Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

       
Steinbygningar i Gulen
Forfatter: Gulen kommune
Publiseringsdato: 21.06.2004


Midt-Taklestølen. Foto: Scandion. 

Stein er mykje brukt i byggjeskikken langs heile den skogfattige norskekysten, men ingen stader har så mange og varierte steinbygningar som Nordhordland og Gulen. På fleire av gardane i Gulen er det innslag av steinmurar i alle bygningane, i tillegg til flotte steingardar, gjerne med innebygde gardflorar (fjøs), i skiljet mellom utmark og innmarksbeite. 

Ein del av steinbygningskunsten i Gulen har gått tapt dei siste 50 åra, men fleire og fleire skjønar kva imponerande fagkunnskap og arbeidsinnsats som ligg gøymt i dei solide og snorrette turrmurane, og ynskjer å ta vare på desse viktige kulturminna. 

Husmurane vart bygde som doble kistemurar utan nokon form for bindemiddel, anten som vernemur mot kald vind, som på Tynning i Brekke, eller som beremur, som på Molde på Dalsøyra. 

Murane er gjerne tjukke i botn, og smalare mot toppen. Vatnet vert drenert vekk frå innerveggane, og veggane på mange er utruleg jamne. Nokre av dei er rekna mellom det mest avanserte og beste murararbeid som finst i dei norske bygdene. I dei store steinløene, t.d. på Midtun i Eivindvik, er beremurane ofte kombinert med grindverk i tre, same teknikken som finst i stavkyrkjene. 

Sjølv om byggjetradisjonen strekker seg attende til middelalderen, tyder mykje på at dei fleste steinbygningane i Gulen er frå tida etter utskiftingane på 1800-talet fram til omlag 1900. 

 
 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal