Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Sogndal
Lokalhistorie
 

  

 
Med ferje til den store breen
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 27.01.2003

Lyset, fjorden og fjella, og breen. I Midtre Sogn stig det fram i all sin prakt. Få stader verkar fjordlyset sterkare. Hit kom turistane tidleg for å ta del i den sjenerøse naturkvaliteten. Dei søkte Balholm og Fjærland, men også Vik og Leikanger, og fann eit fjord- og fjellområde utømeleg på opplevingar. 

Den grønaste av alle fjordar, Fjærlandsfjorden, koplar i hop to gigantar, Sognefjorden og Jostedalsbreen. I enden av fjorden faldar Nord-Europas største bre seg ut, med greiner til små, frodige dalføre, grøne som fjorden dei også. 

I munninga av Fjærlandsfjorden duvar breie Sognefjorden, og her på sitt mektigaste. Der Fjærlandsfjorden skil lag med den lange fjorden smiler landsdelens mjukaste halvøy ferjene i møte. Veganeset er porten til brefjorden. Ein ferjetime lenger framme ventar Fjærland, med Bokbyen, Bremuseet og blåisen. 


FJORD OG BRE. M/F "Fjærlandsfjord" og breane i Fjærland. (Foto: FSF) 
 
Nærkontakt fjord / bre 

Få stader i det sørlege Noreg knyter fjorden og breen nærkontakt i landskapet. Regelen er at dei to mektige naturinnslaga har eit langt, smalt U- forma dalføre mellom seg. Men ikkje i Fjærland. 

Ned til dei øvre delane av bygda rekk to lange bretunger, Bøyabreen og Supphellbreen. Dei er tilgjengelege året rundt. Midtvegs inne i den smale fjordarmen er dei to bretungene synlege frå ferjedekket. Dei stig fram som to blåkvite hyller i landskapet, større di nærare ferja kjem Mundal, ferjehamna og den vesle tettstaden Fjærland. 

Fylkesbaatane si sommarbaserte ferjeteneste i denne midtre delen av Sognefjorden kryssar fire kommunegrenser. Herfrå er det 120 kilometer til kysten. Autstover, mot Sognefjordens indre deler, ligg nye 80 kilometer fjord og ventar. 

Balestrand. Vik og Leikanger er den perfekte trekanten, frå naturen si side den mest eksponerte turistattraksjonen mot Sognefjorden. 

Koplinga mot Fjærlandsfjorden blir understreka gjennom Fylkesbaatane si ferjeteneste, som spring ut frå riksvegsambandet Hella - Dragsvik - Vangsnes, der tre av selskapet sine ferjer seglar nonstop i sommarsesongen. 

Frå 26. mai til 5. september byr ferja «Fjærlandsfjord» på to daglege rundturar mellom brebygda Mundal og trekanten ute i hovudfjorden. 


BRETUREN. Entusiastiske passasjerar på ferja til Fjærland. (Foto: FSF) 
 
Bokbyen og Bremuseet

Dagleg ved middagstider blir breferja forsynt med passasjerar frå Bergen. Frå Fylkesbaatane sin fire timar lange ekspressbåtservice med M/S «Solundir» stig dei av i Balestrand, til eit stille fjordcruise under Jostedalsbreen sine framskotne ishyller like inn til vakre Mundal. Dei er attende til Balestrand tidsnok til å rekke ekspressbåtens ettermiddagsretur til Bergen. 

I Fjærland stig «Fjærlandsfjord» sine passasjerar på land i muntre Mundal, eit lite, men svært allsidig lokalsamfunn. Staden er kjent for Norsk Bremuseum og Den norske Bokbyen. Sistnemnde byr på nesten 200.000 boktitlar, fordelt på tolv - fjorten utsal. Bokbyen er eit eldorado for bokormar av alle slag. Bremuseet er staden for den som vil henta ny kunnskap om istida og klimaet. Den interaktive utstillinga har fascinert mange. 

I meir enn 100 år har Balestrand, Fjærland, Vangsnes og Leikanger vore attraktive reisemål for turistar frå heile verda. Med ferja på Fjærlandsfjorden er alle dei klassiske attraksjonane i Midtre Sogn innan rekkevidde. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal