Våpenlast til Solund - gulingar vert arrestert
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 17.09.2002
Våren 1942 kom den første store våpenlasta
inn til norskekysten. Denne gongen vart Utvær i Solund valgt ut for
strandhogg. Begla, ved Husøy, er den vestlegaste ubebygde øya
langs kysten og vart difor ansett som ideell for landgang. Det var ikkje
mange dagane i året det kom båtar til land her.
M/K «Harald I», opphaveleg frå Nordland,
med Petter Salen ombord som skipper og sjef, hadde fått i oppdrag
å frakte våpenlasta fra Shetland til Solund. Det var også
ein guling ombord, Paul Kråkenes frå Koksøy i Gulen.
Han var med i Lingekompaniet og han var kjend i traktene. Kråkenes
var medlem i Linge sin spesialtropp og hadde gjennomgått ei hard
militær skolering i Skottland.
No var Paul Kråkenes på heimlege trakter.
Han såg rett heim til Koksøy, på sørsida av Sognefjorden.
Paul kjende til folka på Husøy, og fekk den eine av sønene
til handelsmannen, til å skyssa seg innover mot Koksøy. Dei
skulle sjå etter om det kanskje kunne finnast ein betre landingsplass
for lagringa der, i eit rolegare farvatn enn ute ved øya i havgapet.
Han ville samstundes sjå heimom til foreldra og syskena slik at dei
kunne få sjå at han framleis var i live. Det var fare for at
han kunne bli teken om han drog heimom, men han ville sjå heimstaden
når han no var så nær.
Denne korte turen heime, kom ofte fram i minnet, i dei
åra han måtte vere med i Nordsjøfarten, fram til 1945.
I alt vart det 48 turar frå Shetland til Norge, både med skøyter
og ubåtjagarar. Dei fleste turane vart gjort med ubåtjagaren
«Hessa». Paul Kråkenes var den som var med på flest
turar, nest etter Shetlands-Larsen som hadde 50 turar.
Farleg våpenfrakt
Då han var på Koksøy, fekk han med
seg dei to brørne sine, Georg og Johan. Dei skulle vere med på
lossinga på Begla. Karane vart med og lossa alt av våpen og
ammunisjon på land, la det i ei steinrøys innerst i vågen
på Begla og dekka det godt til. Sjølv om lageret var godt
gøymt, gjekk det ikkje lenge før dei involverte oppdaga at
det hadde vore ubedne gjester under berghammaren. Fleire containere var
dregne fram i lyse dagen, men det var berre å dekke alt til igjen.
I Sunnhordland opererte det og ei gruppe innanfor illegalt
arbeid, og dei to fremste her var Christian Tønseth og Gustav Merkesdal
(familienavn frå Fivelsdal). Dei vart begge tekne på Grønstøl
ved Sunde i Sunnhordland. Men på veg til Gestaposkøyta skaut
Tønseth seg fri og greidde å røme. Først tok
han til fjells, så etterpå i robåt utover til Bømlo
og derfrå vestover til Shetland.
Men Merkesdal vart arrestert. Han vart utsett for harde
forhøyr, med tortur og slag, som gjorde at han etter nokre dagar,
måtte tilstå at han kjende til lageret på Begla i Solund.
Fienden hadde alt registrert dette og visste at desse to var med i planlegginga
av denne operasjonen.
Navnet på kontaktmannen som kom fram under avhøyra,
var falskt. Då Gestapo kom til Husøy, fann dei ikkje nokon
Johannes Begla. Istadenfor vart dei to sønene til handelsmannen
på Husøy, Harald og Peter Henriksen arresterte, sidan lageret
låg på deira eigedom. Etter eit kort forhøyr vart Harald
og Peter førde ombord i torpedobåten som gjekk til Bergen
og dei vart levert til Gestapo i Veiten. Under avhøyra her, tok
dei skulda på seg, deretter vart dei overførde til fangeleiren
på Espeland. Etter eit opphald her vart dei sende til fangeleirar
i Tyskland.
Arrestasjoner på Koksøy
Johan hadde saman med kona Tilla og sonen deira, Gjert,
vore i Eivindvik denne dagen. Der hadde dei henta ei ku som skulle tilførast
buskapen deira på Koksøy. Dei vanlege syslane - som å
vyrdsla om gard og grunn, leve så normalt som mogeleg var nødvendig
i desse tunge tidene. Då dei denne dagen kom frå Eivindvik
og runda neset inn mot Løvika heime såg dei ein grå
farkost ligge innmed land. Det hogg til i bringa til Johan ved dette synet.
Han visste om Gestaposkøyta som gjorde folket langs kysten utrygg
når den for slik på toktene sine. Johan visste med ein gong
at no var det han og hans folk som hadde fått uvelkomne gjester.
«No er dei komne» sa han - og tankane gjekk attende til natta
på forsommaren ute i Solund då dei lossa våpenlasta der.
Våpenlageret var oppdaga av tyskarane, og der ute var folk henta
og arrestert.
Johan og broren Georg hadde vore svært urolege i
nokre veker, og hadde vel så smått venta på det som nå
var i ferd med å skje. Komne til lands ser dei at dei grønkledde
er på plass i tuna. Tyske soldater og sivilkledde gestapister har
gjort sitt inntok i heimane deira. Broren Georg var ute på bøen
og arbeidde då «gjestane» kom. Han var nokså tunghøyrd
og held framleis på med sitt då dei snakka til han. Eit slag
over nakken og brølet «hands up» så forstod han
alvoret til gagns. Det vart hans første møte med «herrefolket»,
som han seinare skulle få erfare meinte alvor når dei brølte
kommandorop.
Brørne Johan, Georg og Hilmar vart no tekne ombord,
og under dekk for avhøyr. Oppe i husa var plassert tyske vakter.
I stova til Tilla og sonen på 10 år sat ein soldat med stengun
heile tida medan avhøyret av mannen og brørne hans gjekk
føre seg ombord i Gestaposkøyta. Også hos foreldra
til gutane sat dei vakt.
Avhøyret ombord i Gestaposkøyta i Løvika
på Koksøy vart ein svær prøvelse for Johan, Georg
og Hilmar. Her vart ingenting uprøvd av truslar for å få
desse til å tilstå ulydighet mot «herrefolket».
Med pistolar mot brystet, truslar som om å verta skotne om dei ikkje
tilsto fekk desse tre verkeleg sett sin lojalitet mot landet vårt
og sitt mot på prøve.
Utanfrå tunet høyrde ein brått smell
frå skytevåpen. Vakta inne i huset sprang ut i ein fart med
våpenet sitt klart til bruk. Han trudde det var motaksjon frå
dei arresterte sine medhjelparar, men så var det berre ein tysk soldat
som hadde fått så inderleg lyst til å skyte sjøfugl.
Det var rikeleg av dei nede på vågen. Den «leiken»
vart snart stoppa.
Etter ein stund kom dei som var ombord opp på dekk
- og her vart det no gjort klart til avgang, med fangane ombord. I tunet
stod Tilla, sonen Gjert og foreldra att - heilt slegne av skrekk. Mens
båten vert klargjort for avgang er det Johan får sagt til overmakta:
Bror min Hilmar er sjuk.
Han har tuberkolose. Han må bli igjen heime. Johan
lukkast med dette trekket, og Hilmar fekk hoppe på land i siste liten.
Han slapp såleis unna fengselsopphald og deportasjon - og kanskje
det som verre var. Den tyske militærmakta frykta tuberkolosen. I
ettertid har ein fått vite at den frykta hjelpte fleire nordmenn
som vart arresterte. No gjekk turen til Bergen til Gestapohuset i Veiten
for nye avhøyr. Alle visste - etter kunngjeringar i avisene at kontakt
med, eller hjelp til «fienden» var det berre ein utgang på.
Dødsstraff. Frå Veiten bar det til Bergen Kretsfengsel, og
etter nokre veker der vart dei overførde til Ulven fangeleir. Der
fekk fangane vere ute på ymse arbeid.
Brørne frå Koksøy var fiskarar som
kunne meir enn sitt Fadervår. Dei kunne bøte garn og nøter,
blandt anna. Leirsjefen på Ulven dreiv å fiska med garn i Ulvenvatnet
- hadde bruk for folk som kunne reparere vegna hans. Oppdraget med garna
til leirsjefen var bra for Johan og Georg, for då slapp dei unna
langt meir utriveleg arbeid som var pålagt fangane. Eit og anna ekstraholet
vart nok laga i leirsjefen sine garn no og då, - og bøtinga
vart ikkje alltid utført så perfekt som elles. Heller ikkje
var notbøtarane så sers nøye med kva sort - eller kor
sterk tråd dei nytta i arbeidet.
Opphaldet på Ulven tok brått slutt. For Johan
og Georg vart det no Espeland fangeleir. Då dei var på Espeland
freista kona til Johan, Tilla, og sonen Gjert å kome innafor porten
der for å få helse på mann og far, og svoger og onkel
Georg. Men det vart avslag. Dei fekk lov å levere frå seg ein
pakke som helsing heimanfrå. Fangane frå Koksøy var
opptekne med potetskrelling i kjellaren då Tilla og Gjert kom, og
då fekk dei ikkje skulke unna arbeidet for å møte sine
kjære. Vaktsoldaten som tok imot Tilla og sonen, og som fekk avslaget
frå kommandanten vart nok også skuffa på deira vegne.
Han riste oppgitt på hovudet og beklaga - og viste med det medkjensle.
Der var medmenneskelege kjensler tilstades hos tyske soldater og - men
sjelden fekk dei vise den sida av seg. Etter ei tid på Espeland bar
det austover til Grini, og så ombord i det velkjende fangskipet «Donau»
med Tyskland som mål.
Fangetransporten frå Kiel time etter time var ei
forferdeleg oppleving. Fangane stod tettpakka i tildekka kuvogner. Fangar
som svima av vart hengande opp etter medfangar - så tett var dei
pakka saman at ingen hadde plass til å sige i gulvet. Ein annan ting
som og var fælsleg for fangane var at dei ved fleire høve
måtte stå ute i timevis i sterk kulde - uten noko på
beina. Legen i ein av leirane dei kom til var komen i unåde av ein
eller annan grunn. Han vart erstatta med ein bakar. Bakaren sin medisin
var for det meste ein salve, - svart og fæl.
Fangane måtte hente fram all sin indre styrke -
dele den med dei som var mindre sterke. Tanken på dei kjære
der heime heldt nok mange oppe i denne deira livskamp. Bøna frå
barnelærdomen - Fader Vår - styrke oss - hjelp oss å
halde ut. Og så viljen. Ville leve - ville overleve. Ville heim eingong.
Kampen for livet gjorde at dei mest groteske hendingane i leiren, utført
av bødlane - kunne redde livet til andre fangar. Når eigne
fangedrakter var berre traser - og ein heldt på å fryse ihel
- då vart det frykteleg sant dette. «Den enes død -
den annens brød». Utanfor gasskammeret stod køen av
dei som skulle døy. Der stod også ein annan kø. Forfrosne
fangar som venta på ein betre «klednad» etter sin medfange
som no ikkje lenger trong til meir klede. Naken til skinnet gjekk han sin
siste tunge gang - og ein bror utanfor levde vidare av di han fekk skjule
seg i den avlagde hamen. I ein stor kjellarhall var dei samla om morgonen
2-3000 mann og kvar morgon kom dei «bødlane» og peika
ut sine offer på 2-300 mann, det som gassovnen kunne makte.
Fangane var no vorten «musselmenn» d.v.s.
ikkje noko å samle på for å utføre noko arbeid.
På brakka låg dei tre i kvar køye, med eit lite teppe
over seg, og bytta om å ligge i midten kvar si stund for ikkje å
fryse ihel. Det arbeidet som vart utdelt til fangane i denne leiren var
«flussing» av tau - noko ein må kalle idiotarbeid, men
betre enn ingen ting å vere oppteken med.
Kampen om maten - om turnipssuppa
Utdelaren - med den store kjempeausa var klar til fordeling
av herlegheita. Køane var lange. Var ein heldig så traff suppa
blekkboksen i det den vart slengt ut på slump, men traff han ikkje
nytta det ikkje å klage. Då fekk ein eit slag av suppeausa
i hovudet og ordre om å gå vidare - utan suppe. Tilstandane
kan ikkje beskrivast - berre dei som har prøvd det kan ha noko slags
aning om korleis det var altsaman. Sers ille var det i dei leirane som
Johan var i - dei verste med hensyn til matmangel. I ein av leirane fekk
også Johan eit slag som skada han mykje. Årsaka til slaget
var at han oversåg ein vaktkommandant og ikkje helsa på han
på reglementert vis. Johan svima av - og vart slepa inn i brakka
av medfangar så snart dei såg høve til å hjelpe
han. Johan var over 40 år - og tolde ikkje så godt tilhøva
i fangeleirane. Georg - som tidleg vart skild frå bror sin i fangeopphaldet
i Tyskland - var litt betre faren med tanke på leirane og mattilhøva.
Han var dessutan yngre, og hadde nok meir krefter å hente fram når
det røynde på som verst.
Ein av leirane som Johan var i låg ved flyfabrikken
Heinkel i nærleiken av Berlin. Denne fabrikken var viktig for krigsmakta
og her kom det svært ofte bombeåtak frå engelske fly.
Når flyalarmen gjekk sprang «sjefane» i dekning, men
fangane ved sine arbeidsbenkar måtte først pakke ned alt verdifullt
verkty, og deretter kunne dei søkje ly for bomberegnet. Bombene
traff. Ein gong trefte ei bombe proviantlageret, og turnipsen dreiv utover.
Medan bombene regna ned - kraup fangane omkring der og åt og plukka,
plukka og åt turnips. Især var det dei russiske fangane som
var iherdige på dette feltet.
I denne tida hadde Johan store problem, for skaden han
hadde fått i hovudet tidlegare vart no merkbart verre. Han kunne
ikkje bøye seg ned framover, så når han skulle hente
opp ting frå gulvet eller liknande så måtte han ta hendene
ned bak seg. Ein skade han måtte slite med seinare i livet.
Johan og Georg frå Koksøy overlevde konsentrasjonsleirane
Dei kom til Sverige med dei kvite bussane, vidare med
tog til Bergen, og så heim til Gulen. I ettertid veit ein at folk
med bakgrunn i hardt arbeid og eit nøysomt levesett ofte greidde
dei fæle påkjenningane betre enn andre. Johan har for sin del
og ein dansk medfange å takke for at han overlevde. Av dansken fekk
han den siste dagen, slik Johan følte det, litt mat frå ein
«Danskepakke» som medfangen den dagen hadde fått heimanfrå.
Det redda Johan, ved sida av at han fekk overta ein frakk av dansken den
dagen, og uten den hadde Johan neppe greid det lenger.
Etter krigen har desse to møtt einannan. Johan
har hatt viljing av sin danske ven heime på Koksøy og i Bergen
etter at familien flytta dit. Det vart ikkje så gode år etter
heimkoma frå Tyskland.
Store skader overalt på kroppen ga etterverknader.
Skaden i hovudet især, og elles leddskader, rygg og kneskader, -
også hjarteproblem.
Etter 23 år på Koksøy flytta Johan
og kona Tilla til Bergen. Johan døydde i 1985 -84 år gamal.
Broren Georg og kona Kirsten - flytta også frå Gulen, og har
i dei seinare åra vore busett på Solsvik. Georg døydde
i 1992 - 78 år gamal.
Tunge år for familiane på Koksøy
Det vart tunge tider for familiane på Koksøy
etter arrestasjonen av Johan og Georg. Foreldra hadde no tre av sine søner
i utlægd. Ein i krigen, to i konsentrasjonsleirar i Tyskland. Ikkje
så mange år før hadde dei mist ein son plutseleg, berre
20 år gamal. Ein kan mest ikkje tenke seg korleis det var å
leve med så mykje sakn og otte. Heime gjekk kona til Johan utan å
vite korleis han hadde det. Greidde han fangelivet i Tyskland - kunne han
halde ut all lidinga der? Å - det vart mange tunge tankar år
etter år.
Dei sende pakkar nedover til Johan og Georg. Nokre kom
fram. Det hende og at der kom helsingar oppover, så håpet var
aldri heilt borte. Lett var det heller ikkje å greie alle pliktene
heime. Alt arbeidet - skaffe fram mat og pengar til det ein trong til livsopphaldet.
Men gode naboar og kjende hjelpte til, og desse vil Tilla og sonen Gjert
aldri gløyme for det dei gjorde. Adolf Kvernøy var ein ekstra
god hjelpesmann, likeeins handelsmannen Norvald Birknes.
Gjert vart pålagd eit stort ansvar ung som han var,
berre 10 år då faren vart arrestert. Han følte ansvaret
for mor si - og ansvar for båten fekk han og. Gjert nemner særskild
ein mann som han hugsar godt frå denne tida. Det hadde seg slik at
det vart ein lekkasje i motorbåten. Guten visste ikkje kva han skulle
gjere. Ikkje alt om båt hadde han fått lært frå
far sin før han for så fort frå dei. Her kom hjelpa
frå smeden Nils Bjørknes vel med. Han fann snart feilen som
var årsaka til lekkasjen. Det var hylsa og den fiksa han på
beste måte. Nils Bjørknes ville inga betaling ha for arbeidet,
og Gjert hugsar endå godt kor takksam han var for hjelpa han fekk
frå Nils. Alle båtturane sydover til Byrknes og elles ute på
fiske rundt øyane gjekk fint. Det vart mat i gryta - og saman med
mor så greidde dei å overleve. Besteforeldra Matias og Hanna
- var til god støtte desse åra. Bestefaren lærte Gjert
mykje som kom godt med i det daglege strevet. Gjert vart konfirmert i fredsåret
1945. I dag bur han på Landås i Bergen, der og mor hans, Tilla,
bur ilag med familien. Ho er no 88 år gamal (1995), med eit godt
minne og stor forteljarevne. |