Då krigen kom
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 17.09.2002
Mobiliseringsordren kom alt 9. april 1940. Ungdomar som
hadde gjennomført rekruttskule i Infanteriregimentet I.R.10 Sogn
og Fjordane og I.R.9 for Hordaland skulle møte snarast på
Voss. Der hadde dei norske militære framleis styringa.
Voss hadde i lange tider vore samlingsplass for militær
opplæring på Vestlandet. Rutebåten Kommandøren
var rekvirert for transporten innover til Gudvangen som var utpekt som
oppsamlingsplass.
Lokalbåtane Værøy og Nesøy
tok også del i denne transporten. Frå Solund gjekk det skøyter
direkte med dei ungdomane som skulle møte der i frå. Med mørklagde
båtar var det fare for kollisjon på veg innover Sognefjorden,
og dette hende desverre mellom to båtar frå Solund i Nærøyfjorden.
Dei høge fjella og den landskuggen dette skaper var årsak
til kollisjonen, der M/S Maiblomsten frå Bulandet sokk.
Å dra ut, bli kalla til militærteneste, og
alt vite kva dei tyske stod for med hensyn til krigsutstyr og framferd
mot dei som gjekk til forsvar, - var veldig tøft. Frå heimane
vart gutane følgde til brygga, og farvelsenene var sterke. Tung
stund for mor og far spesielt. Krig, - heilt ufatteleg, så ukjent
for folket i vårt land. Det var vanskeleg å styre sine kjensler.
Ville sonen kome heim att? Etter kvart vart det mange ombord i båtane,
og på kvar stoggestad innover fjorden kom det nye til. Stemninga
ombord var bra, - men etter som timane gjekk med lite søvn, og at
ein nærma seg målet, så vart dei fleste meir tagale.
Tyske fly var over dei, men dei gjekk ikkje til åtak.
Frå Gudvangen skulle dei bli førde til Voss
med bilar, men føret var slik at bilane ikkje kom seg opp Stalheimskleiva,
og dermed så måtte dei traske i veg til fods. Ein strid tørn
etter ei lang reise.
Frå Stalheim vart rekruttane førde vidare
i opne lastebilar fram til Bømoen på Voss. Mottakinga på
Voss var dårleg organisert. Utlevering av militære effektar
var utan skikkeleg styring, Militærfrakkar var der ikkje, heller
ikkje hjelmar var der att. Frakkar var svært viktige for å
halde kulda ute, og kulda fekk dei føle sterkt når dei kom
endå lenger aust til Valdres. På Voss var der heller ikkje
ordna med skikkeleg innkvartering, så dei måtte vandre fleire
kilometer til Giljarhus same dagen. Der vart det registrering og utdeling
av dødsmerke. Dagen etter var det vaktoppdrag på Voss. Dei
tyske flya var alt byrja å bli nærgåande, - og mange
av dei som hadde fått utlevert ammunisjon, sende geværkuler
mot dei. Dette stogga befalet straks, for å skyte med slike våpen
mot fly har ingen hensikt. Sjansen for treff er lik null...
Kamphandlingar var alt i gang i Valdres, og soldatane
måtte no gjere seg klar til avreise austover. Tog vart fylte og ferda
gjekk til Gol. Vegen over til Valdres var sperra av snømassar, så
det vart opne lastebilar igjen. Turen måtte gå nordover gjennom
Hemsedal og så vidare til Valdres.
På desse bilane sat dei samanstua og rista seg framover.
Utkvilde soldater til å sende fram til fronten var det så visst
ikkje. Men motiveringa og innsatsviljen mangla det ikkje på. Det
varte ikkje lenge før dei måtte fram og møte fienden.
Ole Midtun var ein av dei første, og han fortel om dette første
møtet. Hans lag gjekk i stilling ved eit elveleie, det var bitande
kulde. Gode frakkar hadde då gjort underverker der. Dei held stillinga
nokre timar, - men så måtte dei få avløysing for
frosten hadde teke så godt tak, at det var så vidt dei greidde
å gå.
Kompaniet der dei frå Ytre Sogn var med, fekk det
knallhardt i dagane som kom. Matmangel og frost, utan søvn opp til
80 timar mens kampane raste var ei hard påkjenning. Naudrasjonane
dei hadde fått utlevert måtte alt brukast etter nokre få
dagar, og det var langt frå etter oppskrifta.
Men nauda dreiv dei...
Eit godt befal skaper tillit, har veldig stor betydning
for soldatane i slike situasjoner som i Valdres. Kompanisjefen som hadde
kommandoen over soldatane frå Sogn, Rieber Mohn frå Bergen,
- var ein av dei beste. Han låg ved sida av soldatane mens dei kjempa,
og han let ingen i stikken.
Det vart harde treffningar. Gråbeinshølet
i Valdres vart det verste. Der fall mange, m.a. Konrad Byrknes frå
Byrknesøy, Edvin Færøy frå Losnegård og
Halvard Trædal frå Ikjefjord. Ein av legane på sjukestova
i N. Aurdal var Hallvard Natvik. Han hadde på det tidspunktet teke
i mot stillinga som distriktslege i Gulen, men måtte gjere sin teneste
i militære først. På sjukestova møtte han mange
frå Gulen, som han fekk helse på seinare i Gulen.
Dei norske kjempa innbitt, og dei fekk overtaket på
fienden. Dei tok mange tyske til fange. Transporten av desse fangane nedover
til Vestre Slidre var ei oppleving med sterke kjensler, av eit anna slag
enn å ligge ute i skogen å kjempe. Dei tyske hadde langt betre
kamputstyr, og handgranatane var det verste å møte. Handgranatane
kom gjennom lufta utan at ein hadde sjanse til å registrere kor ein
skulle sette inn motangrepet.
Det vart nifse opplevingar i kampane der dei møtte
fienden. Ein gong skulle nokre norske soldater forsere eit snødekt
myrlende, og det oppsto skotveksling mellom dei norske og tyske frå
kvar si sida av myra. Soldatane som kom i skotlinja la seg flat i snøen,
og mens dei låg der storma dei tyske over og det vart mange spark
både her og der av dei tyske støvlane. Ingen hefta seg med
dei som låg der, - vart kanskje oppfatta som falne...
Dei verste opplevingane var nok stormangrepa i bygningar
som dei tyske hadde okkupert, m.a. Bagnsbergene gård. Under angrepet
hadde dei norske sivile som var der lagt seg på golvet i eit kammers.
Ei snøfonn utanfor veggen redda nok livet til mange av desse, for
kulene vart sendt inn over snøfonna og gjekk dermed over dei som
låg skrekkslagne innanfor. Angrepet kosta to norske soldater livet.
Mange tyske soldater fall på Bagnsbergene gård.
Dei norske soldatane vart ekstra motivert når dei
såg at dei tyske styrkane tok unge og eldre og sende i forvegen ved
framrykninga oppe i dalen ved Bagn.
På andre frontavsnitt gjekk det ikkje så godt
for dei norske styrkane. Og så kom kapitulasjonen. Ordren om å
gje opp, la seg ta til fange. Ein del av dei norske soldatane kom seg unna,
- nordover til Sognefjorden og vidare heim på ymse vis. Fangeleiren
for dei norske var Hvalsmoen ved Hønefoss,- men først skulle
dei til Fagernes. Der vart dei plassert på Fagernes Hotell. Framleis
vart det for lite mat for dei fleste. Nokre soldatar hadde kome over ein
del svisker frå ein sønderknust bygning, og dei fylte i patronveskene
det dei kunne, men med så mykje svisker på ein tom mage gjekk
det ille. Dei vart heilt utslegne, og det vart sikkert lenge før
dei fekk lyst på svisker igjen.
På Hvalsmoen ved Hønefoss var det leveleg
med omsyn til maten og opphaldet elles. Ei oppleving der frå tek
vi med. Ein dag kom der to jenter bort til gjerdet å snakka til dei
som var innanfor. Etter litt prat kom det fram at deira familie kom frå
Fallebø, og her møtte dei fleire Gulingar frå plassane
nær Fallebø. Jentene følgde opp. Dei kom med mat, med
klede og elles det fangane frå Gulen hadde lyst på. Eit treff
- eit godt minne å ta med seg heim. På Hvalsmoen gjekk det
rykter om at dei norske soldatane (fangane) skulle sendast nedover til
Tyskland. Og medan dette ryktet varte så var det dei som stakk av.
Mange tok riskar med å bruke elva som rann forbi leiren. Det var
ein del tømmerstokkar som kom rekande den vegen og som vart brukt
som redningsplanke! nedover. Så kom eit nytt rykte om at sendinga
nedover til Tyskland var for befalet. Heller ikkje det var riktig.
Så vart alle dei norske, soldater og befal, sende
heimover. I flokkevis for dei heim til sine gardsbruk og fiskebåtar.
Kvardagen tok til igjen, men med tysk styre både sentralt og etter
kvart meir lokalt.
Etter mobiliseringsordre møtte desse frå
Gulen :
Konrad Byrknes, Gunnar Byrknes, Adolf Byrknes, Arthur
Byrknes, Arne Eilertsen Byrknes, Kristoffer Klungrehaug, Harry Bremnes,
Harald Kversøy, Paul Kråkenes, Søren Unneland, Peder
Sellevåg, Harald Fivelsdal, Hermann Merkesdal, Thoralf Merkesdal,
Bjarne Halsvik, Hans Steine, Jørgen Høyvik, Jon Eide, Anders
Høyvik, Harald Molde, Harald Schjelderup Kjellevold, Anton Kjellevold,
Elling Lund, Baard Dale, Erling Nese, Harald Tveit, Lars Svaberg, Ole Midtun,
Erling Korsvold, Bjarne Austgulen, Erling Austgulen, Alfred Austgulen,
Olav Austgulen. Hans H. Brosvik, Leif Riise, Hans Riise, Hans Mongstad,
Helge Strand, Asbjørn Nyhammer, Mons Losnegård, Ola Losnegård,
Edvin Færøy.
Etter mobiliseringsordre møtte desse frå
Brekke :
Med i kampane i Valdres :
Torkel Asheim, Ivar J. Botnen, Ivar Breidvik, Endre Engesæter,
Alv Haugland, Magnus Instefjord, Mons Instefjord, Torkel Instefjord, Henry
Johannesen, Jørgen Nestun, Ivar Sandvik, Gunnar Sætre, Johannes
M. Takle, Sverre J. Takle, Torkel Takle, Halvard Trædal, Henrik Tveit,
Hans Wergeland, Ivar H. Ynnesdal.
Desse fall i kampane i Valdres
Byrknes, Konrad Kristofferson, fiskar, Gulen, fødd
7. mai 1915 i Byrknesøy, son til Kristoffer Kolbeinsen, f. 1889
i Byrknesøy, og Ingeborg f. Martinusen, f. 1884 i Fedje. Gift på
Byrknesøy 1940 med Berly Ingvaldsdtr. Nordheim, f. 1917 i Gulen.
1 Barn. Fall som maskingeværskyttar under kampane i Bagn i Valdres
20. april 1940. Gravlagd ved Mjømna kyrkje.
Færøy, Edvin, gardsarbeidar, Gulen. Fødd
30. juli 1917 i Gulen. Son til Andreas Færøy og Johanne, f.
Juvik. Var gardsarbeidar og fiskar. Fall i kampane i Valdres 20. april
1940. Gravlagd på Rutle kyrkjegard i Gulen.
Trædal, Halvard Benjamin, gardsarbeidar, Brekke.
Fødd 14. april 1916 i Lavik, son til Johannes Torsteinson Trædal,
f. 1888 s. st., og Ingeborg f. Oppedal, f. 1890 s. st. Kveldsskule, husflidskurs.
Var med i krigen, og fall 26. april 1940 i Bagn i Valdres. Gravlagd på
Oppedal kyrkjegard. |