Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Attraksjonar
Vollum naturreservat

 

   
Vollom naturreservat
Foto: Scandion.

Ved Vollom, like nord for Seim, ligg den nordligaste bøkeskogen i verda. 

I Norge har vi lite av dette varmekjære treslaget, og vi kan undrast på korleis det har seg at det veks bøkeskog her. Vi må nok langt tilbake i historia for å finne forklaringa. Bøken var det siste treslaget som nådde fram til Norge etter siste istid. 

I hundreåra før Kristi fødsel kom han via Danmark og etterkvart nordover til Sør-Sverige og områda rundt Oslofjorden. Vi kan tenkje oss at kongsgarden på Seim kan væra grunnen til at det voks fram ein bøkeskog her vest.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no