Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Høyanger
Attraksjonar
 

   

 
Massnes Villmarksmuseum
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 08.07.2005

Som ein pust av villmarka, godt gøymd mellom furustammane, ligg Massnes Villmarksmuseum. Muséet, som vart opna 8. juli 1992, ligg i Høyanger kommune på sørsida av Sognefjorden, ca. 11 km køyring frå ferjekaien på Oppedal mot Bjordal. Opplev ei fantastisk utstilling av vårt rike fugle- og dyreliv som fevner om livet frå fjøra til fjellheimen. 


Olav Fridtun. Foto: Scandion.

Her kan tusenkunstnaren Olav Fridtun og kona Mari-Ann inviterer deg til ei spanande reise gjennom naturen frå havgap til høgfjell. På eit plan kan du studere over 300 ulike artar dyr og fuglar i utstoppa tilstand. 

Dei aller fleste er sett inn i glassmontrar der Olav har måla bakgrunnsmotiv som viser dei ulike artar i sitt rette landskap. På informasjonsskilt kan du les om kvar enkelt som er utstilt. 


Foto: Scandion.

Inspirert av naturen 
Alt frå barndommen var naturen den store kjelda til inspirasjon for Olav Fridtun. Dyr og fuglar vart teikna og utskorne i tre. 

Rundt 1970 tok Olav til å samle på utstoppa dyr og fuglar. Det meste av det han har utstilt har han stoppa ut sjølv. Men ein del, mellom anna dei mest kjende rovdyra i norsk fauna, er kjøpt inn. 
Her er sjø- og fjellfuglar, små- og storvilt og rovdyr som gaupe, ulv, jerv og bjørn. 

På naturlege stiar
Mellom villmarksmuseet og fjorden ligg fureskogen. Området er nytta til natursti og kultursti for dei som vitjar Massneset. 


Foto: Scandion.

Tiurleik i mai og juni 
I 1984 starta Olav tiurfarm, eit tiltak som nærast gjorde han landskjend. I tiurfarmen, berre nokre meter frå villmarksmuseet er det framleis liv og røre. I mai og juni, fram til jonsok, kan du oppleve tiur- og orreleik. Ei spennande oppleving for både små og store. 

I tillegg til utstillingshall - rommar også bygget kafé og souvenirkiosk. Her kan Olav ta imot ei busslast med turistar for enkel servering i sommarsesongen. Ellers i året er museet ope alle dagar etter avtale. 


Foto: Scandion.

Dei kulturhistoriske utstillingane 
I kaféen møter du eit blikkfang av ein peis, mura i gråstein. Rundt om på golv og veggar finn du ei mengde ting som i tid spenner over eit stort tidsrom. Mange av dei er autentiske, andre har museumseigaren restaurert. Atter andre har han laga nye, etter mønster av gamle bruksgjenstander. På veggane heng også døme på at Olav Fridtun er ein habil teiknar. 


Foto: Scandion.

Massnes Wildlife Museum is situated 11 km east of Oppedal ferry landing, near Bjordal. 
Enjoy the wildlife eldorado along the Sognefjord, from the seaside to the mountain top. Exhibitions of Zoology and natural and cultural history. Nature trail along the fjord in beautiful scenery and undisturbed original forest. In Mai and June you can watch the mating games of the capercaillie and the black grouse from a hide. Open capeteria in the summer. Your hosts are Olav and Mari-Ann. 

Das Massnes Wildnismuseum liegt 11 km östlich von der Anlegestelle der Oppedalfähre, Richtung Bjordal. 
Hier können Sie ein Wildnisparadies am Sognefjord erleben, das sich vom Meer bis in die Welt der Berge erstreckt. Zoologische, natur- und wundershöner Landschaft entlang des Fjordes durch ein unberührtes Waldgebiet. Im Mai/Juni kan mann in der Waldvogelaufzucht dem Balzspiel von Auerhahn und Birkhahn beiwohnen. Die Wirtsleute sind Olav und Mari-Ann. Während der Sommersaison werden im Café kleine Speisen und Getränke serviert. 


Foto: Scandion.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal