Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

             
Prestegardstien i Eivindvik og kulturminna langsmed
Forfatter: Gulen kommune
Publiseringsdato: 15.02.2001


Foto: Scandion

På vandring langs Prestegardstien som omkransar den gamle prestegarden i Eivindvik, kan me sjå ei rekkje små og store kulturminne- heilt frå vikingtida og fram til våre dagar. 
Bildet syner den angliske steinkrossen i krossteigen.Krossen er omlag 1000 år gamal, og truleg er den sett opp av ein av dei norske misjonskongane. 
Ved Prestekaia finn du Herresalen. Den vart sett opp av Prost Niels Griis Alstrup Dahl i 1819, og var hans bustad. 
Vidare finn du den mektige prestegardsmuren (1,5 km) Muren stod ferdig i 1825, og gjerda inn heile innmarka på prestegarden. 
Den keltiske krossen ved kyrkjegardsporten er frå tidleg kristningstid for omlag 1000 år sidan. Borgstova, rett nedom kyrkja, er nok det eldste huset innafor området som før var prestegarden i Eivindvik. Truleg frå 1500-1600 talet. 

På vandringa langs Prestegardstien som omkransar den gamle prestegarden i Eivindvik, kan me sjå ei rekkje små og store kulturminne - heilt frå vikingtida og fram til våre dagar: 

Ved Prestekaia ligg Herresalen som Prost Niels Griis Alstrup Dahl sette opp som sin bustad i 1819. Att med huset, som er bygd i nyklassisistisk (empire-) stil og var prestebustad fram til 1902, ligg den monumentale prestekaia og kyrkjetrappa - i si tid det naturlege knutepunktet for trafikken til og frå bygda. Herfrå kan me ta til på vandringa opp til og langs med den mektige Prestegardsmuren som stod ferdig rundt 1825 og som gjerda inne heile innmarka (1,5 km) på prestegarden. 

Me passerer -Kjørslevegen- til Vassverket som tek av her, og som vart nytta til å frakte brenselet til gards. I dag er denne gamle vegen ein fin tursti. 

Frå øvst i Krossteigen har me utsyn til den angliske steinkrossen i Krossteigen. Han er omlag 1000 år gamal og truleg sett opp av ein av dei norske misjonskongane. Me ser og det kvite huset i Fonnevika - nede ved sjøen på Fonna - på andre sida av Prestesundet. Dette vart bygd i 1814 av prost Dahl som eit døme på god byggjeskikk, men er sidan mykje endra. 
Fleire stader i Prestegardsmuren kan me få auge på restane etter gardflorane (fjøs) som var til bruk for husdyra vår og haust. 

I dette området finn me også Prestveita, den lengste av dei underjordiske grøftene frå steinmuren og som munner ut nede ved Prestekaia. 

Den keltiske krossen ved kyrkjegardsporten er frå tidleg kristningstid for om lag 1000 år sidan. 

Borgstova, rett nedom kyrkja, er nok eldste huset innafor området som før var prestegarden i Eivindvik. Huset, truleg frå 15-1600- talet, er ein ombygd prestebustad og har vore nytta til alt ifrå omkledings- og matrom for tilreisande kyrkjefolk til konfirmantundervisning. 

  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal