Østerbø-utbygginga
Forfatter: Øystein Økland
Publiseringsdato: 18.10.2004
Østerbø kraftverk i Høyanger kommune
er det siste store vasskraftprosjektet mellom Sognefjorden og Hardangerfjorden
som kan konsesjon-søkjast.
BKK, saman med Sogn og Fjordane Energiverk (SFE), legg
i desse dagar siste hand på førehandsmeldinga for utbyggingsplanane
i Østerbø.
Kraftstasjonen er planlagt bygd like ved sjøen
200 meter nord for Østerbø.
Foto: Øystein Økland.
Utbygginga er eit samarbeidsprosjekt mellom SFE og BKK.
SFE skal eiga Østerbø kraftverk og er konsesjons-søkjar.
BKK skal ha retten til å disponera 42 prosent av produksjonen mot
å dekkja tilsvarande utbyggings- og driftskostnader.
Målet med førehandsmeldinga er mellom anna
å orientera om utbygginga slik at folk kan koma med synspunkt på
planane på eit tidleg tidspunkt.
For utbyggjarane er det særs viktig å lytta
til og visa respekt for grunneigarar og lokalbefolkninga sine interesser.
Kraftselskapa ynskjer å ha ein ryddig og open dialog
med dei lokale interessene. Meldinga skal også vera eit grunnlag
for fastsetjing av eit program for konsekvensutgreiing som er ein viktig
del av konsesjons-søknaden.
SFE og BKK sender førehandsmeldinga til NVE som
i sin tur sender meldinga på høyring til mellom anna Høyanger
kommune, Fylkesmannen og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Alle husstandane
i Østerbø-området vil få tilsendt ein brosjyre
som orienterer om utbyggingsplanane.
Kart : Torbjørn Kirkhorn.
Årsproduksjonen i Østerbø kraftverk
vert rekna til 154 millionar kilowattimar (GWh), eit middels stort BKK-kraftverk.
Årsproduksjonen tilsvarer straumforbruket i om lag
7700 husstander.
Utbyggingstida vert rekna til to år. Utbygginga
får fylgjer for Østerbøvassdraget, Mjølsvikvassdraget
og Rusteelvane. Alle
vassdraga ligg i Høyanger kommune.
Konsekvensane av utbygginga vert nøye utgreia i
samband med konsesjonssøknaden. Ordførar i Høyanger,
Kjartan Longva, seier at han er glad for at planane no etter kvart ser
ut til å verta ein realitet.
- Det er brei politisk semje i kommunen om denne utbygginga
som har røter mange år attende i tid. I starten var det ikkje
god nok økonomi i prosjektet, men no ligg alt til rette for at planane
kan setjast ut i livet. Vi håpar at førehandsmeldinga vert
sendt inn til NVE før jul i år, seier Longva.
Ordføraren trekkjer fram dei økonomiske
gevinstane kommunen og spesielt lokalsamfunnet på sørsida
av Sognefjorden vil få som fylgje av utbygginga. Høyanger
kommune sikrar seg mellom anna billeg konsesjonskraft og auka inntekter
frå eigedomsskatt. Folket i Østerbø-området vil
få glede og nytte av midlar frå næringsfondet.
FAKTA
Østerbø kraftverk
Fallhøgde : 590 m (Frå inntaksmagasinet
Nykjevatnet til kraftstasjonen
Installert effekt : 28 MW
Midlare årsproduksjon : 154 GWh
Utbyggingskostnad : 283,7 mill kr.
-----------------------------------------
BKK-NYTT OKTOBER 2004 |