Minnesmerke over stortingsmann Johannes Johannesson Spjeldnæs.
Minnesmerke over stortingsmann Johannes Johannesson Spjeldnæs.
Foto: Scandion.
Minnesmerket har denne teksten:
Johannes Johannesson Spjeldnes f. Smørdal 1788
- 1834
Stril frå Lindås, Kommandersersjant og bonde.
I krig for folk og land ved svenskegrensa 1808.
Stortingsmann 1821, 1822, 1827, 1828, 1833.
Eit samlande namn millom bøndene på tinget.
Kollsigla på Kvednafjorden på heimferd frå
Christiania hausten 1833, fekk lungebrann og døydde ved jonsokleite
året etter. Sambygdingar sette denne steinen i 2002.
-----------------------------------------------------------------
Minnesmerke over distriktslege Johannes Solem.
Minnesmerke over distriktslege Johannes Solem. Foto:
Scandion.
Minnesmerket har denne teksten:
Johannes Solem
Født Christiania 1873. Død 1964.
Gravlagd på Lindås kyrkjegard.
Distriktslege i Lindås, Masfjorden, Austrheim,
Fedje og delar av Radøy 1917 - 1948.
Fekk bygd Lindås Sjukehus for tuberkulose i 1927.
Minne om ein heidersmann i legetenesta på Strilelandet.
«Går Peder så går jeg »
Peder «på Stølane» Lindås
(1883 - 1964) var Dr. Solem sin trufaste skysskar med båt i allslags
ver i det store distriktet.
«Ein mann av æra»
-----------------------------------------------------------
Minnesmerke over tre menn frå Lindås-sokna
som mista livet i krigshandlingane under 2. verdskrig vart avduka 8. mai
2006 av kontreadmiral Egil Eikanger.
Minnesmerke over tre menn frå Lindås-sokna
som mista livet i krigshandlingane under 2. verdskrig.
Foto: Scandion.
Minnesmerket har denne teksten
«Kjemp for alt hva du har kjært, dø
om så det gjelder»
Fra Lindås sokn fall desse under 2. verdenskrig
1940 - 1945
Johannes Mongstad
Mongstad i Lindås sokn f. 1919. Gjorden teneste
på den norske MTB 620. Under senking av den tyske malmbåten
ALTENFELS ved Trælsøy i Korsfjorden, den 5. juni 1943, kom
MTB 620 i kamp med tyske eskortefartøy. I kampen vart Johannes råka
av ein granatsplint og såra. Han døydde den 7. juni 1943 på
sjukehus på Shetland. Han er gravlagd på Leirvåg gravplass
i Austrheim.
Bjarne Rødland
Fanebust i Lindås sokn f. 1915. Var kokk ombord
i hurigruteskipet D/S BARØY. Utanfor Hamarøy, to mil vest
av Tranøy Fyr, vart båten senka av britisk flytorpedo den
12. september 1941. 16 av mannskapet omkom i forliset, m.a. Bjarne Rødland.
Han vart aldri funne og fekk si våte grav i havet.
Mons Andreas Hope
Hope i Lindås sokn f. 1886. Var med i Kristian
Stein organisasjonen og vart difor arrestert av tyske Gestapo. Send til
konsentrasjonsleir i Tyskland og vart avretta i Berlin 16. april 1943.
Folk i Lindås sokn reiste dette minnesmerke.
Avduka 8. mai 2006.
-----------------------------------------------------------
Minnesmerke over lensmann Eilif Stene
Minnesmerke over lensmann Eilif Stene f. 17.10.1899 -
d. 20.6.1968.
Vener i Lindås og Lindås Sparebank reiste
denne minnestein.
Foto: Scandion.