Brekke skulekrins
Skulekrinsen omfattar dei inste delane av Gulen kommune.
Elevane kjem frå bygdene langs Sognefjorden frå Rutledal i
vest til Oppedal i aust, og frå Kringla og Ynnesdal i sør.
Krinsen er stor i utstrekning, og dei fleste elevane kjem difor med skulebuss.
Reiseavstanden for dei som bur lengst vekke er ca. 2 mil kvar veg.
Brekke skule
5961 Brekke
Telefon : 57 78 54 72
Rektor:
Bodil B. Takle
SKULEN VÅR
Me er ein 1-10 skule. Barnesteget er fire-delt (1.-2.,3.-4.,5.-6.,7.)
og ungdomssteget er to-delt (8.-9.,10.). Dette året er det 93 elevar
ved skulen – 39 på småskulesteget, 33 på mellomsteget
og 21 på ungdomssteget.
Brekke barnehage er samlokalisert med skulen. Barnehagen
vert driven som sjølvstendig eining, men dei fysiske tilhøva
legg til rette for samarbeid med småskulesteget. Samlokaliseringa
gjer det mogeleg å gje eit flekssibelt SFO- og barnehagetilbod.
Skulen/SFO og barnehagen har ein del personalressursar
felles. Uteområdet – sett vekk frå eit skjerma område
for dei minste i barnehagen- er felles.
For 5.- 10. klasse er skuledagen organisert slik:
ei økt på 45 minutt
15 minutt pause
ei økt på 90 minutt
30 minutt matpause - felles for heile skulen
ei økt på 90 minutt
15 minutt pause
ei økt på 45 minutt
Sett vekk frå matfriminuttet, er det aktivitetane
som styrer dagen til småskulen.
Skuleklokka har eit rolegare tilvere enn tidlegare. |