Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Vestlandet
 
 

     

 
Cruise-turistar over Strynefjellet
Forfatter: Martin Lilleheim
Publiseringsdato: 05.02.2003

Tek vi føre oss historia om norsk reiselivsnæring har vi mykje å være stolte av både i Nordfjord og på Sunnmøre. Omkring slutten av 1800 - talet var det mykje som gjekk føre seg her. Det bobla liksom over med gode idear og det vart satsa friskt på ulike felt. 

På vestsida av fjella vart det bygt turistvegar til Briksdalsbreen i Olden og Dalsnibba i Geiranger. For å gjere norgesturen endå meir fantastisk kom óg ideen om å arrangere ein «overlandstur» som gjekk frå Øye eller Hellesylt på Sunnmøre, via Hornindal, Stryn, Strynefjellet. Dalsnibba og ned til Geirangerfjorden. I mellomtida skulle turistskipa - dei flytande hotella gå frå Øye/Hellesylt til Geiranger og ligge der og vente på sine passasjerar. 


VIDESETER.
Dette bildet frå Videseter er truleg teke like før krigen. 
Midt på tunet står hotelleigar Lars Skåre og skodar stolt utover den imponerande bilparken. 
Vi tippar at turistane samstundes et laks og let seg imponere av den fantastiske utsikta mot dalen nedanfor. 

 
Tidlegare hadde turistane ferdast med hest og vogn over fjellet. Men det var først då bilen rulla inn på scenen, at det var råd å tenkje på daglege overlandsturar. Den aller første var avvikla i 1922, same året som vegen langs Strynevatnet var ferdig. 

Det var hotella og skysslaga som stilte med bilar dei første åra, helst store amerikanske eller tyske 6-seterar med trekkfulle kalesjer mot regn og vind. Men turistane tok dette med godt humør. Ein var ikkje betre vane på den tid. 

Dei første åra var det ikkje så mange bilar ein hadde bruk for. Men trafikken auka jamnt, og på dei beste dagane var både 40 og 50 bilar med «over land». Og då hadde ein rett til å snakke om «storefølgje». 

«Bilfabrikk» i Geiranger 
Men lat oss begynne med begynnelsen. Vinteren 1911 bygde hotelleigar Karl Mjelva i Geiranger karosseri til tre Opelbilar (7-seterar). Mjelva hadde vore i Tyskland og kontrahert motorar til desse bilane. Han fekk óg Opel-fabrikken til å konstruere ei spesiell ramme framme, slik at bilane kunne klare dei krappe svingane. Og dei var det rikeleg av på vestlandsvegane i dei dagar. Han fekk med seg Arne Berstad. Thor K. Hjelle og Markus Loen og skipa eit lutlag som kjøpte dei tre Opelbilane som Mjelva hadde bygt. 

Sommaren 1912 tok laget til å trafikkere - utan konsesjon - vegen Hjelle - Grotli - Geiranger. I førstninga var bøndene rasande fordi slik skræmsle fór etter vegane, men det kom seg etter kvart, og året etter fekk lutlaget konsesjon. 

Overlandskøyringa tok altså til i 1922, og dei første åra køyrde ein med Opel og Adler frå Tyskland, Lahuere frå Frankrike, Fiat frå Italia, Buick, Hudson og Nash frå USA. for å nemne nokre. Dei første åra var det helst få som deltok, men etter kvart spreidde ryktet seg om dette heilt spesielle tilbodet. 

- I don't believe it! 
Det var mange artige historier frå desse åra. Ein gong hadde ein rik amerikanar leigt ein heil Buick for seg sjølv, og plasserte sin omfangsrike og tunge kropp i baksetet. Der styrkte han seg med fluidium frå både ei og to reiseflasker, og sovna etter kvart. 

Han vakna på Tystigen i det nydelegaste solskin, med 4-5 meter høge brøytekantar på begge sider av vegen. Dette var eit av dei første åra skiløparane slo salto over vegen der oppe, for å imponere turistane. Akkurat då denne amerikanaren såg opp - øren og forvilla - passerte ein skiløpar over vegen og bilen med hovudet med. Turisten riste forstøkt på hovudet, og så kom der med styrke: - I dont believe it! 

Frå bil til buss 
I dag som i 1922 går turistane i land både på Øye og på Hellesylt, og bilane set kursen mot Hornindal. Vidare til Stryn, og opp langs Strynevatnet til Videseter, over fjellet til Grotli, vidare til Djupvasshytta og gjerne opp Nibbevegen til Dalsnibba. Og så det siste stykket ned til Geiranger og fjorden. Heile turen tek i dag mellom 6 og 9 timar, alt etter kva ruteopplegg ein vel. Samla lengde er vel 170 kilometer, og høgdeskilnaden er 1.500 meter. 

Dette er eit landskap der det skifter med dei sterkaste inntrykk. Her er fjorden, innsjøar, ville høgfjell, brear og fossar. Det er ikkje stort meir enn ein time frå sommar ved fjorden til 3 - 4 meter høge brøytekantar på Strynefjellet. 

Lenge vart overlandsturane køyrt med småbilar, men frå 1965 gjekk ein over til å bruke buss. Men framleis køyrer ein den gamle Strynefjellsvegen, noko turistane set stor pris på. 

Nordfjord og Sunnmøre Billag har i dag all overlandskøyringa. Sommars tid brukar dei alle sine skulebussar over land, og får dermed ei vekselkøyring som betyr mykje økonomisk sett. 

På dei travlegaste dagane kan billaget ha opptil 30 bussar engasjert med slik køyring, med godt over 1.200 passasjerar på utflukt, fortel turbilleiar Bjørg Næss i Nordfjord og Sunnmøre Billag. 

- Vi får svært positive tilbakemeldingar både frå reisebyrå og enkeltpassasjerar for den innsatsen guidane våre gjer, og det same gjeld dei som sit ved rattet. Og det er vi sjølvsagt stolte av, seier Bjørg Næss. 
------------------------------------------- 
Kjelde: FSF - Fjord og kyst 1999 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal