Sogn og Fjordane fylke
Sogn og Fjordane grensar til Hordaland i sør og
Møre og Romsdal i nord. Fylket er særmerkt av store og lange
fjordar, til dømes Sognefjorden, den lengste fjorden i Noreg. I
tillegg finn ein Jostedalsbreen på heile 487 km² her. Den er
den største isbreen på det europeiske fastlandet og er omringa
av mindre brear og brearmar.
Fylket, tidlegare Nordre Bergenhus Amt, femner om dei
fire gamle fogderia Sunnfjord, Nordfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn. Som
administrativ eining har Sogn og Fjordane fylke eksistert frå 1763,
då Bergenhus Amt vart delt. Administrasjonsstad for Sogn og Fjordane
fylkeskommune er Leikanger. Kjelde: Nynorsk Wikipedia
Administrasjonssenter: Leikanger
Flatevidde: 18 634 km²
Folkemengd: 106 650 (2006)
Internettside: sf-f.kommune.no
Fylkesordførar: Nils R. Sandal (Sp) (2003)
Fylkesmann: Oddvar Flæte
Verdas helseorganisasjon (WHO) har utnemnt Sogn
og Fjordane til eit trygt fylke, som det første fylket innanfor
WHO-systemet i Noreg og det tredje i Norden. Statusen som trygt fylke blir
gitt for ti år og skal då vurderast på nytt. |