LÆRDAL - ein port til Vestlandet
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 05.01.2003
Lærdal har alltid vore på parti med samferdsla.
Difor har framtida vore på Lærdal si side. Med stamvegtunnelen
på plass er Lærdal klar for eit nytt hundreår. Lærdalstunnelen
er ei vidareføring av ein lang tradisjon, og sikrar Lærdal
sin posisjon i rikssamferdsla.
Når E I6, det viktigaste vegsambandet mellom aust
og vest, no er flytta frå fjordspegelen til svarte fjellet, er Lærdal
framleis knutepunktet. Med Lærdalstunnelen (24.5 km), opna for trafikk
27.nov. 2000, er det fritt fram like til Aurland.
Men fjorden blir ikkje pakka ned og lagt vekk. Mellom
Lærdal og Gudvangen ligg eit av dei mest attraktive fjordområda
i verda. - Fylkesbaatane sin meir enn 60 år gamle ferjetradisjon
på Lærdal - Gudvangen skal halda fram på sommarbasis,
fortel Tanna Gjerdaker, reiselivssjef i Lærdal. Ho er trygg på
at den tre timar lange seglinga, med anløp i Kaupanger og Frønningen,
blir å rekna med også etter år 2000.
MEST SOM PÅ 1800-TALET.
På Lærdalsøyri med sitt eineståande
gamle bygningsmiljø kan ein drøyma seg attende til første
halvdelen av 1800-talet.
FRÅ LAND TIL SJØ
Lærdal er porten til Vestlandet austfrå. Gamle
Lærdalsøyri var før i tida overgangen frå land
til sjø på folk si ferd mellom
landets to største byar. Ein stad som Lærdal
har difor nøgda med veghistorie.
På nedstiginga frå Fillefjellet er det veghistoriske
dokument rundt kvar ein sving, så og seia. Kongevegen er 200 år
gamal. Frå 1793 var vegen frå fjellet til øyri av slik
standard at ein hest kunne dra ei vogn etter seg. Femti år seinare,
i 1843, kom den tidas høgkvalitets vegstandard, og då innleia
Lærdalsøyri oppturen sin for alvor.
Forutan å vera eit knutepunkt for samferdsla, vart
Lærdal også ein viktig marknadsplass. Gamleøyri har
vore møteplass for handel sidan l600-talet.
Lærdal var i byplanleggarane si støypeskei
midt på 1800-talet. Inne i hovudstaden såg samtidas ingeniørar
og arkitektar ein liten by veksa fram der vest i kongeriket. Dampbåttratikken
var i si første bløming. Jektene og embetsfolket sine vengebåtar
fekk selskap av motoriserte stålskrog. Mange fleire var på
reisefot og lærdølene tok hand om ein stadig større
gjenomgangstrafikk.
- Lærdølene har alltid vore rekna som omgjengelege
menneske. Dei har tidleg blitt vane med framandfolk, seier Jon Tamnes,
kultursjef i Lærdal. Han er sjølv innflyttar, og kan gå
god for at dagens lærdøler lever opp til idealet.
EINESTÅANDE TREHUSMILJØ
Få stader har som Lærdal klart å ta
vare på særpreget sitt. Står du midt på Gamleøyri,
i det tette trehusmiljøet, kan du venda augo i kva retning som helst
og aldri mista 1800-talet av syne. Dei eldste husa er frå 1840-åra,
og dei er godt tekne vare på. Bygningsmiljøet nedst på
Lærdalsøyri er så eineståande at staden har streng
vernestatus.
- Gamleøyri er unik på Vestlandet, seier
Tanna Gjeraker, som gler seg over å kunna visa turistane ei slik
perle. Kjem du til Lærdal, be om å få sjå Henrikstova,
Sjankehuset, Per i Podl-huset, Krestafor-Jenshuset, Løytnantsbryggia,
Gamle Kvammes Hotell, Gamle Lærdal Sparebank eller Telegrafen. I
sistnemnde hus held Gjesme-samlinga til. Hans Gjesme (1904—1994) er Lærdals
store son i biletkunsten.
Den franske biletkunstnaren Qlivier Debré, mangeårig
gjest i det lærdalske kulturlandskapet, stiller ut i Gjesme-galleriet
om sommaren. Debré kom første gongen til Lærdal på
1970-talet, og seinare har han vore attende nesten årvisst for å
henta inspirasjon til bileta sine. Han er internasjonalt kjend, og det
heiter at motiva frå Lærdal er høgdepunkta i arbeidet
hans.
VILLAKSSENTER
Lærdal har meir enn gamle bygningsmiljø og
veghistorie, Norsk Villakssenter, opna av Kong Harald i 1997, er ein av
dei store attraksjonane i indre Sogn.
Eit stort observatorium gjev publikum høve til
å studera villaksen på nært hald. Villakssenteret har
nasjonal status som informasjonssenter om villaksen. Tiltaket omfattar
ein brei dokumentasjon på laksen sin biologi og laksefisket si historie.
Ein film om villaksen rullar kontinuerleg over lerretet, og kaféen
Blue Charm, oppkalla etter ei laksefuge, tek blidt imot gjestene.
SNØVEGEN
Til Lærdal kjem trafikken inn frå alle fire
himmelretningane. Aksen aust-vest er den gamle og historisk viktige - kanskje
den viktigaste vegen i noregssoga. Men i vår tid har vi høve
til å rulla inn på Lærdalsøyri både sør-
og nordfrå. Fjellvegen, eller Snøvegen, bind ihop Lærdalsfjorden
med Aurlandsfjorden. Her er fire-fem mil med sjeldan vakker natur, unike
opp- og nedstigingar, karrige høgfjellslandskap, tallause fjellvatn
og eit urørt Erdalsvassdrag, som for alltid skal renna fritt.
LAKSESENTER
Laksefisket har vore viktig i Sogn. Fagansvarleg Harald
Mulalid ved Norsk Villakssenter i samanliknar storlaksen som vart fiska
i Årøyelva i 1921 med storlaksen frå Ortnevik, fanga
i 1920.
- Rundturen med båt frå Lærdal til
Flåm, ein avstikkar med Flåmsbana og vegen over fjellet att
til Lærdal er ein av dei mest spennande turpakkane Vestlandet kan
tilby, seier Tanna Gjeraker.
Nordover er det knapt åtte kilometer til ferjekaien
på Fodnes og tretti kilometer til Årdal. Frå Årdal
går ein av dei mest spennade fjellvegane like inn i Vest-Jotunheimen
si fjellverd. Med Lærdal som utgangspunkt er det mykje flott vestlandsnatur
innan rekkevidde.
REISELIVSINFORMASJON
Dei mange attraksjonane her har gjort Lærdal til
ein tradisjonsrik reiselivskommune. Her er fleire hotell, campingplassar
og andre overnattingstilbod, og eit variert lokalt handels- og tenestetilbod.
Aurland og Lærdal reiselivslag driv turistkontoret i Lærdal.
-------------------------------------
Kjelde : FSF- Fjord og kyst |