Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Attraksjonar
Håkonshaugen
Kyrkjeparken
Lyngheisenteret
Strilamuseet
Vollom naturreservat
 

 

 
Attraksjonar i Lindås kommune
(15.03.2001)

Vikingtid og strilekultur er stikkord når du vil føle Nordhordland på pulsen. Her, i det som i dag er Lindås kommune, var det sentrale midtpunkt i distriktet på Harald Hårfagre og Håkon den Gode sine dagar, og slik er det også i dag. 

Her fann Aslaug Låstad Lygre dei første inspirasjonar til sin lyrikk og Bjarne Bjørndal til sin musikk. 
Det er i Lindås du finn hotella, regionsenteret og utgangspunkt for mykje av oljeverksemda i Nordsjøen. 

Det er her du finn Håkonshaugen, der Håkon den Gode i følgje tradisjonen skal vere gravlagt, - og bøkeskogen, den nordlegaste i verda. 

Lindås er den største kommunen i folketal i Nordhordland. Den dekkjer eit areal på 467 km2, og har omlag 12 500 innbyggjarar. Terrenget varierer frå skjergard med gode fiskeplassar og badeplassar til høgfjellsområde som eignar seg godt til turgåing og skigåing. 

Kystlina er heile 375 km med 531 øyer og holmar. Innanfor strandlina finst mange idylliske vatn og vassdrag med eit samla areal på omlag 20 km2. I aust reiser fjellheimen seg opp over 900 m inn mot Modalen og Stølsheimen, med Sørdalsnuten på 957 moh. som høgaste punkt. 

Kommunen er rik på kulturminne og historiske minne med m.a. kongshaugen på Seim, lyngheiene på Lygra, gamle torvhus og kvernhus, vegkyrkja på Vike og ulike muse og samlingar. Næringslivet er variert med omfattande industri og service. 
Oljeraffineriet på Mongstad, som gjev sysselsetjing for omlag 700 personar, er den største industriarbeidsplassen. 

Heilt sør i Lindås ligg Knarvik som er senteret i kommunen og regionsenter for Nordhordland. Herfrå er det 30 km til Bergen sentrum. I 1994 fekk distriktet brusamband til Bergen over Nordhordlandsbrua. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no