Russiske fangar rømer frå den russiske
fangeleiren i Matre
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 08.09.2002
Den tyske forlegninga i Matre hadde også sin fangeleir
for russiske fangar. Fangane vart sett til mykje tungt arbeid på
anlegga i Matre, og dei hadde det svært dårleg med mat og klede.
Mange svært unge fangar ville så gjerne kome seg vekk frå
denne fangeleiren og opphaldet i Matre, og ein dag dei var utanfor gjerdet
stakk dei av - og sprang til fjells så fort dei kunne.
Dei var tre stykker i lag, og dei tok seg innover Matredalen
og opp til garden Fosse. Der vart to av dei innhenta av tyskarane. Den
tredje låg i ei ur i tre dagar, så kom han seg over fjella
til Hope og inn i eit hus der midt på natta. Han snakka så
vidt med kona, men då ho henta mannen sin vart han redd og stakk
av utover til Solheim. På Solheim fekk han igjen kontakt med folk
og dei gav han mat og han fekk kvile seg litt der.
Frå Solheim gjekk turen vidare til Eikemo der brørne
Magnus og Arne tok seg av han. Dei fylgde han opp på sætra,
og bar opp mat til han i eit par veker, men så var han rømt.
Den unge russaren dukka så opp på Asheim i Brekke. Bendik Asheim
tok han inn i heimen, gav han mat og noko klede, og dei gøymde han
bort ei heil veke. Han fekk ligge i ei uteløe og mat til han la
dei ut på ein avtalt plass.
Frå Asheim tok han seg så vidare innover til
Oppedal, der Kåre Oppedal kom over han i naustet sitt. Der fekk han
også kome inn i heimen og få mat, og han fekk meir klede og
nye støvlar.
Ut på kvelden og natta rodde dei fangen vidare innover
til Massnes der Birgje Instefjord overtok. Dei tok godt imot han, vart
stelt om på alle måtar. Massnes hadde ikkje vegsamband og garden
låg nokså einsamt inne med fjorden, - men likevel, ettersøkninga
frå dei tyske i Matre pågjekk framleis. Sætrar i Masfjorden
og alle tenkjelege plassar vart granska, men den russiske fangen var borte.
Til Massnes kom dei heldigvis ikkje på leiting, og russaren fekk
vere der i heile fire månader. Det var vondt å leve med det
presset å ha ein slik fange så lenge, og Birgje visste vel
om at vart det kjent og han vart arrestert, så måtte han rekne
med dødsdom.
På Massnes lærte dei seg litt russisk og fangen
lærte seg litt norsk, så på den måten gjekk det
bra. Litt arbeid på garden og i skogen fekk fangen vere med på,
- men det var slett ikkje enkelt, for der kom folk forbi frå gardane
langs fjorden og ein kunne aldri vite. Familien Instefjord på Massnes
gjekk stadig i spenning for kva utfall dette ville få, og etter fire
månader vart dei enige med fangen om at dei skulle skysse han langt
innover i Sognefjorden - og at han derfrå skulle prøve å
ta seg over fjella inn til Sverige. Det hadde vore lettare å fått
han utover til Solund og der frå vidare med ein av båtane som
kom frå Shetland i illegalt oppdrag. Men fangen ville ikkje til England
- berre austover til Sverige og heim til Russland.
Birgje Instefjord gjorde så klar båten sin
og så drog dei innover, rodde og segla, segla og rodde. På
Slinde vart han sett i land, og sidan har ingen høyrt noko frå
han. Instefjord prøvde mykje etter krigen å få greie
på korleis det gjekk med denne unge russaren, men ingen visste noko
om han, og ein høyrde aldri noko frå Russland, heimlandet
hans heller. Det var ein avtale at han skulle skrive til familien Instefjord
på Massnes. Seinare har det kome fram opplysninger om at kom seg
heimatt til byen i Russland der han vaks opp. Om han framleis er i live
veit ein ikkje endå, med det er arbeid i gong med å finne ut
av det.
Navnet til den russiske fangen var Ninkolsi Yvanovkytsj.
Han var fødd i 1922 og var 21 år mens han budde på Massnes.
Hadde vore førar av stridsvogn på Austfronten, men når
stridsvogna vart ramma svimte han av. Då han vakna til igjen var
han bak fiendens linjer, og vart deira fange. Som fange vart han send til
Norge - til Matre i Masfjorden.
Dei to andre som vart teken til fange på Fossen
mista livet seinare . og ligg gravlagd på Solheim kyrkjegard i Masfjorden. |