Kyrkjer i
Solund kommune
Historia til kyrkja i Solund kommune går heilt attende
til slutten på 1200-talet. I mellomalderen låg det eit kapell
på Lågøy i nord-Solund. Kapellet er nemnt i eit diplom
frå 1291 (Cappellan i Laghøy) - som er den eldste skriftlege
kjelda til ein nedlagt kyrkjestad i fylket. Kapellet vart lagt ned ein
gong før 1585. Utvær kapell er nemnt i skriftlege kjelder
attende på 1300-talet. Desse to kapella var viktige for folk i farne
tider, der dei låg ytterst i havgapet - ei plassering som illustrerer
verdien til ferdsleåra langs kysten. I dag er det tre kyrkjer i Solund
kommune.
Solund kyrkje
Hersvik kyrkje
Husøy kyrkje
Kjelde:
Selja forlag : På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. |