Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Vestlandet
 
 

       

        
Vestlandet på ein annan måte
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 28.07.2006
 
Vestlandet er ikkje berre djupe fjordar under høge, snøkledde fjell. Slik er den indre delen av Sognefjorden - men naturen er ein heilt annan rundt den ytre delen av denne verdas lengste fjord. Her er landskapet opnare, utsynet vidare og attraksjonane andre. I dette kystområdet finn vi mellom anna dei vestlegaste øyane i Noreg. 


BULANDET. Fiskeværet Bulandet ligg på ei samling små øyar og er vestlegaste samfunnet i Noreg. 
(Foto: Widerøe) 

 
Sognefjorden er brei her ute i munningen mot havet. På sørsida ligg kommunen Gulen med historisk sus, og på nordsida Hyllestad og øykommunen Solund, der Utvær er den vestlegaste utposten i landet mot Nordsjøen. Lenger inne ligg industrikommunen Høyanger, delt i to av fjorden. 

Rett nord for den mektige Sognefjorden ligg ein fjord med ein heilt annan natur. Dalsfjorden er lang og smal, med skogkledde åsar på sørsida og ruvande fjell mot nord. Vakkert til i Flekke i Fjaler kommune ligg eit United World College og eit Røde Kors - senter med innandørs badeland. Vestlegaste bygdesamfunnet i Noreg, Bulandet, finn du ute i havet utanfor munningen av Dalsfjorden. 


EIVINDVIK er det idylliske bygdesenteret i Gulen kommune (Foto: Jensbua) 
  

Historisk sus 
Det ligg mykje historie i dette sørvestre hjørnet av Sogn og Fjordane fylke. Ved Eivindvik i Gulen samlast i si tid Gulatinget, som for rundt tusen år sidan var sentralt i kristninga av Noreg og etableringa av eit norsk rettsvesen. Sogespelet Håkonarspelet, som blir sett opp i Eivindvik, er ei markering av denne historia. På Byrknesøy ytst mot havet i Gulen ligg eit fiskarbondemuseum. 


KVERNSTEIN vart produsert alt i vikingtida i Hyllestad (Foto: Jensbua)  
  

Hyllestad hadde frå vikingtida og i lang tid framover ein stor kvernsteinindustri, og eksporte kvernsteinar til mange europeiske land. Kong Harald og Dronning Sonja opna Kvemsteinparken i Hyllestad 11. juni i år. Høyanger og Stongfjorden i Askvoll har spela ei viktig rolle i nyare norsk industrihistorie. Det var her norsk aluminiumsproduksjon starta. Høyanger har eit eige industristadmuseum i den gamle byporten. 


DALSFJORDEN med statua av Islands første landnåmsmann. (Foto: Jensbua)  

  
I Osen i botnen av Dalsfjorden låg i mellomalderen ein stormannsgard, og her blir sogespelet Gaularspelet framført kvart år. I året 874 la Ingolfr Amarson til havs med heile sin familie frå Dalsfjorden. Han var den første som busette seg på Island og den som grunnla Reykjavik. 

Jakob Sande er ein av dei mest folkekjære norske lyrikarane. Han var frå Dalsfjorden og var fødd og oppvaksen på Klokkargarden i Dale. Her er det omvising og kafé i sommarsesongen. 

Til lands og til sjøs 
Mellom Sognefjorden og Dalsfjorden ligg framleis delar av den 200 år gamle postvegen mellom Bergen og Trondheim. Vegen har fleire fine steinbruer, og ein kan både vandre langs den til fots, bruke terrengsykkel eller ri på hest. Området har elles mange merka turstiar, frå lette turløyper på øyane til meir utfordrande fjellturar. Enkelte arrangørar tilbyr også fjellklatring. 

Det er minst like mykje å oppleve på og i sjøen i dette kystområdet. For småbåteigaren er ytre Sogn og Dalsfjorden eit flott område å feriere i med sine mange øyar, uthamner og gjestehamner. Her er gode forhold for både sportsfiske og sportsdykking. 

Du kan padle kajakk, og du kan bli med på tur med tradisjonelle norske trebåtar med segl og årar. Du kan følgje båt til Bulandet, der eit bygdemuseum fortel historia til dette livskraftige fiskarsamfunnet, og til den fråflytta utposten Utvær med sitt mektige fyrtårn. Fylkesbaatane har ekspressbåtruter frå Bergen til ytre Sogn og Askvoll og ei rekke lokale båt- og ferjeruter i området. 

Ytre Sogn og Dalsfjordområdet marknadsfører seg som eitt reisemål. Stiftinga Jensbua er ein sentral aktør både innan reiseliv og i arbeidet med å ta vare på kulturminna i området. Stiftinga har namn etter ei restaurert sjøbu ved Dalsfjorden, der det i dag er verkstad, kurs og andre aktivitetar. 
------------------------------------------- 
Kjelde: FSF - Fjord og kyst (2002)  

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal