Senkinga av lastebåten «Inger 6»
i Instefjord
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.09.2002
Lastebåtane som farta langs kysten brukte å
gøyma seg bort i trange fjordar som låg nær kysten,
når dei frykta angrep frå engelske fly eller ubåtar.
Instefjord i Brekke er ein slik fjord godt skjerma med fjell på begge
sider. I 1944 hadde to store lastebåtar tilhøyrande rederiet
Jacob Kjøde i Bergen ankra opp inne med stranda på vestsida
av Instefjord.
Båtane var i tysk teneste med tysk mannskap og under
tysk kommando.
Ein ettermiddag kom der plutseleg ein sverm på 25-30
engelske fly frå syd, gjekk ned mot båtane og fyrte laus. Åtaket
var vellykka, den eine båten «Inger 6» byrja å
brenne og folket ombord måtte flykte. Kor mange som miste livet av
dei tyske som var ombord veit ein ikkje, - men etter det som folket på
gardane registrerte så var det ein del. Blodete klær fann ein
oppe på stranda ei tid etter. Den andre lastebåten kom seg
unna for eigen maskin etter angrepet. Endå mens det brann ombord
i «Inger 6» var det to ungdomar frå Asheim som entra
båten.
Dei tok ein stor risk, men det gjekk godt. Mellom anna
hadde dei med seg heim ein del lysrakettar, og desse vart for moro skyld
sendt opp seinare om kveldane. Festninga ute på Nesje registrerte
dette, og dei sende innover dei mest hurtiggåande båtane dei
hadde. På den tida så opererte det norske styrkar oppe i fjella
(Bjørn West) noko som dei tyske no var kjend med, og hadde stor
frykt for.
Denne opplevinga med det store uventa flyåtaket
i
Brekke skaka opp folket. At åtaket var omfattande fekk dei bevis
for, - ved at dei seinare fann ein ueksplodert granat i ein åker
på Haugland. |