Her rigga dei til ein presenning mot sjøsprøyt
og kulde. Om bord i «Soløy» var det 27 personar - begge
kjønn.
Ved avreise stod Sverre Brosvik (båteigaren) på
Håsteinen og held ein tale til dei som var redde for denne turen
over havet. Dei velkjende orda frå denne talen er: Dei som ikkje
tør å reisa over havet med «Soløy» er ikkje
verde å kome i kongens klær. Dei om bord i båten kalla
desse avskjedsorda frå Brosvik for BERGPREIKA.
Arthur Krossøy frå Austrheim førte
båten. Han hadde god røynsle frå utanriksfart. Med den
lasta han hadde no var det langt frå nokon fisketur han skulle på.
Det vart langt frå nokon god tur vestover. Med rikeleg brennstoff
og mange passasjerar om bord låg båten tungt i sjøen.
Å få det heile til å fungera med så
mange om bord var ikkje lett. Dei sat som sild i tønne og låg
som sardin i boks. Sjøen slo inn over båten og presenninga
bak, og då kom det nok ein del ulydar frå dei som sat der.
Men føraren var roleg, han let seg ikkje merka
med noko. Etter uttrykket i andletet hans var alt under kontroll. Blant
passasjerane var det ein god del sjøsykje og manglande matlyst.
Likevel rådde optimisme. Redsla for å verta tekne av tyskarane
minka etterkvart. Det gjekk ei heil natt og ein heil dag fram til klokka
23 før dei kunne byrja å vona på landkjenning. Før
midnatt såg dei land. Det vart gledeshyl blant den slitne gjengen
i den vesle båten.
Frå Værlandet vart det og sendt med ein stor
fin laks som helsing til Kongen i London; - og den vart flybåren
- så snart «Soløy» kom i hamn på Shetland.
Liste over dei som var med «Soløy»:
M/B «Soløy» - SF 90 A - drog frå
Værlandet 2. august 1941 med 27 personar, av desse 6 kvinner, og
kom til Baltasund 4. august. Skipper på overfarten var Arthur Krossøy,
Byrknesøy. Ferda var organisert av dei som var med, med hjelp av
Sverre Brosvik, Værlandet, og Årstad-Brungruppa i Bergen, som
hadde finansiert ekspedisjonen. «Soløy» var 27 fot og
halvopen, og var truleg den tyngst lasta av alle båtar som drog over
Nordsjøen under krigen. Båten vart naglesprengd under overfarten
og sokk ved kai i Lerwick natt til 5. august.
Ein veit at desse personane var med:
Fiskar og motormann Endre Birknes, f. Gulen i Sogn 1914
Fiskar Arthur L. Byrknes, f. Gulen i Sogn 1917
Student Per Hysing Dahl, f. Bergen 1920
Forretningsmann Einar Engelsen jr., f. Bergen 1913
Lærarinne Gertrud Halsøy, f. Askvoll 1900
Sjukepleierske Gudrun Helle, f. Holmedal i Sunnfjord
1908
Røde Kors søster Kaia Helle, f. Holmedal
i Sunnfjord 1905
Motormann Philip Hellevik, f. Bergen 1913
Hushjelp Milla Holm, f. Byrknesøy i Sogn 1919
Lærar Harald Hundvin, f. Lindås 1913
Inga Ingvaldsen, f. Fedje 1921
Telegrafist og sivilflygar Bjarne Iversen, f. Trondheim
1910
Fiskar Paul Kråkenes, f. Solund i Sogn 1912
Styrmann Arthur Krossøy, f. Austrheim 1909
Politikonstabel John Reidar Kvinge, f. Bergen 1912
Fiskar Sigfried Landø, f. Landøy 1913
Fiskar Bernt Myrvåg, f. Myrvåg i Sunnfjord
1921
Motormaskinist Magnus Otterstad, f. Masfjorden 1912
Student Louis Pettersen, f. Fana 1919
Student Birger Rasmussen, f. Drammen 1920
Handelsgymnasiast Edvard Eckhoff Rieber-Mohn f. Bergen
1920
Hushjelp Olava Einebærholm, f. Byrknesøy
i Sogn 1921
Fiskar Olaf Værøy, f. Værlandet 1920
Stud.phil. Erling Welle-Strand, f. Bergen 1916
Forretningsmann Per Westergård, f. Altona 1916.
Kristian Stein - organisasjonen - ein av dei største
i motstandsrørsla på Vestlandet.
Kristian Stein var ekspeditør ved Bergen Postkontor
då krigen braut ut. Han var ein høg sjarmerande kar - «eit
godt menneske med eit reint sinn» - som det seinare vart skrive om
han. Under felttoget i april 1940 var Kristian Stein ordonans for dei norske
styrkane på Voss. Nokre månader seinare hadde denne mannen
stabla på beina ein organisasjon på fleire hundre personer
fordelt langs heile Vestlandskysten, og det var nær sagt ingen grenser
for kva dei famna over. Organisering av Englandsfart, illegale aviser,
våpentransport, våpenopplæring, spionasje, hemmelege
radiosendere som formidla rapportar til England - til og med sanitetsgrupper
var med i organisasjonen. Som postekspeditør i Bergen, stadig på
reiser med rutebåtar på kysten og i fjordane, med hurtigruta
Bergen-Kirkenes, så var han som «utplukka» til å
organisere illegalt arbeid i og utanfor Bergen.
Stein-organisasjonen starta med skøytetrafikk til
Shetland alt i 1940, og i denne farten vart mange av hans kjende ute i
distrikta trekkte inn. Det var for det meste handelsmenn, postekspeditører
og båteigare. Eit samspel utvikla seg, dei som eigde båtane
henta olje og proviant hjå handelsmannen som var registrert når
ein overfart skulle skje. Dei satsa, tok store sjanser. Dei rekna med at
det ikkje ville vare så lenge, før engelske marinestyrkar
kom og gjorde oss fri. Det kom ingen invasjon, - men det kom noko som verre
var. Stein-organisasjonen i Bergen sprekker.
Ein av dei største illegale gruppene sprekker
i slutten av september 1941.
Ein med navn Marino Nilsen frå Ålesund hadde
greidd å kome seg inn til nøkkelpersonane i organisasjonen,
og der fått tak i nok opplysningar til at han som spion kan gå
til Gestapo i Veiten og melde frå. Han vart oppdaga då han
gjekk inn i bygget i Veiten, men det var for seint. Det var alt lagt opp
til likvidering av Marino Nilsen men noko klikka, - den vart utført
av ei anna gruppe i Ålesund året etter. Hans innsats for fienden
til då, - var at eit utal nordmenn hadde fått dødsdom
og andre sendt til tyske konsentrasjonsleirer. Kristian Stein og andre
i leiinga av organisasjonen var klar over at det hasta med å kome
seg vekk. Stein hadde fått kontakt med styrmannen på rutebåten
«Lygra», Norvald Sætre frå Austrheim, som eigde
ei prektig skøyte på 47 fot. Sætre forstod straks at
situasjonen var prekær og gjorde skøyta straks klar for røminga.
Veret var ikkje på flyktningane si side den dagen
dei skulle dra ut til Bakkastraumen for å gå om bord.
Dei venta litt, - ein utsettelse som skulle få kolosale
konsekvenser. Kristian Stein og mange av hans medarbeidere vart arrestert
2. oktober 1941. Til og med kona til Stein, Borghild og deira dotter Svanhild
vart henta inn til avhøyr hos Gestapo i Veiten. Under arrestasjonen
heime i Bohrsgata hadde Svanhild greid å lure unna eit notat som
faren hadde i ei jakkelomme, der Sætre sitt navn var notert. Det
redda nok livet til Sætre, - og han nevner ofte dette hellet når
ein kjem inn på hendingar under krigen. Kontoret som organisasjonen
hadde brukt låg på Torvalm., og alt dagen etter arrestasjonane
vart dette overteke av Gestapo. På kontoret fann dei lister over
mange av dei som var med og som hadde fått utlevert registreringsmerke.
Så var det berre for Gestapo å køyre rundt og hente
inn til avhøyr og fengsling.
Med denne arrestasjonsbylgja vart det fullt opp både
i Veiten, Bergen Kretsfengsel og på Ulven fangeleir. Utfartsårer
vart sperra i fleire veker, båtar og tog vart kontrollerte over alt.
Gestapohuset i Veiten vart eit «Skrekkens hus». Oppover i etasjene
sat dei verste av Gestaposjefane ein kjende til, fekk utført tortur
av verste slaget. Dei arresterte vart etter harde tokter slengt ned i den
mørke kjellaren, i nakne rom og med sementgulvet som liggeplass.
Så sterke avhøyr og tortur enkelte fekk i Veiten gjorde at
arrestanter fann einaste løysinga å hoppa ut frå 4de
etasje, og med det gjere slutt på det.
Stein-organisasjonen hadde alt nytta mange av sine kontakter
nordover Vestlandet, og i kommunane Gulen, Solund, Hyllestad og Askvoll
var der mange involverte.
Sverre Furnes vart den første frå Gulen.
Han hadde teke imot registreringsmerke, og lova å
hjelpe til i situasjoner som kunne oppstå ved den ventande invasjonen.
Furnes var motormann på kystruta Bergen-Kirkenes. Straks båten
var komen til kai i Bergen 3. oktober 1941 hoppa Gestapo om bord, fann
fram til lugaren og Furnes. Dei fann det dei var ute etter, og tok han
med strake veien til Veiten. Etter avhøyra der vart han sterkt «sjokka»
sendt i Bergen Kretsfengsel. Nokre veker der, så vart det Ulven fangeleir.
Der måtte fangane etterkvart utføre diverse slavearbeid, som
å bygge på veiene rundt Ulven og på strekninga Søfteland
- Nesttun. Dei måtte traske og gå fram og attende kvar veg
og det var hardt for mange av dei svakaste. Eit lite lyspunkt mens dei
var på Ulven - det var visittane hjå fru Søfteland (kjend
for sin innsats for Ulven-fangane). Ho greidde til og med å ordne
treff heime i kjellaren sin, for fangar som fekk møte sine kjære
der.
Det varte ikkje så lenge før alle fangane
frå Stein-organisasjonen vart sende austover og skipa avgårde
til Tyskland. I konsentrasjonsleire i Tyskland vart Furnes verande i over
3 år - flytta frå leir til leir. At han med så dårleg
helse frå før greidde å overleve i desse leirane er
heilt ufatteleg. Vi har saksa litt frå ein rettargang som vart avvikla
i Kiel ut på året 1943. Hans medfange Qscar Magnussen frå
Bergen skriver om dette i boka si: «Jeg vil leve»:
Sverre Furnes vart kalla fram i tiltaleboksen som førstemann
den dagen. Om han kjende seg skyldig? Ja han gjorde då det. Navnet
hans var funne i kartoteket til Stein-organisasjonen i Bergen, og han hadde
motteke «merket». Det var riktig, men elles var han uskyldig
som eit barn.
Retten ville heller ikkje påstå noko anna.
Men medlemskap i Stein-organisasjonen var alvorleg nok, og dei fann å
måtte døme han til fem (5) års tukthus som straff. Furnes
bukka fornøgd og gjekk tilbake på benken og sette seg.
Fangelivet varte endå fleire år i dei fælaste
leirane der nede. Mor og søsken visste ingen ting om han mens han
var fange i Tyskland. Heilt på slutten, ikkje motstandskraft igjen,
vekta 34 kg, - då vart han henta fram og båren ut på
ein av dei kvite bussane og kom til Sverige. Eit lengre sjukeopphald der,
- men han kom seg til og ein vakker dag steig han i land frå rutebåten
på Furenes. Furnes byrja igjen med det han vart teken frå fire
(4) år tidlegare, og etter ei tid hadde han skaffa seg «papira»
og kunne reise ut igjen, no som maskinsjef. Det vart knallhardt. Etter
nokre år måtte han ta seg verkstedarbeid på land. Så
flytta han saman med kona til Furenes og bygde seg ny heim i Lauvika.
Gestaposkøyta kjem til Furenes. Dei skal hente
Ingvald Austgulen...
Vi har sterke minner frå den oktoberdagen i 1941
då Gestaposkøyta klappa til kaien på Furenes - og fleire
avskyelege personer sette kursen mot butikken.
Eg vil prøve å formidle historia bak «nesten-arrestasjonen»
slik vi i familien opplevde den. Kristian Steinorganisasjonen hadde fått
overta ein båt (agentbåt) på 37 fot av handelsmannen
Markus Nese i Arnafjord. Båten skulle gå til Shetland med ettersøkte
i organisasjonen som no måtte kome seg unna. «Arnafjord»
vart den siste båten som kom seg over til Shetland før organisasjonen
sprakk og massearrestasjonene tok til.
«Arnafjord» kom til Furenes ein fin haustdag
i september 1941, og då Austgulen ikkje var heime, la dei seg til
å vente. Eg som styrte butikken og kaianlegget vart ikkje godteken
av dei tre personane ombord i denne båten. Ut på dagen kom
far igjen og den hemmelege ekspedisjonen tok til.
Det vart lasta ombord 3 fat solarolje og ein del proviant,
og så sette dei kursen forbi neset og sydover. Vi som stod igjen
på kaien uttalte våre håp om at turen over havet måtte
lukkast. Kristian Stein var godt kjend i Brandangersundet - hans svigerfar
kom frå Lid og familien Stein hadde hatt sine ferier der. For han
så var det naturleg å trekke vår far inn i leveranse
av olje til båtar som organisasjonen brukte. «Arnafjord»
var den første og det vart den siste. For nokre veker etter at denne
oljen var levert, så kom Gestaposkøyta til kaien på
Furenes. Denne dagen var det også meg som styrte butikken. På
land hoppa det uniformerte og nokre velkledde - andre personer som eg straks
var klar over måtte vere Gestapo. I det same eg såg dei kome
til butikken tenkte eg på 2 gevær som far hadde liggande i
mellomgulvet på loftet - og at no fekk vi rassia etter våpen
og radioapparat. Det var nok i eit anna oppdrag dei hadde lagt turen hit.
Dei skulle hente far. Han var i Bergen ein tur, og dermed så vart
det meg som måtte ta første avhøyret, og det vart inntil
murveggen på lageret. Med Gestaposjefen tett inntil, med augene rett
i meg - stilte han sine spørsmål. Ved sida av stod ein tysker
med våpen i handa. Spørsmåla som vart stilte var for
så vidt enkle, men svara eg gav visste eg kunne få uante konsekvensar,
så eg måtte prøve å ikkje misse fatninga der eg
stod. Stiv og skrekkslagen svarte eg på dei spørsmåla
som kom.
Kor budde min far i Bergen? Nei det visste eg ikkje,
for det var vanskeleg å få hotell for tida. Han hadde vel telefonert
heim? Nei det hadde han ikkje. Visste eg noko om ein kvit båt (agentbåt)
«Arnafjord» som hadde vert her å henta olje?
Nei - det var ukjent. Ingen slik båt hadde eg sett.
Så ville han ha fram ekspedisjonspapira for rutebåtane,
for der å finne ut om oljesendinga frå Bergen. Nei kart og
følgebrev kasta vi etter kvart, for dei hadde ingen verdi for oss.
Måtte konsentrere meg - for ikkje å sjå
på skuffa der alle karta og følgebreva låg tre meter
unna. Dei to framfor meg såg på kvarandre - eg tenkte kva vert
det neste. Dei spurde etter andre vaksne personer i huset. Det måtte
bli mor som sat oppe i stova saman med mine søsken. Mens dei var
på veg opp, tok eg baktrappa i eit par byks, og fekk sagt frå
at dei ingen ting visste om båtar og olje. Så ned igjen - for
no måtte det handlast og det snart.
Skuffa med ekspedisjonspapira vart henta ut, fram med
eit par havregrynsekker, la karta på botnen og havregryn på
toppen. Fekk min bror Malvin til å hjelpe til med dette litt vanskelege
arbeidet ute på mjøllageret. Etter at skuffa var tømt,
fekk vi sekkane godt plassert midt inne i varestabelen på lageret.
Snart var Gestapo nede i butikken igjen, - tok telefonen
- bestilte Statspolitiet i Bergen og bad om at alle hotell vart undersøkt
for å finne Austgulen, kunne eg hindre dei noko med denne telefonen
til Statspolitiet. Kunne eg få tak i far før Gestapo i Bergen
kom på hotellet. Malvin vart sett som butikkvakt og eg sprang til
naboen Håkon Furnes, kalla opp Dalsøyra og bad om prioritet
for min telefon til Bergen, og det fekk eg, men far var desverre ute. Ein
amputert melding vart lagt ned i resepsjonen med beskjed om at det hasta
med å få den overlevert. Ved midnatt kom Gestapo til hotellet
og avhøyra der tok til. Det gjekk bra - han hadde ikkje noko fellande
bevis på seg og dei trekkte seg tilbake førebels.
Salssjefen i oljekompaniet, Larsen, vart kontakta over
telefon straks dei var gått frå hotellet, og han sette sine
«disipler» på kontoret i «sving» midt på
natta. Når Gestapo kom på selskapets kontor klokka sju om morgonen
etter for ransaking, så var alle papira retta opp slik at ikkje noko
unormalt kunne bevisast. «Katt og mus» leiken på Furenes
hadde så langt lukkast.
Etter telefonsamtalen Gestapo hadde frå Furenes
til Statspolitiet i Bergen å dømme, så fekk eg inntrykk
av at dei betrakta meg (16) som lite oppvakt, noko eg ikkje hadde vondt
av å høyre nett då. Dette inntrykket heldt eg på
å øydelegge dagen etter då sjefen kom å sa at
han skulle ha utlevert 2 fat solarolje frå lageret. Det var restpartiet
etter sendinga til «Amafjord» og som denne båten ikkje
makta å ta med til havs. Det skulle vere plass til over tjue rømlingar
på «Arnafjord» også. Oljefata skulle han sjølvsagt
få men eg ville ha kvittering for utleveringa. Dei augene denne mannen
då sette i meg gløymer eg aldri, og eg skulle berre visst
kven den store mannen i den store frakken var. På kvitteringa noterte
han med navnet Johan Paulsen - men hans rette navn var Hilmar Johan Bjørgan.
Den verste av dei alle som hadde verva seg til teneste hos Gestapo i Bergen.
Som tidligare polititenestemann i Bergen, og nå
«nazifrelst» så var han godt rusta for «jobben»
i Gestapo. Det var Hilmar Johan Bjørgan som var hovedmannen bak
opprullinga i Telavåg i 1942. Han engasjerte seg på alle måtar
for å ta knekken på Englandsfarten som der hadde utvikla seg
på den tida. Som bokseljar, sportsmann og som ettersøkt av
Gestapo prøvde han å kome seg inn blant folket i grendene
der ute på Sotra. Han greidde det. Då agentane frå England
som låg på loftet til Laurits Telle fekk overraska besøk,
så var Bjørgan ein av dei mange frå Gestapo som var
på tunet. Dei norske agentane Hvaal og Værum prøvde
å skyte seg fri men det lukkast ikkje. Ein av Gestaposjefane frå
Veiten SS-Surmbannfuhrer Behrens vart drept der, og dette skapte ein kraftig
reaksjon frå Rikskommissér Terboven. Heile bygda Telavåg
skulle brennast, alle skulle arresterast. Og til skrekk og advarsel så
vart 18 fanger som sat inne for fluktforsøk o.l. henretta etter
opprullinga i Telavåg.
Som straff for det han fekk utført for Gestapo
under krigen fekk Hilmar Johan Bjørgan 18 års tvangsarbeid.
Kristian Stein (42) vart henretta i Tysk tukthus nær
Hamburg før jul 1942.
Markus Nese (70) eigar av «Arnafjord» vart
arrestert og teken med på Gestaposkøyta i oktober 1941. Han
vart sett fri året etter.
Ingvald Austgulen vart ikkje arrestert. Dei involverte
kom Gestapo i forkjøpet - og dermed var han redda. Frå Stein
organsiasjonen vart over tohundre personer arrestert - dei fleste sendt
i tyske konsentrasjonsleirer. Mange vart dømt til døden og
henretta i Tyskland. Sytti av dei som var i Tyskland kom ikkje heim etter
krigen.
M/B «Arnafjord» drog frå Hernar 27.
september 1941 med 20 personar, av dei fem kvinner, og kom til Lerwick
29. september. Desse personane var med:
Oskar Dale, Framfjord
Magnus Eikanger, Salhus
Elise Eriksen, Bergen
Jonas Fjellheim, Hernar
Sverre Fredheim, Sævareid
Ivar Grimstad, Bergen
Per Grimstad, Bergen
Petter Emil Hopen, Bergen
Løchen Steen Johannessen, Bergen
Herman Løland, Bergen
Einar Mundal, Fjærland
Kate Nilsen, Bergen
Otto Nordgren Bergen
L. Norman, Bergen
Rolf Nygaard, Bergen
Louis Pedersen, Bergen
Haakon Straume, Framfjord
Oskar Olsen Sulen, Sulen
Josef Sæbø, Bergen
Gerd Week, Bergen.
Siste reis for Kristian Stein-folk
Det var den 27. september 1941 at «Arnafjord»
stakk ut fra Hernar. Den hadde tidligere vært brukt som agentbåt
for kjente vestnorske firma og var derfor så fin og full av glass
at den lokale motstandskontakt på Hernar - Ole Olsen - fekk dekka
til «vinduene» så båten betre kunne tåle
sjøen. Den var på 48 fot og var utstyrt med ein 20 hk «Rubb».
Ferda var organisert av Kristian Stein-organisasjonen som hadde skaffa
båten i Ytre Sogn. Flyktningene som alle var fra Bergen drog med
rutebåt til Hernar. I alt var det 20 personer ombord, derav fem kvinner.
Overfarten var hard, og ei tid var det alvorlig fare for
at båten skulle bli broten ned, men 29. september kom «Arnafjord»
fram til sørspissen av Shetland. Den same 20-hesteren står
om bord i båten framleis. No er farkosten 75 år, men er seilbar
fremleis, sier den stolte båteigaren.
Lensmannen som ikkje ville lystre ....
Lensmann Jacob Eikenes pådreg seg vrede frå
Statspolitiet i Høyanger.
Straks det kom melding om at tyske marinebåtar hadde
overteke Bergen - men endå ikkje sett kursen nordover Vestlandskysten,
mobliserte lensmannen i Gulen vakter ute på nes og brygger i kommunen.
Til alle telefonkablar, over sund og fjordar fekk han tilført vaktmannskap
med våpen. Gevær henta dei i skyttarlag og hjå private
som hadde slike. Det vart knapt med våpen til alle vaktene rundt
om. Vaktene i Levresund måtte møte med haglgevær og
den eine, ein ungdom frå Kjelby måtte på låven
å hente ein høygaffel som erstatning. Der stod dei i nokre
dagar og netter klar til å gripe inn om nokon fiende kom for å
kutte kabelstrekket.
Telefonnettet var svært viktig å verne om
for å halde oppe kontakten nordover Vestlandet som endå ikkje
var hærteke.
Det varte ikkje lenge før dei tyske marinebåtane
kom sigande nordover og etablerte seg på dei plassane som var peika
ut. Rutledal var ein av desse, Sygnefest og Riseneset kom til seinare.
Ein god del tyskere samla seg i Rutledal og lensmannsetaten fekk straks
meir å gjere. Frå Byrknesøy drog etterkvart mange over
til Shetland, og det var lensmannen sin plikt å etterforske slik
røming. Det vart farlege situasjoner for dei som hadde hjelpt til
- og for slektningane til dei som reiste, ikkje minst. Lensmann Eikenes
var alltid våken for kva som var det beste for folket i kommunen,-og
han redda sikkert mange frå å bli arrestert i dei åra
han fekk vere lensmann under krigen. Tilslutt så ville ikkje Statspolitiet
ha han i stillinga lenger. Dei var ikkje nøgde med måten han
utførde ordrane på. Eikenes vart kalla til Høyanger
der dei tyske hadde hovedkontoret sitt.
Etter avhøyr der så vart han sendt til Bergen
for vidare gransking. Han fekk reise med rutebåten frå Høyanger
under kapteinens ansvar på reisa.
Kapteinen som han kjende frå før gav han
lov til ein kort visitt på land i Eivindvik, og der fekk han snakke
med nokre av sine kjende mens båten låg ved kaia. Dei brukte
den korte tida til å diskutere røming, - hadde ein plan som
dei trudde skulle føre fram. Det var at Eikenes skulle lure seg
over rekka ved Tunsberg i Ånnelandsundet der sundet er på det
smalaste, og så skulle dei ha ein båt der for å fiske
han opp. Dei kjende også til illegale grupper som kunne bringe han
vidare over til Shetland. Eikenes avslo - risikoen for dei som no involverte
seg talte han frå planen, og turen fortsette til Bergen. Der stod
Gestapo klar - «putta» han i bilen og vidare til Veiten. Det
vart fengsel, og det vart opphald i fleire konsentrasjonsleirer i Tyskland.
Mens han sat der i leirane, så angra han sikkert
på at han ikkje tok strabasane med opplegget «mann over bord»
i Ånnelandsundet. Han kom heim - fekk stillinga som lensmann i Gulen
etter fredsslutninga i mai 1945.
Askgruppa i Sandefjord
Johan Midttun frå Eivindvik i Gulen vart henretta
for illegalt arbeidt alt i desember 1941.
Midttun var ein av leiarane i Askgruppa og vart arrestert
av Gestapo 15 mars 1941. Ein større rassia kom i Sandefjord og Larvik-området
litt seinare i mai månad, og ved denne rassiaen vart det henta minst
25 personer. Dei gjekk til og med til middagsbordet i eit brullaup og plukka
dei mistenkte med seg. Askgruppa opererte på ymse felt, men det var
helst på radiofronten, rapporter til England og så hjelp til
flyktningar vestover til England og austover grensa til Sverige. Det vart
avsagt dødsdom over fleire av dei som var med i gruppa. Johan Midttun
som var i leiinga fekk alt sin dødsdom 13. september 1941 og den
vart fullbyrda 4. desember same året. Ein av dei fire som sat fengsla
på Akershus før denne datoen,fekk blindtarmbetennelse og vart
sendt opp på Ullevål sykehus. Dette var Skau Olsen og han greidde
å få overtalt ei sjukesøster til å skaffe seg
ein nøkkel og på den måten kom han seg ut av sjukehuset.
Ei tid i dekning,så bar det over grensa til Sverige og vidare til
England.
Han var til då den første med dødsdom
som hadde greidd å rømme. Han redda livet.
Johan Midttun fylte 50 år mens han sat i fengsel
på Akershus.
Midttun, Johan, ingeniør, Sandefjord. Født
10. juli 1891 i Gulen, s. av Otto J. Midttun, f. 1854 i Gulen, og Nikoline
f. Mølmesdal, f. i Lavik.
Gift 1917 i Bergen med Sophie Charlotte, f. 1891. Teknisk
skole, motorkurs. Dreiv spionasje- virksomhet og sendte opplysninger til
norske styrker i England. Blei arrestert 15. mars 1941 og skoten på
Akershus 4. desember s. å. Broren Hjørleiv omkom 1942.
Andre frå Gulen som vart fengsla og sendt til
konsentrasjonsleir i Tyskland
Anton Kjellevold
Harald Schelderup Kjellevold
Brørne Kjellevold hadde stilling i Bergen Politikammer.
Deltaking i illegalt arbeid innen politietaten var grunnen til at Gestapo
greip inn og straffa med lengre opphald i konsentrasjonsleir i Tyskland. |