Innlevering av radioapparat
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 17.09.2002
Avleveringsplikt er uten hensyn til eiendomsforholdet,
den som besitter eller forføyer over apparatet. Medlemmer av Nasjonal
Samling er unntatt fra avleveringsplikten, men de må forplikte seg
til bare høre på den norske Rikskringkasting og de rikstyske
sendinger. Slik erklæring må avgis til det norske politi. Apparatene
må være pakket slik at de lett kan tas ut til kontroll ved
avlevering. Det skal nemlig kontrolleres at batterier, rør etc.
er tilstede.
Frå den velkjende tyske rikskommissér Terboven
kom det ordre om at alle radioapparat skulle leverast inn innan 1. august
1940. Lensmannen skulle ta imot, registrere og setje dei på eit godt
forsegla lager. Folk skulle levera dei inn sjølve og dei vart truga
med straff og bøter dersom dette ikkje vart gjort. Mange historier
kan forteljast i samband med innlevering av apparat, og om den fantasi
som vart henta fram for å sikre seg lytting frå England. Dei
som hadde to apparat, leverte gjerne inn det ringaste eller eldste, og
heldt fram med å bruka det andre. Ein tenkte ikkje over følgjene
ved å løysa problemet på denne måten, og det vart
mange, - så altfor mange - som vart hekta og fekk straff både
med fengselsopphald og det som verre var.
Ei spesiell historie frå Brekke må koma fram
om dette med innleveringa. Under bærbusker på Takle sette deg
seg - eit par karar, - gode naboar og vener, - og dei prata om det faktum
at dei no måtte levera inn radioapparata og ikkje skulle få
nyhende frå England. Desse karane var Ivar K. Botnen og Hans B. Takle.
Ivar hadde tenkt ut ein plan. Kolbjørn Hjartholm, Sigvald Oppedal
og skulemeistaren Nils Dale vart tekne med i planen.
Lensmannen i Lavik og Brekke, Johannes Instefjord, var
kjend som ein god nordmann, så dei rekna ikkje med å verte
møtt med sterke avhøyr hjå han. Men så til planen...
Dei som hadde radio i bygda skulle kome med sine apparat til oppsamlingsplassen
i skulehuset på Takle, og så skulle to av karane føre
dei med båt over Sognefjorden til Lavik. Ivar K. Botnen og Kolbjørn
Hjartholm tok oppdraget med fraktinga.
Denne turen over fjorden måtte passe inn med god
vestavind, slik at dei hadde fin bør. Det var vanleg på den
tid å nytte segl - påhengsmotoren var ikkje komen - og ein
såg helst at ein slapp å ro i vinden som kan vera sterk nettopp
i dette området. Ein høveleg dag vart bestemt, og dei håpa
på vestavinden. Dei som skulle segla oselvaren, lasta ombord kartongar
godt synleg i båten, og tok i veg. Berre dei involverte visste at
kartongane ikkje inneheldt radioapparat, men stein. Apparata vart igjen
på land godt sikra i tørt rom.
Den uttenkte kollseglinga skulle skje nærast nordsida
av Sognefjorden, utanfor Lavik. På eit avtalt tidspunkt skulle der
kome ein motorbåt for å ta opp dei to som skulle liggja på
båtkvelvet borte i fjorden. Sjølve kollseglinga gjekk etter
opskrifta med god hjelp frå karane ombord.
Kartongane for til «botnen». Sognefjorden
er spesielt djup der, så verken lensmann eller den tyske marinen
hadde noko som helst sjanse til å henta dei opp. Men redningsmannen
i motorbåten var ikkje å sjå, og det såg heller
mørkt ut der dei låg. Det utrulege hadde hendt, han som var
utpeika til å vere redningsmann hadde ikkje notert seg nøyaktig
dag og tidspunkt. Vel heimkomen frå ein annan båttur såg
han at oselvaren var vekk - og han vakna «til gagns». Det vart
full «skrue» på Sabben over fjorden til avtalt stad.
I mellomtida hadde ei kone på garden Hellebø høyrt
rop om hjelp, og oppdaga deretter at det var noko som flaut bort i fjorden.
Dei som sat på båtkvelvet vart redda av folk som kom frå
Hellebø før Nils Dale kom til med motorbåten.
Radioapparata som angiveleg var gått til «botnen»,
vart registrert som tapt hjå lensmann Instefjord. Folk var sjølvsagt
oppskaka over ulukka.
På Takle vart nokre apparat henta fram frå
gøymeplassen, og nyhende frå England fekk dei, men ikkje ut
frå kvar si eiga stove.
At ei slik hending, eit slikt utspekulert trekk kunne
haldast hemmeleg i alle dei åra frå 1940 til 1945, er eineståande.
Skulemeisteren Nils Dale vart likevel teken i samband med radiolytting
og anna illegalt arbeid. Han vart sett i einecelle på Ulven 21. juli
1943 og sat til 7. september same året. På Ulven vart Nils
Dale næraste vitne til at seks norske marinefolk og ein engelskmann
var ført ut til henretting 30. juli 1943. Desse tilhøyrde
ein norsk marinebåt som hadde søkt tilflukt i ei bortgøymd
vik på øya Ospa i Solund. Henrettinga av desse var eit av
dei verste brotsverk som vart utført av okkupasjonsmakta og Gestapo
i vest.
Etter freden i 1945 kom apparata tilbake til sine rette
eigarar, - og dei fekk heidersplassen der dei tidlegare hadde gjort nytte
for seg. |