Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

     

                    
Stø kurs mot Furenes
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 27.07.2003


Foto: Scandion.

På laurdag vart det, for andre gong, arrangert veteranbåttreff i Furenes. Inn på den lune hamna kom dei i tur og orden: M/S "Børøysund", M/S "Atløy" og M/S "Granvin". 

Bygda har ikkje all verda av parkeringsplassar, men her bur eit gjestfritt folk - så parkeringsvakt Bjørn Håkon Rasch losar oss opp i det nye byggjefeltet. 
- Parker berre på tunet, seier han før han tek hand om neste bilist, som også er seint ute. 


Foto: Scandion.

Utanfor "gamlebutikken" til Einar´n står folk i hopetal. Langs kaia og rundt den vakre vågen ligg små og store fritidsbåtar så tett at ein mest kan gå tørrskodd over. 

Reketrålaren "Gulaskjær" er på plass, og Svein Kvamme er i full sving med å levere ferske nykokte reker til utstrakte hender med hundrelappar på kaikanten. 


Foto: Scandion.

Folk kosar seg med kaffi og vaflar under telt som er sett opp som ly for sol - eller styggevér. Telta kom vel med i fjor då regnet ausa ned. I dag er det gråvér, men sola glyttar fram og det er varmt. 

I utkanten høyrer ein taktfaste slag frå Radøymotorar, og karane har samla seg omkring dei for å få vite alt om desse maskinene. 

På kaien trakterar familien Bårøy toradarane, noko som set ein ekstra spiss på ventetida. 


Foto: Scandion.

Dei kjem.... 
Fleire kraftige støyt i fløyta på D/S "Børøysund" får båtane på hamna til å helse tilbake. Og så kjem dei sigande inn mot kaia, først D/S "Børøysund", så M/S "Atløy" og sist M/S "Granvin". 

Mange var nok komen eins ærend berre for å sjå - og komme ombord i D/S "Børøysund". Ein slitar på norskekysten, men no stasjonert i Oslofjorden. 

Ein liten prat med ein av mannskapet på brua er interressant. Der vert det hevda at folk langs vestlandskysten har eit heilt anna forhold til desse veteranbåtane enn folk på austlandet. Mannskapet gler seg til å få koma rundt til dei små bygdene våre og vise fram båten - og prate med folket. Etter turen til Furenes set dei kursen attende til Oslofjorden og rutefart der. 


Foto: Scandion.

Einaste i sitt slag 
D/S "Børøysund" er landets einaste passasjerskip med original kolfyrt dampmaskin. Skipet vart bygd ved Trondheim mekaniske Værksted i 1908 som kombinert passasjer- og slepebåt. 

Fartøyet heitte opprinneleg "Odin" og traffikerte Trøndelagskysten fram til 1923. Deretter kom det til Vestlandet med namnet "Skjergar", før det i 1925 vart seld til Vesteraalens Dampskipsselskap. 

Der fekk skipet namnet "Børøysund" - og ein lang og stabil periode som lokalbåt i Lofoten og Vesterålen. I 1960 vart skipet seld til yrkesskulen på Melbu som endra namnet til "Hyma" og brukte det til opplæringsfartøy for maskinist-aspirantar. I 1969 vart så skipet redda frå opphogging av Norsk Veteranskibsklubb i Oslo. 

Folk synest det er artig og nostalgisk å komme ombord i desse veteranbåtane, med trange korridorar, knøttsmå salongar og lugarar, stupbratte leidarar - og eit styrehus utan dagens tekniske hjelpemidlar. Men veteranbåtane klarer seg fint med dei hjelpemidlane dei har, og folk ønsker å oppleve båtane slik dei eingong var då dei traffikerte fjordane langs kysten. 


Foto: Scandion.

Årets veteranbåttreff i Furenes kan skrivast inn i historieboka som ein ny suksess for driftige lokale eldskjeler i bygda. Eit arrangement som folk på land og mannskap på båtane set stor pris på. Om du ikkje fekk ta turen i år - så vert det sikkert ein ny anledning neste sommar. 

Les og artikkel om veteranbåttreff i Furenes i 2002 Sus av gamle dagar i Furenes

    
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal