Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

                      
På sildefiske
Forfatter: Konrad Brandsdal
Publiseringsdato: 24.10.2002


Konrad Brandsdal

På sildefiske er soga om ungdommen frå Brandsdal i Gulen - som møtte det harde liv på sildefiske. Seinare, i sitt yrkesaktive liv var Konrad sjømann og reiste ute under heile krigen (handelsflåten) før han vart tenestemann ved tolletaten i Bergen. Konrad er no 85 år. 

Så lenge det har vore fiska etter sild her i landet, har det skifta med godår og svartår. Denne uvissa har skapt ei særskild spenning kring sildefisket. Brått kunne rikdomen frå havet bokstavleg tala kome veltande inn til kyststroka våre, med mat og velstand til alle - så lenge godåra varte. 

Tjue- og trettiåra var trasige både økonomisk og på andre måtar. Det kan alle som vaks opp på den tida vere samde i. På dei små bruka på Vestlandet sleit brukarane hardt for å få endane til å møtast. Når ein ungdom vaks opp og vart konfirmert tok kampen for tilværet til. Når det då var lite betalt arbeid å få, kunne det verte frustrerande å leva. 

Ofte måtte gardbrukaren bort for å ta seg arbeid i periodar når det var lite å gjera på garden. Då var det ikkje bra å ha ein oppveksande ungdom, som var svolten heile dagen gåande å slenge i dørene. Dette var eit vanleg bilde av den tida. 

På sildefiske

Hausten 1931 vart eg konfirmert og dermed vart problemet med arbeid påtrengande. Det var ikkje problem med å arbeide gratis på gardsbruket ei eldre syster og mannen hadde teke over etter far, som døydde 3 månader etter at eg var konfirmert. Men eg ville tjene pengar. Det var godt å få mat og hus, men ikkje nok for å vera med på dei få aktivitetane som baud seg. 

Eg held meg heime vinteren og sommaren 1932 og hjelpte til på gardsbruket. Men på haustparten la eg planar om å reise på sildefiske til vinteren. Eg fekk plass på notbruket til Elias Wesetvik- (på folkemunne Hausevik notlag) og såg med glede fram til å få tak i nokre kroner. Dette bruket var det dei kalla landnotbruk. På denne tida held snurpenotbruk til å komme i verksemd. 

Dette skal bli soga om kor ein ungdom møtte det harde livet som dette var. Det var som regel rett etter nyttår ein skulle møta fram. Men det var ein tendens til at silda kom tidlegare for kvart år. Noteigarane vart alltid nervøse når det tok til med sildesyner, som dei kalla det. 

Denne vinteren fekk eg beskjed om frammøte 3. juledag. Me reiste deretter ut til Solund, til Hjønnevåg, og la oss til. Det samla seg mange bruk etterkvart for å vente. 

Me var to mann som vart uttekne til lettbåtroarar. Kokken, og me to fekk, fekk plass i lugaren framme saman med eigaren (basen) og hans nestkommanderande Martin, som var son hans. Dei andre folka låg i rommet der det var laga til med køyer. 

Kvar morgon var basen tidleg oppe og såg etter sildesyner. Det var helst om måsen var særleg hissig utover sjøen. 

Lettbåtroarane hadde som einaste oppgåve å ro ein av sjefane ut for å lodde etter silda. Dette gjekk føre seg slik at ein svært tynn streng med eit blylodd i enden vart ført ned i sjøen. Når silda, som kom i store stimar, rende mot strengen, kunne basen med lang røynsle avgjere kor mykje sild der var i stimen og kor djupt den sto. 

No vart det slik at silda kom ikkje so langt nord. Etter 3-4 veker vart det å reisa heim utan at vår not kom i sjøen. 

På den tid hadde brukseigarane eit system med avtalar med andre bruk frå Florø til Stavanger. Dette vart kalla fastelag. Systemet var ein slags kollektivforsikring. Me hadde avtalar med fleire lag nedover kysten. Det året tok silda land sør for Gulen og nedover til Haugesund, og der vart det gjort nokre gode kast. Då opp - gjeret kom utpå våren viste det at me hadde fått del i fangstane sørafor. Men når alle utgifter til bruket og kostpengane var trekte frå - vart det null pengar til fiskarane. 
Dette var hardt å svelgja, særleg for meg som hadde min fyrste tur og hadde alt for store voner til inntekter. Sjølvsagt var det vonbrot for alle. 

So var det attende til slitet på småbruket i Brandsdalen. - Men pengar skulle eg ha tak i. Det vart som gardsdreng på Dale i Dalsbygda den sommaren. Men det er ei anna soge. 

Neste vinter hadde eg også plass med Hausvik sitt bruk. No vart me kalla til møte 8 dagar før jul. Notbasane hadde fått visse meldingar og vart nervøse. Me fekk reise heim att for juledagane, men mellom jul og nyttår låg me på ei bukt ein stad nord for Mjømna. 
No kom silda inn. Eg var ikkje lettbåtroar dette året, og var dermed plassert i rommet. Der var det montert fire breie køyer der me låg to mann i kvar køy. Langs midten, var der plassert eit langt bord der me sat og åt måltida. 

Når me låg der med fartyet, lossmenta som det vart kalla i denne samanhengen, var det ikkje so mykje å ta seg til. Så lenge der ikkje var noko aktivitet mellom måsane, dei sat berre rundt på bergnabbane og glodde tomt ut i lufta, var det inga meining i å ro ut og lodde etter sild. 

Var det noko lesestoff ombord gjekk det frå mann til mann og vart nidlese side opp og side ned. Nokre spela litt kort, men dei vart då trøytte av det óg. Ein og annan gong tok me ein tur i land for å strekkje beina. På Hjønnevåg var det berre knausar og rabbar,- og eit og anna hus nede i eit søkk. Me ungdomar fór rundt og såg etter jenter, men det var skralt av det slaget å sjå. Dei held dei vel innandørs når hamna var full av nothundar. 

Eit kjærkommen avbrot var ein tur til Kolgrov for å hente proviant og ymse til fartyet. Det var slik at eigaren skulle halde kosten til mannskapet. Vart det fiske- trekte han kostpengane frå luten. Vart det bomtur måtte han bere tapet sjølv. Ein annan dag måtte eit par mann avstad for å hente drikkevatn. Vasking var det skralt med. 

Levetilhøva på slike lossement på trettitalet var ikkje mykje å skryte av. I dag hadde del vel vore bort mot straffbart. Toalett var eit framandord som få hadde høyrt om. Rundt om på landsbygda var utedassen på mote. Når ein trengde til det var det å ta ei bytte (pøs) med sjøvatn, gå opp i styrehuset og gjere unna det som var turvande. Grei skuring. 

Båtane på veg for å søkje etter sild. Å ro notbåtar stilte krav til styrke og god erfaring. 

Fyrste året fekk eg, som nemnt, vere i lugaren saman med gubben sjølv og bror hans. Som lettbåtroar skulle me vere lette å få tak på om me skulle ut og lodde. 

Dertil var kokken der. Det vart nokso trangt i det vesle rommet. Byssa (komfyren) sto ogso i ein krok. So var det proviantskap der me hadde dekketøyet. Eit lite bord midt i rommet. Køyene på kvar side var so smale som penal. Då eg var med året etter måtte eg ligge i rommet saman med alle dei andre. No fortona lugaren seg som luksus. Eg har vanskar med å minnast kor mange me var der i lasterommet. Det var montert køyer på kvar side. Desse var breie slik at to mann låg i kvar køy. Homse var ikkje på mote den gongen, so dette gjekk bra. Eg trur me var 4 eller 6 mann som heldt til der. Stort sett var det vanlege folk. Nokre var gifte, men det var og nokre ungdomar. 

Det var ein som skilde seg ut. Det var sagt at han hadde vore sjømann og det kan eg godt tru. Han var vel kring 40-50 år - stor og kraftig. Han kom ofte med komiske utsagn. Nokre av karane meinte han hadde ugreie i tankebanane. Eg tykte det var moro å høyre på det han sa. Sidan eg hadde eit sug etter å kome meg ut til sjøs nytta eg ofte høve å spørje han ut om livet der ute. Eg kan framleis hugse eit par av hans utsagn som igrunnen var treffande. Når nokan sa at ein var dum,- sa han følgjande visdomsord: -Nokon må være dumme slik at klokskapen til dei kloke kan lyse. 
Når nokon ægla kvarandre og til sist sa : -på seg sjølv kjenner ein andre, hadde sjømannen dette : - på seg sjølv kjenner andre ein når loppa kryp over magen. Enkle og gode sanningar. 

Ellers held Wesetvik god desiplin på fartøyet. Dersom det brygga opp til alvorleg krangel greip han straks inn og roa ned. Det var vel ikkje til å unngå, når so mange mannfolk var trengde saman under premitive tilhøve. 

Når eg tenkjer attende på desse og andre dramatiske hendingar i livet,- har dei vel gjeve ei ballast i tilvære som mange av generasjonane etterpå ikkje har fått med. 

Då silda no var på veg inn, vart det svært til røre mellom notfolket. Basen for tidleg ut med lettbåten og lodda. Eigaren vart brått som ein hærførar som kommanderte og skreik som om verda heldt på å gå under. Nota vår låg i gavlbåten fint opplagd. Presenningane som hadde dekka over vart teken bort. Alt vart gjort klart for å få nota i sjøen. Gavlbåten var tverr i enden med ein rull montert tversover. Maskinisten varma opp motoren og fekk start. Båten vart manøvrert utover og lagt i possisjon for kasting . Det same gjorde alle dei andre. So låg me der og dreiv og venta. Det var ein nervøs stemning over alle. 

Dei som lodda kom nærare og nærare bukta - og det var lett å sjå at basane var klare til å la nota gå. Dei hadde sikkert avtale 
om kva rekkefølgje det skulle gå føre seg. So, på eit eller anna signal, gjekk fyrste nota i sjøen og dei andre fylgde etter. Basane skreik og banna, svinga med armane og hoppa i båten. Dei sto til og med oppe på toftene. Vår not gjekk også i sjøen, og so vart det å laga bråk og spetakkel for å skremme silda innover. Me brukte -Skimmel (ei bordplate med bly i enden - sjå bilde) som vart ført opp og ned i sjøen. Dette held på til sildestimen var trengt opp på ei vik der stenget skulle stå. Det vart sett sikringsnøter utanfor for at ikkje stimen skulle sprenge nøtene. So rodde nokre inn i stenget og lodda. Desse røynde karane kunne då med bra tryggleik sei kor mange 100 hektoliter sild me hadde fanga. 

Silda måtte stå nokre dagar før ho vart teken opp. Dette for at meste parten av mageinnhaldet gjekk ut. Ein dag ankra ein stor tysk dampbåt opp eit stykke unna. No tok slitet til med å fylle notbåtane med sild, og gå til sida av fartyet. Det hadde med tomme sildekassar og is, og alt vart stua på dekk. Der var med norske gjengar som skulle fylle kassane med sild og is og spikre dei til. 

Ein kasse tok ein hektoliter. To mann stod klar når hivet kom over rekka og tømde i kassen. Ein la ei skyffel is på og 2 karar spikra kassen i kvar sin ende. Deretter gjekk kassen i rommet. 
Og det skal vera vist, dette arbeidet gjekk unna. Nede i notbåten vassa me til langt opp på låra i sild medan me skufla opp i hektolitermålet. Det var eit hektisk liv over dette som eg ikkje var vand med frå småbruket. 

Ut på våren fekk eg tilsent ein posttilvising på kr. 32,- og nokre ører. So var sildefiske over for mitt vedkommande. 

Bilde viser båt og mannskap tilhøyrande Sæternes Notlag (Brandangersundet). 
Gavlbåten er lasta med vintersild ca. 100 hl. og dei ligg å venta for å losse for eksport. Tida kan vi tidfeste til først på trettitalet - og bilde er teke i Byrknesøyane. 

Personane i gavlbåten er: Frå v. Arnold Fivelsdal, neste person budde på Hisarøy, men vi manglar namnet, Joachim Lid, Nikolai Kalheim, Elling Lid, Harald Ånneland (Randal), Arnt Rørtveit (ligg framfor i sildelasta) 
(Vi manglar namnet på personen i båten bak gavlbåten. Kan nokon hjelpe oss med det.?) 
--------------------------------------------------------------------------
Takk til Ingolf Austgulen, som med sin store interesse for kultur- og lokalhistorie frå Gulen, har hjelpt til med denne historie i tekst og bilder. 

   
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal