Festningsanlegg i Rutledal
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 04.09.2002
Den største av dei tyske forlegningane, kom i Rutledal.
Alt 10. mai 1940 kom tyske marinefarty nordover og svinga inn på
Rutledalsvika. Der la dei seg til. Håkon Søreide hadde alt
vore med på ymse frakteoppdrag etter at krigen braut ut, og han kjende
alt til fiendens metoder, og undra seg på kva som no ville skje.
Han tok begge minstebarna på ryggen, fekk med seg kona og drog til
fjells, til Øynastølen. Men dei var alt oppdaga gjennom gode
kikkerter på båtane.
Tyske marinegastar sette etter dei mot sæterbua
med gevær påsett bajonettar. Det var ikkje nett slike sæterturar
familien var van med. No bar det heim igjen med det same, men det vart
ikkje noko meir «styr" etter heimkomsten. Dei tyske kystmilitære
hadde valgt ut Rutledal til festningsområde, til forsvar av den strategisk
viktige Sognefjorden.
Torpedobatteri vart snart oppført, først
noko provisorisk men etterkvart nokså permanent - det fekk ein merke.
På stranda mellom Rutledal og Breidvik «spratt» det opp
kanonstillingar, bunkere, tunnellar og brakker tett i tett i skogen. Det
vart eit festningsanlegg av stort «kaliber» slik at Sognefjorden
kunne sikrast i alle retningar. Kaianlegg og vegar kom det også,
og brakker til dei tyske mannskapa kom det opp både i Rutledal og
oppe i dalen der vegen går over til Nordgulen og Haveland. Privathus
vart rekvirert til bustad, skulehuset til administrative formål.
Overalt var det tyskere. Hundrevis av norske arbeidarar
kom og fekk seg arbeid og det seiest at dei tente godt. Dei fleste av desse
var pendlarar som reiste heim i helgane. Entreprenørar kom, fekk
kontrakter og sette arbeid igang.
Både dei og mange av arbeidarane hadde lite kompetanse,
men det såg ut som at det ikkje var så nøye. Berre betongblandinga
var god nok til å stå imot granatane som kunne kome frå
fjorden så var det ikkje så nøye med utsjånaden.
Fylkesbåtane sin rutebåt «Gudvangen» vart brukt
som losjiskip. Rutledal var i denne tida eit bombemål, men heldigvis
så kom det ikkje åtak verken frå lufta eller sjøen.
Eit tysk sjøfly som hadde vore i kamp lenger ute i Sognefjorden
styrta i sjøen nær holmane vest av Rutledal. Flygaren hoppa
ut i fallskjerm og vart teken opp av båtfolk som nett då låg
og lossa ved bryggja i Rutledal.
Flyet var eit Focker Wolfe 190 og vart liggande der på
botnen i over tjue år. Dei militære mannskapa som var i Rutledal
var for det meste voksne menn, noko som lokalbefolkninga synes var bra.
Dei var kjende for å fare meir folkeleg fram der dei var. Nokre episoder
kom det nok til, - det var helst mellom arbeidarane på anlegga og
tyskarar som blanda seg inn i arbeidsoppdrag o.l. Mange av dei tyske soldatane
ville gjerne ha kontakt med bygdefolket, men det var ikkje så enkelt.
Likevel - der var ein tysker som greidde det. Han lærde seg norsk,
vanka på kaia og i butikken, og det varte ikkje lenge før
han var komen i god kontakt med mange.
Navnet på denne oberwachtmeister var Maximillian
Leopold Kautz 26 år. Hans overordna merka seg denne utviklinga -
og fekk sendt han frå Rutledal til festningsanlegget på Fure
i Sunnfjord. Der var det ikkje så tett befolka - og for han eit nytt
område. Men han greidde seg - tok heile «kaka» der oppe
i Sunnfjord då han fann seg ei jente der.
Etter ei tid stakk han av med dama (24.2.43) og dei sette
kursen mot Sverige. Dei fekk hjelp av mange nordmenn på ferda. Etter
ei tid var dei komen til grensa og avhøyra der tok til. På
grensestasjonen var politikonstabel Ivar Marås frå Bergen og
hans jobb var å granske alle som kom over.
Dei ville sjølvsagt ikkje ha spionar inn over seg.
Hr. Kautz hadde forberedt si historie godt. Han oppga falskt norsk navn,
- Harald og Helene Solberg, - var jøde og hadde jobba ei tid i Wien
i Østerrike, men hadde dei seinare åra vore busett i Bergen.
Han hadde hatt hyre med ein fraktebåt frå Gulen, eigd av ein
med navnet Stevnebø, og fraktinga var fisk og sildeprodukter. Så
vart han lastebileigar i Bergen, men tyskarane rekvirerte lastebilen og
sende både han og bilen til anlegget i Rutledal. Historia til Solberg
var ikkje mogleg å sjekke på grensestasjonen, - mistanken var
stor men dei fikk dra vidare. Seinare veit vi at dei skifte navn fleire
gonger under opphaldet i Sverige.
Etter røminga frå Korssund (Fure) dukka det
opp mange spekulasjoner, for båten «Brenning» som hadde
skyssa dei innover i Førdefjorden kom ikkje tilbake. Folk rekna
med at brørne Arthur og Einar Brendsdal hadde drege over Nordsjøen
med det same, - for dei rekna vel med å bli arrestert etter å
ha skyssa ein tysk dessertør. Det kom ingen frå Shetland etter
krigen, - men båten «Brenning» vart funnen minst tjue
år etter på botnen inne i Førdefjorden. Enda (1994)
har ein ikkje svaret på kor det vart av desse ungdomane med båten
«Brenning». Dei to i Sverige vart funnen under endå eit
nytt navn, - men dei var ikkje viljuge til å fortelje. Foreldingsfristen
30 år for straffbare handlingar var no henta inn. |