Småhistorier
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 16.09.2002
Bombeslepp utan mål
I dei første krigsdagane i april 1940 var folk
i Eidsfjorden like sjokkerte som andre stader over det som no hende. Flya
kom nærare og nærare for kvar dag. Men ein dag kom det fleire
fly nordover frå Bergen, og det var ikkje fly av same nasjonalitet
- slik dei oppførde seg i lufta. Truleg var det eit engelsk fly
som hadde oppdrag å senke eit tysk skip ved Bergen, og no hadde fått
dei tyske jagarane etter seg.
Det engelske flyet var tungt lasta, såg det ut for,
og best det var så dala det ned tønneforma gjenstandar i lufta.
Så small det på Glenjestranda utanfor gardane - eit drønn
av sterkaste slag. Flyet for vidare vestover og kom seg unna. Det brann
ei stund rundt krateret der bombene hadde falle, men heldigvis så
var det utanfor heimane på Glenja. Eit par sekund seinare med bombesleppet
hadde nok skapt ein annan situasjon den dagen.
Rassia etter radioapparat på Glenja
Konstanse Glenjen, kona til Nils, fekk ein rassia av verste
slaget. Den som hadde meldt frå om dette hadde sjølv høyrt
stemma frå London frå loftet til Konstanse, kom det fram. I
Høyanger der Gestapo hadde sitt hovedkvarter for Ytre Sogn planla
dei tur til Glenja for rassia. Men i Eivindvik hadde ein i den kommunale
leiinga fanga opp dette, og fekk ein av sine kjende til å ta telefon
til Glenja og sei frå kva som venta dei.
Radioen på loftet vart då lagt i ei kipe,
godt tildekka, og båren utover til Langevatnet og gøymt der.
Så kom den frykta båten innover fjorden og tok land ved bryggja
på Glenja. Konstanse, som var åleine heime, fekk no ein vanskeleg
situasjon å takle. Ho sende barna utover i marka, slik at dei ikkje
skulle kome til å røpe noko mens Gestapo var i huset. Husundersøkinga
tok til, dei for gjennom stover, loft, kammers og i skuffer og skap, men
noko radio fann dei ikkje. Dei pressa på, fram med radioen som dei
visste skulle vere i huset.
Ho måtte innrømme at dei hadde hatt radio,
men det var stesonen Alfred sin, og han var sendt til helseheim etter ein
smittsom sjukdom som han hadde pådrege seg. Legen som hadde vore
hos dei hadde gjeve henne beskjed om at alt det Alfred hadde på rommet
sitt måtte brennast.
Med smittsome sjukdomar så var dette regelen her
i landet. Radioapparatet var lagt på bålet saman med alt det
andre, sa Konstanse. Dei ville sjå brannstaden, og ho tok dei med
seg til grua i kjellaren. Men der var inga aske - kor var den? Ho var klar
over at aska etter ei slik forbrenning ville vera beviset for dei, at ho
ikkje snakka sant, og ho fekk fram den beste forklaringa ein kunne tenke
seg... Aska var kasta i utedo. Der stod dei - måtte berre godta forklaringa.
Men dei ville snakka med mannen hennar, Nils, og ville ha adressa der han
arbeidde. Jau, han var på arbeid på ein plass som heitte Nordgulen,
sa ho. Var ikkje det ein plass oppe i Sunnfjord, spurde dei, og ho nikka
til det. Såleis fekk ikkje Nils besøk den dagen, og Konstanse
kunne informere han om det som hadde hendt, og kva forklaring ho hadde
gjeve. Radioapparatet fekk bli verande ute i hytta ved Langevatnet resten
av krigen...
På fjellgardane Wergeland og Ynnesdal var dei «priviligerte»
med å få høyre nyhende frå London.
Lensmann Instefjord hadde funne det praktisk og tilfredsstillande
etter hans syn, å lagre dei indregne radioane der oppe på loftet
i skulehuset.
Han stengde av - tok nøkkelen med seg til Lavik.
Det varte ikkje lenge før «kallane» hadde ordna seg
med reservenøkkel og med den låse seg inn når dei fann
det for godt å lytte på stemma frå London.
Alt gjekk bra - ingen kontroll, og rundt om i heimane
var dei til ein kvar tid oppdaterte med det som hende ute i den store verda.
Men så hende det noko som sette ein støkk i dei, - for der
forsvant eit apparat og eit av dei beste apparatet var det også.
Dei såg på kvarandre og lura på kven det var som hadde
vore så frekk, og etter ei stund la dei vegen vestover fjella og
fann fram til ein som dei kunne tenkja seg å gjera noko slikt. Dei
viste musklane sine, og ganske riktig, dei kom til rette personen. Apparatet
vart sett på plass i skulehusloftet igjen og smuglyttinga kunne ta
til som før.
Sprenggranat tenkt til ubåt - hamna i tønnestabelen
på fabrikken i Dingja
Den tyske vaktbåten som trafikkerte i Ytre Sognefjorden
hadde base i Dingja. Der låg lagra drivstoff til skipet og andre
forbruksvarer for mannskap og båt. Den gode vannforsyninga i Dingja
var og av den største verdi for vaktbåtane. Ein dag den tyske
vaktbåten låg ved den rekvirerte bryggja der, skulle dei ha
skyteøvelse med kanona som stod på bakken forut. Eit eller
anna vart ikkje gjort etter bruksanvisninga, og plutseleg så small
det, og granatane susa med eit brak gjennom veggen i tønnefabrikken
rett framanfor vaktbåten. I denne etasjen hadde Strand lageret av
ferdige tønner oppstabla, og det meste av dei vart smadra «sønder
og sammen» og taket i bygget fekk og ein fæl medfart. At tønnelageret
var fullt nett då redda sikkert arbeidarane som held til i den indre
hallen i fabrikken. Peder Strand hadde hellet med seg, for nett før
hadde han vore ute på kaien der granatane kom.
Taket vart reparert men skothola gjennom vestveggen vart ståande
til mange år etter krigen.
Farleg farvatn i Ytre Sognefjorden
Førar av rute og fraktbåtane frykta farvatnet
i Ytre Sognefjorden, for svært ofte så var dei engelske marinebåtane
inne her og gjorde åtak. Frå boka til los Mathias Bendiksen
er henta fram ei historie om dette.
En kveld i skumringen kom vi fra Bergen og nordover til
Dingenes. Dette var straks etter at «Gula» hadde fått
den stygge medfarten og blitt skamskutt av allierte fly, som også
medførte tap av menneskeliv. I det vi skulle bøye for Dingeneset,
hørte vi duren av fly og svær skyting fra de tyske befestninger
på Sygnefest. Med «Gula» i friskt minne fant vi ut at
vi for øyeblikket ikke hadde noen særlig interesse av å
gå over Sognesjøen, men ga i stedet hardt babord ror, svingte
rundt og lurte oss inn på Dingevågen. Vi ropte gjennom talerøret
til maskinen at de måtte stenge spjeldet i skorsteinen så der
ikke kom røk ut som kunne røpe oss, og satte dem forøvrig
inn i situasjonen. Været var heldigvis stille så vi slapp å
ankre inne på Dingevågen, og der lå vi ganske bra gjemt
mens skytingen og levenet stod på. Da dette etter ca. en halv times
tid stilnet og flyene forsvant vestover, kom vi ruslende ut igjen og fortsatte.
Dei venta forgjeves....
Ludvik Furnes var ein mann med idéar og tiltakslyst.
Så når det kom to bergensere til Furenes under krigen og desse
skulle starte opp med leiketøyproduksjon på bua hans, så
rekna ein med at slik vart det.
Dei skulle produsere trebilar, hestar, båtar, snurrebassar
og mykje meir vart det sagt. På bua hadde han sagbruk der tømmer
kom inn rett ofte, og i fjæra var der båtbyggeri. Mange arbeidsfolk
vanka rundt nede på bryggene, og desse to frå Bergen blanda
seg med dei så godt dei kunne.
Ungane på garden og rundt om i Brandangersundet
gledde seg til denne produksjonen, som no ville kome på Furenes.
Frå før hadde vi treskofabrikken i Sellevåg, men dette
med leiketøy var mykje grommare. Gutane rekna med at her kunne det
bli ekstrakroner å hente, med maling og liknande på det som
vart laga. Men dei maskinene som skulle brukast kom ikkje - veke etter
veke venta dei på desse maskinene. Og utan dei kunne ikkje produksjonen
take til. Det vart spikra ein del sildekassar på sagbruket i ventetida,
slik at vi som stod utanfor ikkje skulle ane «ugler i mosen».
Vi fekk forklaringa etter ei tid, og den var at desse to framandkarane
var ettersøkte av Gestapo, og den uredde Ludvik Furnes hadde like
godt teke dei med seg frå Bergen om bord i kutteren på veg
heim. Men stor var skuffelsen blant den yngre garde i Brandangersundet,
for at «leiketøy fabrikken» ikkje kom i gang. |