Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

                  
Vetane 
Forfatter: Gulen kommune
Publiseringsdato: 12.03.2001

Etter at Gulatinget på 900-talet innførde leidangsordninga, som på sitt vis kan seiast å ha vore opphavet til den norske marinen, vart det bygt eit nettverk av vetar (vardar) langsmed kysten. Med lys- og røyksignal vart det varsla frå landsende til landsende når ufred truga landet, slik at bygdene kunne ruste ut skip og mannskap til forsvar.Vetane vart ofte i heilskap bygde av trevyrke slik at berre oska låg att etter bruk. Andre vart bygde som innhole steinvetar, fylte med brenntilfang av lyng og ofte kalla lyngvetar. 

Lyngvetane vart såleis ståande og vart berre etterfylte med lyng for seinare bruk. Ein av lyngvetane som kan ha vore ein del av dette varslingssystemet i Gulen, var Svabergveten i lia under Svabergfjellet. Denne veten er godt teken hand om og er eit interessant og veleigna turmål. På Byrknesøy og Hisarøy er også vetar som er synlege i mils omkrins, og truleg høyrde til varslingssystemet sør-nord på kysten. 

    
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal