Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

  

 
Gulen - 
tingstad for Vestlandet
Tekst og foto: Scandion
 
På Håkon den Gode si tid var Gulen tingstad for heile Vestlandet. Kvart år fór valde menn til tingstaden, der dei sat innanfor dei heilage steinane og gav lover og dømde. 

Gulatinget hadde ikkje skrivne lover. Difor måtte lovene vera stutte og greie og lette å hugse for lovseiemannen, som sa dei fram. Tingmennene lyfta våpna i veret og slo dei mot kvarandre. Då var lova vedteken med «våpentak», som det heitte. 

Fedrane våre passa nøye på at lov og rett vart haldne. Ingen påbod frå kongen galdt før bøndene hadde godkjent dei på tinget. Då fyrst vart dei til lov. 
 
 
Håkon skipar leidangen eller landvernet 
Danskekongen ville hjelpa Eirikssønene til å taka Noreg frå Håkon. Både faren og brørne hadde hatt stor hird, og det var hardt for folk å føda alle desse mennene. Håkon den Gode hadde få folk med seg når han fór omkring i landet. For å vera viss på å få hjelp når det trongs, skipa Håkon leidangen, og bøndene godtok det på tinget. 

Alle bygdene ved sjøen og så langt inn i landet som laksen gjekk, vart delte i skipreider. Når vardane brann på fjelltoppane, og herpila gjekk rundt i bygdene, skulle kvar skipreide hjelpa kongen med eit herskip og mannskap. Det var leidangen. På 7 dagar kunne kongen få herbod over heile landet. 

Då Eirikssønene og danskane kom og ville taka landet, hadde Håkon leidangen ute. Håkon vann nokre gonger - men i det siste slaget på øya Stord, kasta han av seg ringbrynja og sette etter fienden. Då fekk han ei pil i armen og blødde fælt. Han tenkte då å fara til kongsgarden sin, Ålrekstad, men då dei kom til Håkonshella måtte dei leggja til lands. 
«Vil du at vi skal føra deg til England og gravleggja deg i kristen jord ?» spurde mennene hans. Men Håkon svara: «Som ein heidning har eg levt, og som ein heidning får de jorda med óg.» 

Ved Håkonshella var han fødd, og der døydde han. Øyvind Skaldespille kvad diktet Håkonarmål om den døde kongen. Eirikssønene vart no kongar i landet. 
.................................................................................................................................................... 
Litt : Folket vårt gjennom tidene (1950) 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no