Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Vestlandet
 
 

     

 
Under dei mange bruene
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 14.02.2003

Du passerer fleire bruer på ein tur med ekspressbåten frå Bergen til Nordfjord enn du gjer på noko anna ekspressbåtreise på norskekysten. Heile seks bruer går båten under frå han går frå Bergen til han legg til kai i Måløy.  I tillegg ser du fleire andre bruer frå båten. To av bruene er mellom dei største i sitt slag i verda. 


ASKØYBRUA. 
Brua mellom Bergen og Askøy (i bakgrunnen) var til nyleg den lengste hengebrua i Norden. 
(Foto: Knut Strand, Bergens Tidende.) 

Når båten kjem ut på Byfjorden like etter avgang frå Bergen, kan du til babord - eller venstre - sjå Askøybrua. Dette er Nordens lengste hengebru nest etter Storebæltsforbindelsen i Danmark. 

Hengebru vil seie at brubana heng i stålkablar frå to tårn. Askøybrua er totalt 1.050 meter lang, med eit hovudspenn på 850 meter. Tårna er 152 meter høge. Midt under brua er det ei seglingshøgde på 62 meter. 

Askøybrua opna i desember 1992, og knyter dei 19.000 innbuarane i Askøy kommune til Bergen. Før dreiv Rutelaget Askøy - Bergen ferjerute mellom Askøy og Bergen. 


BRU-TREKANT. 
Bruene som bind saman Bergen og Nordhordland. Nærast kryssar Nordhordlandsbrua Salhusfjorden til Flatøy, bak til venstre går Krossnessundet bru over til Holsnøy, og bak til høgre fører Hagelsundet bru til Knarvik og Lindås. (Foto: Helge Sunde, Bergens Tidende.) 

Verdas lengste flytebru 
Den første brua ekspressbåten passerer under på turen nordover frå Bergen, er Nordhordlandsbrua. Også dette er eit byggverk med store dimensjonar. Sjølve bruspennet over skipsleia er 172 meter langt og heng frå eit tårn som ragar 99 meter over sjøen. Denne delen av Nordhordlandsbrua går over i ei flytebru som kryssar resten av Salhusfjorden. Med ei lengde på 1.246 meter er dette verdas lengste flytebru utan forankring på sidene. 

Nordhordlandsbrua var første flytebrua i Noreg då den opna i september 1994. Brua avløyste det travle ferjesambandet Knarvik-Steinestø, som før var landets mest trafikkerte ferjesamband. Nordhordlandsbrua har ei samla lengde på 1.610 meter frå Klauaneset ved Salhus til Flatøy. 

Vesle Flatøy er noko av eit bru-knutepunkt. Her møtest tre store bruer. Frå Flatøy fører den 391 meter lange Krossnessundet bru over til Holsnøy og Meland kommune. Men ekspressbåten vår går under den tredje brua i denne trekanten, Hagelsundet bru, som fører frå Flatøy og over til Knarvik og Lindås kommune. Hagelsundet bru er ei hengebru med eit hovudspenn på 250 meter. Frå sjøen og opp til midten av brubana er det 50 meter. Hagelsundet bru opna i 1982, og var første brua i landet med dekke av betongelement. 


HISTORISK BRUOPNING. 
Den 29. juni 1958 vart Alversundbrua opna med stor stas, stort frammøte av folk og bilkortesjar over brua. Dette var den første av etter kvart mange bruer i Nordhordland og Bergen - området. (Foto: Harald B. Vetås.) 

Over Alversundet 
Ikkje mange minuttane etter at ekspressbåten har passert Hagelsundet bru, er vi inne i den trange og idylliske Alverstraumen. Her skal vi gå under Alversundet bru - veteranen mellom bruene på denne kyststrekninga. Dette er også ei hengebru, med eit hovudspenn på 198 meter 27 meter over sjøen. Alversundet bru opna i 1958 - same året som Fylkesbaatane fylte 100 år. Brua knytte Radøy til fastlandet, og var ein samferdslemilepel i Nordhordland. 


VERDAS TYNGSTE BRULØFT. 
To store kranbåtar måtte til då midtseksjonen på Mjømnesundbrua skulle løftast på plass i mai 1997. 
Seksjonen vog 470 tonn, og var truleg verdas tyngste bruløft. 
Foto: O. Handeland, Statens Vegvesen Sogn og Fjordane.

Bruene ved Fensfjorden 
Ekspressbåten styrer vidare nordover gjennom dei smale Straumane i Nordhordland. Ein stad ser vi til babord (venstre) ein rask glimt av Fosenstraumen bru, den 586 meter lange brua mellom kommunane Radøy og Austrheim. No nærmar vi oss raskt den opne Fensfjorden, med oljeindustrien på Mongstad inne til styrbord (høgre). 

Like før Fensfjorden går båten under Bakkastraumen bru, som med sidespenn er 214 meter lang. Denne brua og nabobrua like vestanfor - Kjelstraumen bru på 205 meter - bind Austrheim saman med Lindås. Dette brusambandet opna i 1971. Når vi har kryssa Fensfjorden styrer ekspressbåten Bergen - Nordfjord inn i Mjømnesundet. No er vi komne til Sogn og Fjordane fylke og Gulen kommune. Her skal vi gå under den nyaste av bruene på denne kyststrekninga. Mjømnesundbrua opna hausten 1997, og knyter saman øyane Mjømna og Byrknesøy. Sjølve Mjømnesundbrua er 376 meter lang og går frå Byrknesøy til den vesle Tyløya midt i Mjømnesundet. Frå Tyløya fører den 160 meter lange Nappsundbrua vidare til Mjømna. 

Reiser du med ekspressbåten frå Bergen til Sogn, går ikkje båten gjennom Mjømnesundet, men som oftast gjennom Mjåsundet mellom Mjømna og Sandøy. Også her går det bru. Mjåsundbrua opna i 1993. Sandøy, Mjømna og Byrknesøy er såleis knytte saman med veg og bruer. Dei har ferjesamband frå Skipavik på sørenden av Sandøya til Sløvåg på fastlandet og til Leirvåg ved Mongstad. 


MÅLØYBRUA. 
Brua mellom Måløy og fastlandet er totalt på 1224 meter, og var i si tid den lengste i landet. (J.K.Foto) 

Måløybrua 25 år 
Frå Mjømna har vi ein lang seglas framfor oss før vi kjem til neste og siste bru over leia. Det er Måløybrua, som i desse tider har 25-årsjubileum. I desember 1973 tok bilane til å køyre over Måløybrua, som den gongen var landets lengste bru. 

Den 11. juni l974 vart brua offisielt opna av Kong Olav. Måløybrua er totalt 1224 meter lang, og svingar seg som ein kjempestor S frå fiskerisenteret Måløy over Måløysundet til fastlandet. 

Brua har to hovudspenn over skipsleia, kvart på 125 meters lengde og med ei seglingshøgde på opptil 42 meter. 

Når ekspressbåten legg til kai i Måløy eller Selje, har vi passert under seks bruer på turen vår frå Bergen. Kvar og kva tid neste bru over leia Bergen - Selje kjem, er ikkje godt å seie i dag. Men det som er klart, er at den første undersjøiske vegtunnelen under leia vil komme i nær framtid. Den skal gå under Skatestraumen i ytre Nordfjord og knyte Bremangerlandet til fastlandet. Slik det ser ut no, skal tunnelen vere klar for trafikk i år 2002. 
--------------------------------------------------------- 
Tekst : FSF - Fjord og kyst nr. 1 - 1999 
Kjelder for artikkelen: 
Statens Vegvesen Hordaland 
Statens Vegvesen Sogn og Fjordane 
NAF Veibok. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal