Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

         
Rutledal - eit viktig knutepunkt
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 26.08.2004

Rutledal har frå eldre tider vore eit viktig og kjent knutepunkt; ikkje minst vitnar Den Trondhjemske Postvei om dette. Seinare, særleg under siste krig, kom riksvegen mellom Rutledal og Haveland. 

Etter kvart vart vegen utvida til Halsvik og deretter til Sløvåg med ferjesamband over til Leirvåg. Når det gjeld sambandsliner nordover, må ein ta med ferjetrafikken Rutledal - Rysjedalsvika, og Rutledal - Krakhella i Solund. 


Postbåten for fulle segl. 

Rutledal var poststasjon mellom Bergen og Molde frå 1785 - 1867. Då vart det bygd veg gjennom Nordguldalen til Rutledal, slik at dei som kom ridande, "postkarlene", kunne koma fram på hurtigaste og tryggaste vis. 

Alt i 1787 er det opprekna sju bruer på denne vegen, som vart ferdig i 1790. Vegen vart seinare ombygd og utbetra fleire gonger. 

Frå Rutledal gjekk posten med båt over Sognefjorden, men i 1916 kom det postbodrute frå Rutledal til Sygnefest. 

Rutledal fekk rikstelefon i 1915, og brevhus kom i 1928. 

Sidan 1921 hadde Fylkesbaatane rutestopp i Rutledal. 

  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal