Fraktebåten «Steinar» minesprengt
i Sognefjorden
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.09.2002
Det aller siste forliset på kysten som offisielle
oppgåver har registrert innenfor krigens tidsramme, skjedde ei veke
etter at Tyskland hadde kapitulert i Norge. Det var fraktefartøyet
"Steinar" frå Arnafjord i Sogn, eigar Markus Nese, som vart minesprengd
ved Sandeskallen nordaust for Sygnefest.
Båten kom med åtte hundre tønner eplemos
og åtti mål ved til forsyningsnemda i Bergen. Det var ikkje
kjent at tyskarane hadde lagt ut miner eit par dagar før dei trakk
seg ut frå Rutledal og Riseneset. "Steinar" hadde tretten personer
ombord og datoen var 13. mai 1945. Eksplosjonen var så voldsom at
ein kvinneleg passasjer vart slengd frå dekket og eit halvt hundre
meter bortover sjøen. Forskipet vart smadra og matros Helge Skjerven
mista livet.
Mange dager etter forliset låg der tønner
eplemos og ved spredd utover i fjorden mellom Sygnefest og Rutletangane. |