"Løpsfantomet" frå Fresvik
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 06.02.2005
Mons Monsen Øyri er den største langdistanseløpar
verda nokonsinne har sett. Ingen har seinare gjort slike prestasjonar som
"Ørkenens løve". Han vart hylla av hundretusener - og formuer
blei satsa på hans kappløp mot tida både i Europa og
Asia.
Mons Monsen Øyri (1799-1843) blei født i
Fresvik i Vik kommune. Som ung tok han seg hyre og drog til sjøs
for aldri meir å sjå sin fødestad. Det skuldast nok
sikkert at han nokre år seinare fekk høyre at foreldra var
omkomne i eit forlis i Nordsjøen. Han bestemte seg då for
aldri meir å "betrede sitt fedrelands grunn".
Som sjømann reiste Mons Monsen Øyri rundt
til så og seie alle verdas land. Han blei etterkvart gripen av ein
stor trang til å lære framande land å kjenne. Det var
på ei av desse reisene at han for første gong prøvde
seg som langdistaneløpar - mot svarte afrikanarar i Cape Town.
I 1818 mønstra han av i London, grundig lei sjølivet.
Han tok det profesjonelle namnet Mensen Ernst, og ville no livnære
seg som løpar. I dei neste 20 åra forbløffa han heile
verda med sine prestasjonar. Etter at han som 20-åring sprang frå
London til Portsmouth (ca 116 km) på ni timar - besøkte han
70 europeiske og asiatiske byar, der han held løpsoppvisningar.
Mensen Ernst utførte tre løp som med sin
kombinasjon av langdistanse, terreng, orientering og maraton er utan sidestykke
i idrettens historie. Eit av dei var dette:
Det var inngått veddemål for minst 100 000
franc då han klokka ti over fire den 11. juni 1832 tok fatt på
sitt første storløp.
Han starta på Vendôme-plassen i Paris, og
skulle springe 2600 kilometer langs ei rute han sjølv hadde staka
ut gjennom Frankrike, Tyskland, Polen og Russland. Og dette skulle han
klare på 15 dagar.
Ernst nådde hovudporten ved Kreml etter 14 dagar,
5 timar og 50 minuttar.
Ernst var ytterst nøysom. På turen frå
Paris til Moskva åt han berre ca. to kilo kaldt kjøtt, men
desto meir kveitebrød, samt ein god del vin (hans einaste svakheit).
Han sov ute, på bar mark, og skulle han først sove innandørs,
ville han helst liggje direkte på ein trebenk utan madrass.
Heile Europa kjente den gong Mensen Ernst som "den raske
nordmannen". Tyskarar og arabarar gav han tilnamnet "Ørkenens løve".
Dronninga av Beyern kalla han "den minste mann med de lange ben". Dåtidas
medisinarar prøvde - utan hell - å forklare dei tilsynelatande
overmenneskelege prestasjonane. Han vart hylla av hundretusener - og formuer
blei satsa på hans kappløp mot tida både i Europa og
Asia.
Det å springe må ha vore eit naturleg behov
for Ernst, som ofte sprang 150 kilometer eller meir kvar dag. Dagens fremste
maratonløparar spring sine 42 kilometer på langt under den
tida Ernst ville brukt, men til gjengjeld kunne han halde denne farten
mil etter mil, dag etter dag, ja, veke etter veke.
I 1842 tok Mensen Ernst fatt på det løpet
som skulle bli avslutninga på hans karriere. Han skulle springe frå
Alexandria i Egypt til sørspissen av Afrika. Det høgaste
målet med løpet var å leite etter Nilens kilde, ein
draum han hadde hatt lenge.
Mensen Ernst kom likevel ikkje lenger enn til Nilens første
foss, og det var truleg dysenteri som sette ein stoppar for hans livsløp.
Den vesle nordmannen blei funnen død like ved bredda av Nilen av
nokre britiske turistar. Dei gravla han i sanden, men i dag er er det umulig
å besøke staden, som ligg på botnen av Assuandammen
i Egypt.
Fyrsten av Pucler-Muskau, som støtta Ernst finansielt
i dette løpet, skal seinare gjort mange anstrengelsar og brukt mange
pengar for å få reist ein gravstein med desse minneorda: "Rask
som rådyret, rastlaus som svalen. Jorda, hans arena, har aldri sett
hans like".
Det vi kjenner til av Ernst sine bedrifter, kjem hovudsakelig
frå biografien "Des Stauermannes Mensen Ernst" af Gustav Rieck, Breslau
(1838), som i stor grad er baseret på Ernst sine dagbøker.
Det er søkt etter referat i aktuelle aviser om
Ernst sine løp, utan at ein har funne dei omtala. Var Ernst verdas
største langdistanseløpar eller ein smart sogning ?
I 1987 avduka Idrettslaget Modig ein minnestein i heimbygda
Fresvik over Mensen Ernst .
Kjelde: "The Scandinavian Times" (1968)
------------------------------------------------------------
Du kan lese meir om Mensen Ernst og fleire av dei store
løpa han gjorde på linkane under :
MENSEN ERNST (ENG)
... sports interview lies beneath the Nile River - the
incredible runner known as MensenErnst. Ernst was the first professional
Norwegian athlete, and probably the ... Les
meir
Vise til Mensen Ernst - Sigurd Høgheim
Vise til kulturkvelden i ungdomshuset, Laurdag 8. august
1987 i samband med Mensen Ernst - høgtidi. Tone " No livnar det
i lundar ". ... Les
meir
Ernst Mensen
... Hvad vi kender til Ernst's bedrifter, kommer hovedsagelig
fra biografien "Des Stauermannes Mensen Ernst" af Gustav Rieck, Breslau
(1838), som i høj grad er ... Les
meir |