Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Natur
Geologi

    


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 


Geologi
Tekst: Gulen kommune
 
Det meste av berggrunnen i Gulen er sett saman av ulike gneiser. 
Dei eldste bergartane i kommunen høyrer til -basalgneiskomplekset-. Det er stort sett granittisk gneisar og migmatittar (blandingsbergartar). Dei er eldre enn 600 millionar år, men omvandla i den kaledonske fjellkjedefoldinga for om lag 4-500 mill. år sidan. 

Over basalgneisen ligg yngre omdanna bergartar i store folder (metamorfe suprakrystallar). Dette er og ulike gneisar med soner av av kvartsitt og glimmerskifer. 

Aust for Dalsøyra og på Byrknes er det meta-amfibolitt og meta-gabbro av kaledonsk alder.

Amfibolitten ved Dalsøyra er jerntitanførande. Dei amfibolittiske bergartane vitrar lett og har høgare innhald av næringsstoff enn dei omkringliggande sure gneiser og kvartsittar. 

På Ytre Byrknesøyane finn ein dei yngste bergartane i kommunen, devonsk sandstein og konglomerat. Bergartane er særs harde og gir lite og næringsfattig jordsmonn ved vitring. 

Folderetninga i berggrunnen er stort sett aust-vest i vestlege strøk og nordaust-sørvest aust for Risnefjorden. 

Dei dominerande sprekkeretningane i berggrunnen i kommunen er om lag nord-sør og nordaust-sørvest. 

Geology 

Most of the rocks in Gulen comprise of different types of gneiss. The oldest rock types in the area are of -basal gneiss complex. There are mostly granittic gneiss and migmatics (mixed rock types). The oldest are more than 600 million years old, and were converted in the Caledonian mountain range fold about 4-500 mill. years ago. 

Younger converted rock types in large folds (metaphore supra crystals) are above the basal gneiss. There are also other types of gneiss with patches of quartsitt and mica schist. 

East of Dalsøyra and at Byrknes there are meta-amphibolit and meta-gabbo of Caledonian age. The amphibolit at Dalsøyra contains iron-titanium. The amphibolittic rock types are easily eroded by weather and have a larger content of nutritious substances than the surrounding acidic gneiss and quartzites. 

The youngest rock types in the municipality, like Devon sand stone and conglomerates, are on the outer islands of Byrknes. These rock types are extremely hard and give small volumes of soil with low nutritious content through erosion. 

The direction of the folds in the rock are mainly east/west in the western parts and north-east / south-west east of the Risnefjord. 

The dominating direction of the crevices in the area are north-south and northeast-southwest. 
 


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal