Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

 
Historisk og gripande
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 19.07.2005

-Det hende ein gong i 20 åra at to dampbåtar frå Haugesund la seg til kai i Furenes. Dei dreiv med tråling etter reke. Snart kom der ein nyskjerrig ung mann ruslande. Det var Ludvik Furnes, ein svært foretaksom mann i Gulen på den tida. 

SOGA OM ASKELADDEN FRÅ FURENES I GULEN, REKA I TRÅLEN OG TRØNDERPIAN I KJØLVATNET. 


Ludvik Furnes - Askeladden frå Furenes

Båtane og utstyret deira hadde fanga hans interesse. Han hadde alt noko røynsle frå sjølivet; som 15-åring hadde han mønstra på galeasen Frøya frå Austrheim og segla i fraktefart på kysten, - og han hadde vore på line og garnfiske. 
Men reketråling? Nei. Ingen dreiv med tråling etter reker i Ytre Sogn traktene . 
 

Forsiktig spurte han karane om bord om han kunne få vera med dei utpå, han ville gjerne sjå korleis dette fisket gjekk til. Men nei, mannskapet ville ikkje ha han med. Kan hende såg dei ein konkurrent i denne oppvakte karen på bryggja. Men Furnesen var ikkje den som gav etter for litt motbør. Han rusla heim, og la ein slagplan i løpet av natta. 

Tidleg på morgonen henta han storseglet i naustet, tok godt med niste ombord og gjorde klar til å fylgje etter dampbåtane på feltet. Dei drog til Mjømneosen. Vel framme på feltet, låra han seglet, tok årane fatt og la seg i løypa etter reketrålarane. 


Furenes.

Han noterte kursen på karta sine, registrerte fart og la nøye merke til alt som skjedde ombord i båtane. For å tråla etter reker må botnen vere slett, det beste er sand/evje botnen. Sjefen om bord må heile tida fylgje med at skovlane og nota fylgjer botnen og innstille farten etter det. Ulendt botn vil lett føre til at not og skovlar set seg fast, at nota vert øydelagt og i verste fall kan ein misse heile bruket. Furnesen bivåna det heile, og la kvar minste detalj på minne. Etterkvart slutta haugesundarane av fisket og la seg til på Skjerjehamn. Ludvik Furnes slo seg og til der, bia i mange timer fram mot mørke kvelden. Då smeit han seg om bord, fekk teke mål av notmasker, trålposar, tilkobling til skovlane og den slags – slik som han ikkje kunne få med seg på avstand. 
Dette fiske ville han freiste! Han starta straks opp med å rigge til båt på Furenes for å drive tråling etter reke. 


Den første båten som vart teken i bruk heitte Anpløy. 

Det var ein påbygd -storbåt- som vart dekka og tilført hekk for plass til skovlar, trålspel og nøter. Nøter og anna utstyr til trålen vart rekvirert frå Bergen. Gammelkomfyren vart henta ut frå kjellaren heime og montert på dekket og fyringsved og kål vart lasta om bord. Prøvefisket kom i gang. Utstyret var nok provisorisk, men det skulle vise seg at det gjorde nytta. Furnesen fekk verkeleg reker i nøtene der han prøvde seg rundt om i Gulafjordene og lenger ute med kysten. 

Ludvik Furnes hadde fire søner. Når dei vaks til, vart det skaffe båtar til alle saman etterkvart. - Frå dei var 20 år, dreiv dei reketråling med eigne båtar. For ei tid tilbake nådde dei pensjonsalderen. Då hadde brørne lagt bak seg meir enn 200 årsverk som reketrålarar tilsaman. Frøet som vart sådd den gongen Askeladden frå Furenes fekk sjå reketrålarane frå Haugesund, hadde vakse seg til eit stort tre. 


Furnesflåten dreg nordover på fiske.

Først på trettiåra slo rekefiskarane på Furenes seg i lag og drog nordover langs kysten på leiting etter nye rekefelt. Nabogutane Ludvig og Gerhard Bøe hadde også skaffa seg båt og vart med, likeeins Edvard Neverdal med sin nye reketrålar GLIMT. Dei fann gode rekefelt nordetter kysten ved Ålesund og Kristiansund. Litt etterkvart sette dei baugen mot Trøndelagskysten. Der fann dei seg ein god hamn på Bessaker i Roan kommune. Denne hamna vart nytta av dei mykje seinare, når dei var på veg til og frå tokter oppover til Tromsø og Finnmarkskysten. På hamna i Bessaker låg dei -søringane- på rekke og rad med sine reketrålarar: SLEIPNER, KAPP, DELFIN, START, SJØGUTT og GLIMT, alle med registreringsmerke SF... G. 

Det vart mange turer oppover til Trøndelag på karane frå Furenes. Dei følte seg velkomne, godt likt av folket i Roan og Osen kommunar, og nokre av dei slo seg til etterkvart og vart buande der. Aktiviteten smitta, snart byrja fiskarar i Osen og Roan også å tråla etter reker. På Bessaker vart det bygd opp ein rekefabrikk der sjølvsagt Ludvik Furnes var medeigar i mange år. 

Kjekke jenter i Trøndelag 
Det er ikkje til å undrast over at mangt eit hjerte banka i jentebryst når flåten av -søringar- kom fossande til kai. Og gutehjarta var vel heller ikkje særleg kalde, får me tru. Mange av karane frå Furenes fann kona si der nord i Osen og Roan. Håkon Furnes fann ho Aslaug frå Skjervøy, Ludvig Bøe si Berentine frå same øya. Einar Furnes gifte seg med Anna frå Bessaker, og Gerhard Bøe med Ingeborg frå Skjervøy. Alle jentene flytta sørover, - og på Furneset gjekk det nå på alt frå trønder - sogne og strile - dialekt. Då krigen var slutt, kom der endå fleire trønderar sørover. Det var slektningar og vener på vitjing, og til tider var det fleire trønderar enn gulingar på Furenes. 
Amors pilar svirra over knausane og etterkvart laga det seg til i alt 13 ekteskap med trønder / sogneblanding. Desse ekteskapa førte i sin tid til at nærare eit halvt hundre halvtrønderar såg dagens lys. 

Alt for redningsaka 
Først på 50 åra vart det starta ein forening til støtte for Redningselskapet som fekk namnet HAVBLIKK, og det var dei tilflytta trønder-konene som var drivkrafta. Redningsaka låg sjølvsagt desse på hjarta når dei alle hadde sine tilknytta sjøen mest heile året. 
Når redningskøyta kom, - og flagga gjekk til topps i bygda då var det feststemning. Tilreisande kom frå heile kommunen, dei visste at i samfunnshuset på Furenes var der mykje å by på. Sekretærane Helgesen og Rikstad frå redningselskapet gav mykje ros til dei styrande i Havblikk og den sterke støtta dei fann her, og ikkje minst pengane som vart selskapet til del. I 80 åra feira foreninga 30 års jubileum, - med Anna Furnes som formann. Dei første åra var det Berentine Bøe som hadde styringa. 

Reka skapte velstand og lykke 
Rekefiskarane frå Furenes var flinke til å leite opp nye rekefelt i fjordane og langs kysten - frå Stadt i nord til Haugesund i sør. Gode fangstar og tilfredsstillande markedsprisar førte til velstand og stor byggeaktivitet på Furenes. Bustadshus og kaianlegg til kvar båteigar grodde opp rundt Furenesvika. 
Alle hadde velrigga og godt utstyrte båtar. Bygda opplevde ei rik utvikling i mange år. Fleire unge kom til, dei satsa på rekefiske og skaffa seg eigne båtar. Alt i alt vart det rigga til 27 reketrålarar i Gulen kommune, dei aller fleste med Furenes som stasjon. Henrik Glosvik frå Skjerjehamn deltok i mange år, likeins Jørgen Birknes frå Hille. 

Frå 50 åra og frametter vart det satsa meir og meir på utstyrssida. Mekaniske vinsjar vart skifta ut med hydrauliske. Ekkolodd vart montert. Det registrerte botnen, ein kunne lesa av hindringar og forlenge trålhalet, noko som gav større fangster. Og med ekkoloddet vart det lettare å finne fram til nye felt. Så kom notblokka og med den kunne ein trekke nota over rekka mekanisk, som spara ein for arbeidskraft. Før måtte det vera to mann for å makte denne jobben, nå kunne ein styre det med ein hendel for å få not og fangst om bord. 

Med V.H.F.en kunne ein til kvar tid ha kontakt med dei andre på feltet og få hjelp om ein hadde bruk for det. Tryggleiken auka. Nokre av fiskarane monterte til og med radar på båtane sine. 
Den nye tida gjorde det ikkje berre enklare å fiske, mykje anna gjorde det også lettare å leve om bord. Nye, prektige styrhus og auka komfort på mange måtar kom til. Semidieselmotorane vart bytta ut med dieselmotorar av beste merke. Desse var både lettare og kraftigare enn dei gamle. Båtane fekk større fart, og motorduren vart mindre generande. 

Med åra vart det vanskeligare å få med ungdomar som hjelpemannskap. Ringnotflåten var komen med dei store fangstane, og for ein ungdom som tenkte seg ein framtid på sjøen, lokka dette fiske meir. Den dårlege rekrutteringa førte til at mange av Furenes-karane måtte dra på fiske aleine. 

Einmannsfiske har sine baksider. Det kunne verta mykje å ta hand om for ein mann, - med motorstell, styring, til- og fråkobling av tråleutstyr, koking av reka og stell med fisk som følgde med i tråleposen. 
Manglande rekruttering, fiskereguleringar av mange slag,, dårleg markedspris førde med seg at rekefisket avtok. 

På Furenes er det i dag berre to som driv med reketråling, Svein Kvamme og sonen Frode på båtane GULASKJER og FURNES. Ein tredje rekefiskar er Arne Høyvik med stasjon på Halsvik. Han overtok rekebåten SJØGUTT til Bjarne Furnes for ei tid tilbake. På Furenes-hamna ligg der framleis mange båtar som minne om liv og røre, men dei vert nytta til andre formål. 

Rekekongen 
Ludvik Furnes vart kalla rekekongen. Det navnet fortente han. Han levde frå 1883 til 1966, og han sette mange spor etter seg i heimbygda. Mange såg han som ei oppkomme av energi med godt humør og tiltakslyst. Alt i 1915, lenge før han satsa på reketråling, bygde han opp store sjøbuer og kaier på Furenes. Han fekk heile folket i arbeid med mottak og salting av sild. Livet på Furenes vart som eit eventyr. Utenlandske lastebåtar losa han nord Brandangersundet til Furenes for å hente masser av tønner saltsild, frå dei store stablane som låg på kaiområdet. 

I krigsåra 1940 - 45 satsa Ludvik Furnes bl.a på bygging av fiskebåtar, ombygging og reparasjon av slike, - rigga til sitt eige sagbruk, produksjon av kassar m.m. I pensjonsalderen henta han fram pågangsmotet igjen, starta med rensking av reker og pakking på sjøbua. Fleire kvinnelege arbeidsplassar fylgde med dette tiltaket. Reka vart pakka for eksport til Kavlifabrikkane i Sverige og til bedrifter i Bergen, i tillegg til detaljsalg i forretningar. Rekeosten kom på markedet i den tida, og mange tonn reker gjekk frå Furenes sitt pakkeri til dette populære matpålegget. Samfunnsendringar førde til at slik aktivitet dabba av. 

Det gjer ikkje innsatsen til Ludvik Furnes mindre. MERKET DET STEND....... 
 
 


ANPLØY 
Den første båten som vart teken i bruk i rekefiske heitte Anpløy. Det var ein påbygd -storbåt- som vart dekka og tilført hekk for plass til skovlar, trålspel og nøter. Nøter og anna utstyr til trålen vart rekvirert frå Bergen. 


DELFIN 
Eigar : Ludvik Bøe 
47 fot 
Motor : 20 hk. Wichmann 
Typisk reketrålar frå 30 - 40 åra. 


FRI 
Eigar: Ludvig Bøe 
Seld til Gøteborg, Sverige 


KAPP
Eigar: Einar Furnes 
42 fot 
Ombygd 1955 
Motor nå: Scandia diesel 180 HK. 
Kapp ligg her ved Solodden Hyttegrend i Eivindvik. 


M/KR FURNES 
Eigar: Frode Kvamme 
53 fot 
Motor: 240 HK General Motors 
Bygd ved Omastrand i Hardanger i 1964. 
Maskin 180 HK Caterpillar. 
Kjøpt til Furenes i mai 1989. 
Skifta til GM motor i 1990. 


M/K GULAFJORD 
Eigar: Leif Furnes 
50 fot - 190 HK Skandia Wabis 
Vart kjøpt frå Solund i 1940, og hadde den gong 16 HK Lysekil motor. Ombygd i 1943 på Furenes. 
Ny motor montert: 22 HK Avanse. 
1946: 30 HK Avanse 
1956: 40 HK Wichmann 
1966: 150 HK Skansia Wabis 
1980: 190 HK Skandia Wabis


M/K GULASKJER 
Eigar: Svein Kvamme 
50 fot 
Bygd i Leirvik i Sogn i 1956 
Motor: 40 HK Wichmann 
Ny motor i 1985: 240 HK General 
Båten vart mykje brukt til fraktefart på Sognefjorden. Båten heitte då Bjørg. 
Svein Kvamme bygde båten om til reketrålar, og skifta namn til Gulaskjer. 


M/K LINHOLM
Eigar: Odd Bøe 
52 fot 
Båten bygd i Rosendal 1920 
Innkjøpt i Måløy frå Alf Kråkenes og Ragnar Kvalheim 1963. 
Motor: 42 HK Brunvoll 
Ny motor 1968: 50 HK Wichmann 
Ny motor 1987: 210 HK Volvo Penta diesel. 


M/KR LYNGØY 
Eigar: Ole Morten Bøe 
51,5 fot 
Bygd i Flekkefjord 1957 
Motor: 50 HK Wichmann 


SJØGUTT 
Eigar: Bjarne Furnes 
47 fot 
Ombygd i 1949 i Ortnevik 


M/KR SLEIPNER
Eigar: Håkon Furnes 
51 fot 
Ombygd/forlengd 1941 i Mastrevik 
Ny motor 1946: 35 HK Avanse 
Ny motor:1958: 40 HK Wichmann 


M/KR STYRENES
Eigarar: Odd og Reidar Bøe 
Kjøpt i Bremanger 1966 
Motor: 120 HK Hjelset (2 syl.) 
Styrenes vart seld til Veavågen i 1969 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no