Rassia etter radioapparat på Glenja
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 22.05.2006
Konstanse Glenjen fekk besøk av Gestapo i Høyanger
for rassia etter radioapparat. Han som hadde anmeldt til dei tyske i Høyanger,
hadde sjøl høyrt stemmen frå London ved eit besøk
i heimen på Glenja. I Høyanger, der Gestapo hadde sitt hovudsete,
la dei dei straks plan om ein tur til Glenja for rassia og arrestasjon.
Gestaposkøyta kom til Eivindvik for å orientere
seg om vegen til Glenja, og på Sandals-kaia fanga byggmeister Søren
T. Lie opp dette. Han hoppa i motorbåten og sette full fart heim
for å melde frå i telefonen til Nils Glenjen. Dei jobba i same
faget og hadde hatt mange oppdrag saman tidlegare. Det var Konstanse Glenjen
som tok telefonen, og ho handla raskt og effektivt.
Radioen på loftet vart då lagt i ei kipe,
godt tildekka, og båren utover til Langevatnen og gøymt der.
Så kom den frykta båten innover fjorden og tok land ved bryggja
på Glenja. Konstanse, som var åleine heime, fekk no ein vanskeleg
situasjon å takle. Ho sende barna utover i marka, slik at dei ikkje
skulle kome til å røpe noko mens Gestapo var i huset. Husundersøkinga
tok til, dei for gjennom stover, loft, kammers og i skuffer og skap, men
noko radio fann dei ikkje. Dei pressa på, fram med radioen som dei
visste skulle vere i huset.
Ho måtte innrømme at dei hadde hatt radio,
men det var stesonen Alfred sin, og han var sendt til helseheimen etter
ein smittsom sjukdom som han hadde pådrege seg. Legen, som hadde
vore hos dei, hadde gjeve henne beskjed om at alt det Alfred hadde på
rommet sitt måtte brennast. Med smittsome sjukdomar så var
dette regelen her i landet.
Radioapparatet vart lagt på bålet saman med
alt det andre, sa Konstanse.
Dei ville sjå brannstaden, og ho tok dei med seg
til grua i kjellaren. Men der var inga aske - kor var den ?
Ho var klar over at aska etter ei slik forbrenning ville
vera beviset for dei, at ho ikkje snakka sant, og ho fekk fram den beste
forklaringa ein kunne tenkje seg... - Aska var kasta i utedoen.
Der stod dei - måtte berre godta forklaringa. Men
dei ville snakke med mannen hennar, Nils, og ville ha adressa der han arbeidde.
- Jau, han var på arbeid på ein plass som heitte Nordgulen,
sa ho.
- Er ikkje det ein plass oppe i Sunnfjord, spurde dei,
- og ho nikka til det.
Såleis fekk ikkje Nils besøk den dagen, og
Konstanse kunne informere han om det som hadde hendt, og kva forklaring
ho hadde gjeve. Radioapparatet fekk bli verande i hytta ved Langevatnet
resten av krigen. |