Senkinga av båten «Blåveis»
ved Kidøy
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.09.2002
«Blåveis» var ein båt på
storleik med ein rutebåt. Den gjekk i tysk teneste, det vart snakka
om at den frakta pengar som tyskarane skulle bruke på sine anlegg
i Sogn og Fjordane. Folk i området kjente godt til «Blåveis»,
den hadde si faste rute i leia gjennom Gulen, og brukte svært ofte
Nyhamar som liggeplass.
Ein dag var «Blåveis» på veg gjennom
Kippersundet ved Kidøy, då det plutseleg kom 15-20 engelske
fly vestfrå, som gjekk til angrep på båten. I skulehuset
på Hjartås (Hisarøy) sat ungane og arbeidde då
dei fekk høyra kraftig flydur og skyting sydfrå. Den svært
ansvarsmedvitne lærarinna. Marie Losnedal kommanderte alle ungane
ned i kjellaren, som ho hadde gjort ved liknande høve. Gutane var
ikkje særleg villige til å gå under jorda, dei stakk
i staden opp i haugane for å sjå kva som hende. Frå orkesterplass
fekk dei sjå heile angrepet. «Blåveis» vart skada,
la seg snart over og seig opp i fjæra på sørvestsida,
litt ut frå det trangaste punktet i sundet.
Melvin Lid og faren Joachim kom roande frå Skjerjehamn
på veg heim til Lid då angrepet kom. Dei måtte ta årane
fatt og kome seg til land, og la seg der under ein hammar som skjerma godt.
Dei såg likevel godt kva som hende, og følgde flya når
dei kom ned i angrepsposisjon og fyrte av mot «Blåveis».
Melvin og faren gjorde nok det rette, for etter angrepet var over, vart
det funne ein ueksplodert granat heilt nord på bøen til Johan
Stevnebø, langt unna Kippersundet. Ombord i «Blåveis»
var det mange tyskarar, og etterkvart kom dei seg i land på ein holme
og sat der og venta på hjelp. Det kom båtar til, bl.a. med
lege for å ta seg av dei som var såra. Det er ikkje kjent kor
mange som miste livet. «Blåveis» vart liggande på
botnen, men etter ei tid vart den heva og sett i teneste på kysten
igjen. |