Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

    
I teneste i Bergen før og under krigen
Forfatter: Gerda Nytun
Publiseringsdato: 19.02.2006

 
Då mine foreldre tok over gardsdrifta på Rørtveit var dei ikkje åleine. Farfar døydde tidleg, og far hadde tre ukonfirmerte sysken som han lova å ta seg av. Dei tre hadde vel elles vorte skilde og utsette til andre. Det vart ein hard start for foreldra mine, serleg for mor som kom som ung kone frå Ånneland. Ho slapp sitja å lura på koss ho skulle realisera seg sjølv, tungvindt som alt var i dei dagar. 

Og familien vaks. Dei fekk tolv born i alt, med jentene i fleirtal. Det var inga lovfesta likestilling som no, men likevel delte me arbeidet både ute og inne. 

Tidleg om våren, før våronna, var det å ta torv. Ved sida av vanleg rivelyng var dette einaste brenselet om vinteren. Elektrisk straum fanst ikkje. Torvtaking var hardt arbeid. Først skulle torva spadast opp av myra i store «galtar». Desse stakk me ut i høvelege brikker som vart lagde til tørk. Så var det spennande med veret. God vind og sol gav beste brenselet. 

Når brikkene hadde tørka ei tid «krakka» me dei opp, det vil seia at dei vart sette på høgkant i grupper til dei var knusktørre. Slikt lærde me frå me var små, og då var det i grunnen fint å vera med i torvmyra om veret var bra. Me hadde niste med oss og kokte kaffi på staden. Den tørre torva bar me i hus i kiper; også her var det likestilling mellom mann og kone. 

Skulegonga kom ikkje rekande på ei fjøl
Eg opplevde både omgangsskule og fast skule. Omgangsskulen var dagleg i tre veker på kvar stad. Første skulestaden min var i Gardvika, og eg hugsar det var skule i Nyhopen. Det var langt å gå dit gjennom utmark, men me slapp no båt. Heime hadde me og hatt omgangsskule, men det hugsar eg ikkje. Men eg minnest langbordet og langbenkane som me sat på når me var heime alle. Det var ikkje ofte det hende. 

Så vart det skulehus på Fivelsdal, med skule annakvar dag. Det vart lang veg då, og me måtte skyssast. Var veret dårleg rodde dei oss gjerne litt lengre slik at det vart kortare veg å gå. Langt var det i alle høve - me måtte starta før halv åtte om morgonen for å vera framme til ni. Heim att måtte me ta lengste vegen, og me gjorde han ikkje kortare med alt me fann på. 

Når isen hadde lagt seg på slumpane seinhaustes måtte me alltid prøva oss utpå, trass alle åtvaringar. Eg hadde ein tresko liggande i ein slump der Gardviktjønna renn ut. Fekk han ikkje opp att. Så fekk eg låna ein hjå Olga Fivelsdal då me gjekk framom der. Truleg hadde dei sine urolege stunder dei som sat heime og venta. 

Det var ei heil onn med skuleskyssing hjå oss. Då det til sist vart vedteke skyssgodtgjersle - ein svimlande sum på 25 øre dagen - hadde far og mor framleis to born i skulen. Det var staten som betalte. Kommunen skulle betala 10 i tillegg, men dei fann ut at det greidde seg med 25 øre. 

Dersom det hadde vorte utbetalt barnetrygd den gongen ville det vorte litt av ein sum. Me var som regel åtte-ni som ei tid hadde alderen til det samstundes. 

Småkrangling og mobbing på skulevegen førekom nok på den tid og, men gjerne i meir uskuldig form. Me fekk mange stygge utnamn slengt etter oss, og eg er redd for at me kvitterte nokså omgåande. Det har lite for seg å ta opp att det me kalla kvarandre, men eg veit ikkje om nokon som ber nag etter den tid. 

Frå skulen har eg ei hending som lyder utruleg i dag. Ein elev måtte betala 5 øre fordi han hosta så mykje i klassen. Det var ei farsott av kikhoste som gjekk, og læraren var sikkert lei av bråket. Den tida var det til vanleg ikkje bråk i timane. Så truga læraren med at den som først laga slike ulydar måtte betala 5 øre i «mulkt». Ein av våre, som hadde temmeleg stygg hoste, måtte ut med 5 øre -pengar han ikkje hadde. Det var tilfeldig at ein større gut hadde pengar på seg og la ut. Læraren godtok dette. Eg veit ikkje kor alvorleg dette var meint frå læraren si side, men i alle høve var det mykje urettvist i skulen som aldri vart rapportert. Lekselæringa gjekk stort sett etter puggemetoden, og me måtte kunna ordrett både lese- og skriveleksa. 

Då me skulle konfirmerast gjekk me for presten kvar måndag heile sommaren. Me rodde to timar kvar veg til Eivindvik. Dette var i 1927, og me hadde fått den ikkje ukjende Øystein Hovden som ny prest. For at me skulle verta kjende med kyrkja, som presten sa, hadde me lesetimane våre der. Me hadde så lang veg at det var alt for sjeldan me kom til kyrkje. Men eg vil påstå at me fekk ei bra kristeleg oppseding heime. Der var det husandakt kvar helg, og me måtte vera med på den alle. 

Hovden var ung då han kom til Eivindvik. Ein gong me var der til konfirmant-førebuing bad han heile gjengen opp i hagen der me fekk servert kaker og bollar. Presten var med i songleikane, og etterpå heldt han ein dundrande tale til oss som dei visst nok høyrde i heile Eivindvik. 


Faren, Arne Rørtveit, dreiv mykje med heimeindustri. Han laga bl.a. kiper. 

Attåtnæring i heimen
Me hadde mykje husflidsarbeid heime. Dei måtte jo verka til mykje av det me brukte dagleg. Me spann og spøta og vov. 
Hekling og brodering var finare arbeid som helst vart gjort laurdag ettermiddag. 

Søndag var handarbeid strengt forbode. For å få litt kontantar til eige bruk, batt far halmsko. Halmen vart fletta. Det var mor som gjorde mykje av dette arbeidet, eller dei store gutane. Så måtte fletta klyppast og pyntast fin, og så batt far sko som han selde til Husfliden i Bergen. Eg trur ikkje det vart mange ørene av eit skopar. Elles batt han kiper, og det var eit langt arbeid før produktet var ferdig. 
 

Først kjøpte han spraken, helst frå Fivelsdal. Han reiste sjølv dit og reiv han. Materialar til spilar og botn kjøpte han på saga. Det var eit heilt rituale å laga ei kipe, med flekking, bløyting og bitting. Det var mange timars arbeid for nokre få kroner. 

Gavlar til krabbeteiner batt han og, og nokre åleteiner. Dei siste var av finare materiale; teger. Alt vart han kvitt. Austgulen overtok og omsette alt, og så handla han dei varene me trong. Hugsar det alltid var eit fint forhold mellom dei. 

Det var ikkje lettare å gå arbeidslaus i 20- og 30-åra enn no. Det var inga trygd, inga omskulering eller opplæring, eller rimeleg skulegong. Ein måtte ha ei velspekka lommebok i bakhand for å få ei utdanning. Me som var ein stor flokk som vaks opp på ein liten gard hadde lite jordisk gods, men me fekk rikeleg av kjærleik, omsut og opplæring til samhald. 

Det kom ei jente gåande........... 
Det var mest ein fordel å vera jente; me fekk alltids ein huspost så me slapp gå arbeidslause. Verre var det for dei vaksne karane. Den eldste, Elias, reiste til sjøs. Det var inga fri heimreis og ferie etter nokre månader, som no. Dei som ikkje greidde sjøen vart helst gåande på småjobbar på ein gard - slåttonn og slikt. Det var sesongarbeid og ei trasig tid. 


Karen og Arne hadde 11 born, og i syskjenflokken var der sju jenter. 
Her ser vi dei - frå venstre: Hilda, Astrid, Gunhild, Gerda, Margit, Klara og Olga. 

Eg var heldig og fekk ein god huspost i nærleiken. No får ein barnetrygd for ein 15. åring, eg måtte forsyta meg sjølv i den alderen. Helsinga eg fekk med meg heimanfrå var at eg måtte stella meg slik at dei var hjelpne med meg, dei som betalte meg løn - og den var ikkje stor. Dei må ha hatt tålmod med meg. Ein 15-åring er ikkje så vaksen som han gjerne trur. 

Bergen verka sers forlokkande, og eg fekk huspost der nokre år seinare. Då hadde eg både hus og mat, sjølv om det kosta 
mykje slit. Der var plenty av fine fruer som ville ha ei trugen landsjente i huset. Var ein heldig og kom til ei dyktig husmor og elles godtok situasjonen, fekk ein ei god opplæring i å stella hus. 

Det var inga fast arbeidstid. Var det selskap i huset kunne ein arbeida til langt på kveld. Etter det eg hugsar låg betalinga på 30-50 kroner månaden. Kanskje enkelte, som hadde vore i same familien i mange år, fekk meir. 


Gerda Rørtveit (Nytun) ferierte ofte på Rørtveit etter at ho hadde flytta til Bergen. 
På garden hadde dei mange dyr - t.o.m. hest med føl.

Fritida var ein ettermiddag for veka, helst onsdag, populært kalla «duesleppet». Då hadde alle «pikene» fri. Det same hadde dei kvar tredje sundag, gjerne etter at frukoststellet var ferdig. 
Eg var heldig og kom til ein familie med fire store born frå 5 til 13 år, og vart mest som ein av familien. I sommarferien var eg med til Lysefjorden, og i påsken til vossetraktene. Så eg fekk vera med både på skiturar og bading når det var aktuelt. 

Ikkje alle var heldige. Somme måtte ta heile oppvasken måndagen etter dei hadde hatt helgefri. Det kunne vera stor avstand mellom herskap og tenarar. Jentene var sjeldan lenge hjå slike folk. 

Krigen krevde sitt 
Krigen kom. Eg fekk arbeid på eit hotell. Der var det fastare arbeidstid og betre betaling. Slikt arbeid fekk ein mest berre gjennom kjende. Eg var såleis ikkje heime då krigen kom. Det gjekk mange rykte den tida. Ikkje alle var pålitelege. Då meldinga kom om at Vestlandet hadde overgjeve seg, vart det for mykje for mor. Eit par år før kom Elias bort på sjøen. No hadde ho dei andre å vera redd for. Ho fekk slag, låg nokre veker utan medvit, kom seg litt, men sovna stilt inn ein månad seinare. 

Arnt og Konrad kom heim att, men dei tykte det var for gale at landet var i ferd med å verta herteke. Dei ville framleis vera med å verja det. Arnt hadde nett kjøpt seg ein fin, ny oselvar med segl. Når dei no høyrde at det framleis var krig i Nord-Noreg, tok dei oselvaren og rodde og sigla nordover. Konrad hadde reist nokre år på kysten med ein fraktebåt, så han var godt kjend like til Finmark. Dei var komne til Namsos då dei høyrde at konge og regjering var reiste til England. Då snudde dei og for heim att. 

Som krigsåra gjekk vart det mindre og mindre i butikkhyllene, og varene vart dårlegare og dårlegare. Det kom «erstatning» for mest alt. Sko vart laga av skinn og hadde trebotn. Kosten var mager, og lite var det av han. Då var det godt å ha familie på landet som ein kunne få ein godbit frå av og til. 

Siste vinteren fekk me ikkje poteter til middag. Me fekk nokre kokte røter og spinat kokt på svart mjøl og vatn. Dette, saman med blaut lutefisk, var ikkje serleg appetittleg. Det var mange som hadde vanskar med vekta dei tider. 

Det var godt samhald vener i mellom. Eg var med i Sognalaget, men då det leid på vart alt slikt lagsarbeid forbode. Me var nokre som heldt saman likevel og møttest hjå dei som hadde bra med plass privat. Slik høgtida me 17. mai og andre merkedagar. 


Ein tysk lektar med ammunisjon eksploderte på Vågen i Bergen 20. april 1944. 
Eksplosjonen påførde byen mange stygge sår, som t.d. på Nordnes. 

Forbod og påbod var det over alt. Verst var det då det vart portforbod, gjerne midt på sommaren, og ein måtte halda seg inne frå tidleg om kvelden. 

Verste opplevinga under krigen var nok sjokket 9. april 1940, då eg vakna på eit kvistrom i sjette høgda av flyalarm og bombing. Det var stummande mørkt i huset, berre eit stearinlys på gangen. Fælt var det med eksplosjonen på Vågen og bombinga av Holen skule på Laksevåg. 

Familien til Elias budde nokre hundre meter frå skulen. Ei av jentene hans skulle på skulen den dagen, men først klokka halv tolv. Bombinga skjedde i 9-tida. Etter dette reiste dei frå Bergen og flytta til Storheim der dei var resten av krigen. 

Då det vart sleppt bomber over Engen, midt i byen, budde eg i Skottegaten i eit hus med 7-8 husvære. Sjølvsagt gjekk me i kjellaren, men hadde det ramla saman ein vegg der hadde ingen av oss kome levande der i frå. 


Medan Gerda budde i Bergen var det ofte luftangrep med bombing. 
Her ser ein Strandgaten etter eit slikt åtak... 

Det eg angra på i ettertid var at eg ikkje lærde meg tysk. Eg var nøydd å omgåast tyskarane så og seia kvar dag på grunn av arbeidet, og så skulle eg vera så patriotisk at eg ikkje skjøna dei. Heldt på å verta arristert då eg bad ein offiser snakka engelsk, det var einast framandspråket eg skjøna. 

Far gjekk heime på Rørtveit og trudde fast på frigjeringa, men fekk ikkje oppleva henne. Han døydde eit par månader før 
freden kom. Richard hadde då overteke garden og dreiv han ei tid, men flytta så der ifrå. 

Eg veit ikkje kven som skulle overta av dei som hadde kjent på kroppen rutinane med skuleskyss, og båt også for alle andre ting. No er både våre hus og nabogarden sommarhus, og dei er fine og velstelte. Den nordste delen av Rørtveit overtok kommunen då dei flytta frå, dei som var der. 

Alle flytta og har fått sine eigne heimar. Tre til Sande, ei til Blidensol. ei til Radøy, tre-fire til Bergen. Eg hamna inne i Osterfjorden. 

----------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Denne historia er henta frå boka: Dei tok sin tørn (1985) av Ingolf Austgulen.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal