Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Hyllestad
Natur
Fjell
Lihesten
 
    
Lihesten
Tekst og foto: Scandion

Lihesten (776 m.o.h.) er eit særmerkt fjellmassiv som opp gjennom tidene har vore eit viktig lande og siglings - merke - og er eit eldorado for fjellglade fotfolk og etterkvart og klatrarar. Til toppen går det kvart år ein marsj kalla Lihest-klyvet. 

Havørnulukka
16. juni 1936 klokka sju om morgonen råka postflyet "Havørn" frå Bergen fjellet under Risnesnipa og alle sju, 3 pasasjerar og 4 flygarar, omkom. Sjøflyet var ein Junker av typen Ju-52/3M  - og var etter dei tider store fly som kunne ta 15–17 passasjerar. Flytypen hadde og stor lasteevne, var 18,80 meter langt med eit vengespenn på 29,25 meter. Topphastigheit var 295 km/timen.
 

Flyet var eigd av Det Norske Luftfartsselskap (DNL) - som var Noregs nasjonale flyselskap fram til 1948.
Selskapet, som var eit lutlag der og Bergenske Dampskipsselskap var aksjonær, skulle drive ruteflyging på Norskekysten.  I 1936 hadde selskapet tre fly: "Ternen", ”Havørn” og ”Najaden”. 

Havørnulukka var den første ulukka innan sivil ruteflyging i Noreg. Den kjente flypioneren Bernt Balchen leia arbeidet med å få vrakdelar og fleire av dei omkomne ned frå den bratte og utilgjengelege fjellsida.

Laurdag 14. juni 2008 vart Havørn-ulukka markert ved avduking av ein minnestein til ære for dei omkomne og deltakarane i det vanskelege hjelpe- og identifiseringsarbeidet. Ulrik Andrew Smith foretok avdukinga. Han er slektning av fyrsteflygaren på Havørn, Ditlef Pentz Smith. Minnesteinen er fire meter høg og står på ei utsiktshøgd under den steile Risnesnipa (Lihesten) der flyet havarerte. 

Kjelde:
Solund sogelag
Wikipedia

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal