Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lærdal
Attraksjonar
 

   

    
Stavkyrkja som alle kjenner
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 24.12.2002

Det sponkledde taket, dei låge svalgangane, takryttaren og drakehovuda. Stavkyrkja i Borgund vart ikkje berre modell for den nye drakestilen, men også ei av dei viktigaste kjeldene til nasjonal inspirasjon rundt førre hundreårsskiftet. 

Den vevre bygdekyrkja i det trange dalføret mellom aust og vest, for alle kjent som stavkyrkja i Borgund, tente som modell for 1800-talets arkitektar. Ho vart eit lysande ideal for dei som kledde opp gamle stavkyrkjer, som Gol, Fortun og Hopperstad, og for dei som teikna rikfolkets villaer. 

Gjennom 150 år har turistar frå inn- og utland søkt til fjordane og dalføra der stavkyrkjene står. Og få stader kjende dei nærleiken til landet og folket sterkare enn under Borgund-kyrkjas tjørebreidde vegger. 

To av dei innpå tretti stavkyrkjene har hatt eit særleg tungt fokus på seg, Urnes i Luster og Borgund i Lærdal. Dei tek kvar for seg og i sum opp i seg den norske stavkyrkjeprofilen. Urnes er plassert på verdsarvlista og er eit unikt stykke dokumentasjon frå den tidlege kyrkjebygginga. 

Borgund står ikkje langt tilbake. Den kjende profilen, av mange oppfatta som det ultimate stavkyrkjeuttrykket, dreg folk frå nært og fjernt. 

Ei ekte folkekyrkje. Slik har stavkyrkja i Borgund blitt karakterisert, ikkje minst av di vestportalen har denne runeskrifta rissa inn: Dette er kyrkja på Kirkiuvelle. Kyrkja er reist på kyrkjebakken, på den naturlege kultiske staden i bygda. Såleis er Borgund kanskje det næraste ein kjem ei gamal bygdekyrkje. Namnet lever framleis lokalt i gardsnamnet Kirkevoll. 


LANGE TRADISJONAR. 
Den gamle stavkyrkja og oppslag om gudsteneste i nyekyrkja i Borgund. 

HØG KOMPETANSE 
Stavkyrkja i Borgund er sett saman av nesten to tusen einskildkomponentar. Desse måtte lagast og samlast på anleggsområdet. 

Innpå 100 stablar av ulike materialeiningar måtte organiserast under byggetida. Presisjonen måtte vera slik at delane høyrde i hop og kunne føyast saman med rom for naturleg rørsle i treet. 

Mest truleg måtte hundrevis av hjelparar frå bygda kallast inn for å få arbeidet gjort. Framfor sjølve monteringa låg fleire års innsats. Prosessen med å førebu kvaliteten på trevyrket var lang og omstendeleg. 

Mykje tyder på at prosjekteringa av stavkyrkjene vart gjennomført på eit kompetansenivå langt over det vi lett førestiller oss om teoretisk kunnskap i farne tider. Planarbeidet har vore utført på basis av geometriske grunnfigurar og avansert innsikt i tal- og storleiksforhold. 

Stavverket som system representerer eit knippe praktiske løysingar for å bera, binda i hop, stø og avstiva ulike deler i ein bygning. Stavkyrkja er såleis ein bygning reist av trevyrke der bjelkar og stolpar (stavar) er monterte saman for å utgjera eit rammeverk, som igjen blir halde i hop av liggande sviller. Dei ligg i tur og orden på fundament av stein. Veggene og bygningen blir såleis løfta opp frå bakken. Slik blir fukt halde borte og stavkyrkjene får stå i hundreår etter hundreår. 

På innsida er stavkyrkja i Borgund heller nøktern. Til gjengjeld er ho imponerande på utsida, grensande til det ekstravagante, og ulik dei enkle linene i stavkyrkja på Urnes. Men når alt kjem til alt, kanskje likevel ikkje så ulik Urneskyrkja som eksteriøret kan tyde på. Det har seg slik at stavkyrkja i Borgund nok har blitt tilført fleire ytre element opp gjennom mellomalderen, som svalgangen, som skulle verna veggene mot ver og vind eller gje kyrkjelyden ly før og etter gudstenesta, og kanskje tena som våpenhus. 

Ut mot den mørke svalgangen vender tre dører, eller portalar, vestportalen og dei to sørvende portalane. Førstnemnde er staselegast, ramma inn av halvsøyler og utskorne dyrefigurar. Sørportalen er enklare, medan koret si sørvende opning er svært enkel. Like ved står den gamle støpulen, der klokkene svinga frå kraftigare oppheng enn kva den spinkle takryttaren på kyrkja kunne bæra. 

Borgund er truleg den av stavkyrkjene våre som har mest i seg frå opphavet. Men dei norske stavkyrkjene si datering har alltid vore eit omstridd emne. Slik også med Borgund. Er den vevre stavkyrkja bygd på 1100-talet, eller bør ein datera kyrkja til 1200-talet? Det er også uvisst om kyrkja vart bygd komplett frå starten. Mest truleg er det runde kortilbygget med tårn kome til seinare, svalgangen også. Men når bygde dei ho? Truleg omkring 1200. 

NYTT INFO-SENTER I BORGUND 
Frå seinhaustes 2004 blir hovudvegen gjennom Lærdalsdalen lagd kraftig om. Ein tre kilometer lang vegtunnel skal føra trafikken bak stavkyrkja. Det er eit prioritert mål for stavkyrkja sin eigar, Fortidsminneforeninga, å ha eit stavkyrkjesenter ferdig i Borgund samstundes med den nye vegen, seinast innan sommaren 2005.

Bak planane står Lærdal kommune, Den norske kyrkja og Fortidsminneforeninga. I skrivande stund ventar prosjektet på grønt lys frå dei to relevante departementa, Kulturdepartementet og Miljøverndepartementet. - Det skal bli eit besøkssenter. 

Intensjonen er å yta service og informasjon til publikum, men også å avlasta stavkyrkja, seier foreninga sin generalsekretær, Kristian Grieg Bjerke, og understrekar at det er tale om eit nasjonalt pilotprosjekt. 

Prisen for eit Stavkyrkjesenter kloss i den 800 år gamle stavkyrkja er 20 millionar kroner, delt likt på dei tre aktørane, kommunen, kyrkja og staten. Vi oppnår å verna om eit unikt kulturminne, samstundes som vi legg til rette for å vidareforedla turistpotensialet, seier Kristian Grieg Bjerke. Han understrekar at kyrkjegarden og den vel 130 år gamle nyekyrkja i Borgund representerer ein sentral dimensjon i det totale biletet. 

Med eit breitt orientert informasjonssenter i Borgund får stavkyrkjeforskinga ein fokusert arena for si formidling. Slik kan ein nå eit endå større publikum enn i dag, samstundes som ein oppnår å spara det kjenslege kyrkjehuset for fysisk slitasje. 

Ei smal og svingete sløyfe av hovudvegen gjennom Lærdalsdalen blir pensjonert når Borgundtunnelen står ferdig. Ynskjer ein å oppleva stavkyrkja i Borgund må ein deretter svinga av hovudvegen. Med ny veg gjennom Lærdalsdalen vil presset på stavkyrkja avta. 
------------------------------------------------- 
Kjelde: FSF - Fjord og kyst 2002 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal