Fjord og kyst med ferje
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 26.05.2004
Sogn og Fjordane har meir å by på enn dei
fleste fastbuande og feriegjester er klar over. Fjordane og kystområda
i fylket er svært ulike både når det gjeld natur og kultur.
Kvifor ikkje køyre ein dagstur i «ditt næraste feriefylke»
i sommar ?
FRÅ FJORD TIL KYST. Du kan ta mange spennande dagsturar
innanfor Sogn og Fjordane fylke.
Over ser du ferja på veg frå Rutledal til
Rysjedalsvika, med Lihesten i bakgrunnen. (Foto: Rolf M. Sørensen.)
Bur du i midtre eller indre Sogn, vil du oppleve eit tverrsnitt
av Vestlandet med å ta turen ut til kysten. Du kan køyre utetter
nordsida av Sognefjorden og sjå korleis fjordlandskapet endrar seg
i ytre Sogn. Der ligg Hyllestad under den mektige Lihesten.
Både frå Lavik og frå Rysjedalsvika
går det ferje over til sørsida av fjorden - til Gulen kommune
med historisk sus frå Gulatinget. Endå meir av sørsida
av Sognefjorden vil du sjå med å ta fjordvegen innover til
Ortnevik. Eit anna alternativ er å køyre om Matre og ta fjellvegen
gjennom Stølsheimen til Bjordal, og køyre vidare til Oppedal
eller Ortnevik.
Frå Rysjedalsvika (og frå Rutledal i Gulen)
går det ferje til øyriket Solund. Her kan du køyre
rundt i eit særprega landskap av naken konglomeratstein, med idylliske
vikar imellom. Frå Daløy går det fylkesvegferje over
til Nåra og Ytre Solund.
Frå Hyllestad har du fleire vegalternativ nordover
til det låglendte ytre Sunnfjord og den smale Dalsfjorden. Ferjene
Fure - Askvoll og Dale - Eikenes fører over fjorden til kystkommunen
Askvoll. Her ligg dei store og livskraftige øysamfunna Atløy,
Værlandet og Bulandet. Til Bulandet - landets vestlegaste bygd -
er det to timars sjøreise med havgåande ferje.
Bur eller ferierer du i indre Nordfjord, er også
ein tur til kysten ei fin avveksling. Du kan køyre til Måløy
og ta ferja over til Oldeide og ytre Bremanger med badestranda Grotlesanden
og det tradisjonsrike fiskeværet Kalvåg. Største øya
i Sogn og Fjordane har fått ferjefritt vegsamband til fastlandet.
12. juli 2002 opna veganlegget som knyter Bremangerlandet og naboøya
Frøya til resten av Bremanger kommune. Den første undersjøiske
vegtunnelen i fylket er ein viktig del av vegsambandet.
Du kan køyre den undersjøiske tunnelen under
Skatestraumen, ta ein tur gjennom industristaden Svelgen og hjortebygda
Ålfoten, og ta ferja Isane - Stårheim over til nordsida av
fjorden att. Alternativt kan du køyre frå Kjelkenes til Eikefjord
og attende til Nordfjord over Hyen eller over Førde og Byrkjelo.
Mellom Sogn og Nordfjord er det også svært
greitt å reise ved å bruke Fjærlandsvegen. Kva tid ferjene
går, finn du i rutene til Fylkesbaatane. På dei mest trafikkerte
sambanda er det ikkje særleg lenge mellom kvar avgang. På samband
med mindre trafikk og på lange ferjestrekningar kan det vere lengre
mellom avgangane.
--------------------------------------------------------
Kjelde: FSF - Fjord og kyst |