Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Attraksjonar
Lyngheisenteret

 

  
Lyngheisenteret på Lygra
Tekst: FSF. Foto: Scandion.

Lyngheisenteret på Lygra er eit informasjonssenter om kystlandskap. Her kan du vandre på tilrettelagde stiar i eit historisk landskap slik det har vore på kysten i 5000 år. Området er verna gjennom aktiv gardsdrift, og gardane er opne for besøk. 

I fleire tusen år har lyngheiene prega kystlandskapet i Vest-Europa frå Portugal til Lofoten. No er 90% av dette landskapet borte, ikkje minst på grunn av oppdyrking og tilgroing med skog. 
- Lyngheiene har vore Europa sitt andlet mot Atlanterhavet, seier Mons Kvamme, direktør ved Lyngheisenteret i Nordhordland. 

Senteret skal vere ein stad der framtidige generasjonar kan oppleve lyngheiene slik dei var gjennom så mange tidlegare generasjonar. 


LYNGHEISENTERET. Frå informajonsbygget på Lygra er det flott utsyn over store delar av Nordhordland. I framgrunnen set Hannah Wood poteter på gamlemåten på den eine av gardane. 

VIL SYNE DET GAMLE KYSTLANDSKAPET 

Lyngheisenteret ligg på Lygra, og det vart offisielt opna av dronning Sonja i mai 2000. I løpet av året hadde senteret rundt 15.000 besøkande. I eit nytt informasjonsbygg finn ein utstillingar omkring lyngheiene og landbruket i fortid og framtid. Bygget har også auditorium, møterom og kafé. Lyngheisenteret samarbeider dessutan med fem gardsbruk på Lygra, som har 1.500 dekar lynghei som utmark der på øya og på den ubygde granneøya Lurekalven. Senteret skal drive med både landskapsvern, kulturformidling, forsking, undervisning og turisme. 

Gjennom lange tider har jordbrukarar forma lyngheiene ved å bruke dei til beite, skjere lyng til fór og svi av lyng og kratt med jamne mellomrom. 

Tanken om ein modellgard for bruk av lyngheiene kom opp i 1970-åra. Ein vurderte fleire stader i Lindås, men enda opp med Lygra, der store lyngheiområde var i god hevd. Grunneigarane vart med i eit samarbeid, og i 1994 starta utbygginga, med Hordaland fylkeskommune som største bidragsytar økonomisk. Sidan 1999 har Lyngheisenteret vore ei eiga stifting. 

I tillegg til bygget har ein investert mykje ute i landskapet. 27 eldre naust, løer, våningshus og småhus i utmarka er restaurerte. 
Ein har sett i stand halvannan kilometer med steingardar, og laga fire kilometer med stiar gjennom utmarka. Det eine gardsbruket skal drivast slik det vart gjort før krigen, med korn og poteter og tørking av alt høy, naturgjødsling og hestedrift. 


VILLSAU. Rundt 150 villsauer går ute heile året i lyngheia på Lygra. Dei er små og hardføre og lever av lyngen om vinteren. 

Viktigaste innslaget i utmarka på Lygra er ein stor flokk villsauer frå Austevoll. Desse høyrer til den gamle norrøne sauerasen. Kjøtet er magrare og smakar meir enn anna sauekjøt. Kaféen ved Lyngheisenteret byr på både suppe, gryterettar og anna mat med villsaukjøt. 
- Ute i Europa er det nokre verneområder og eit par museumsanlegg i lyngheiene. Men Lyngheisenteret er det einaste som tek utgangspunkt i dei bøndene som brukar landskapet. Skal vi ta vare på lyngheiene, må vi ta vare på den driftsforma som har forma dette kulturlandskapet seier Mons Kvamme ved Lyngheisenteret på Lygra. 
 

Til Lygra med ekspressbåt 
Fylkesbaatane sine ekspressbåtar mellom Bergen og Sogn og Fjordane har fått stjernestopp på Lygra. Det vil seie at båtane stoppar der om det er passasjerar som skal i land eller om bord. 
Stopp bør tingast på førehand. Båtane legg til ved ei flytekai, og derfrå er det berre ein kort spasertur opp til Lyngheisenteret. 

Ein kan ta både halvdags og heildags turar frå Bergen til Lyga med ekspressbåt. Reisetida er 45 minutt. Det går båt frå Bergen kl. 8.00 og kl. 16.30 kvar yrkedag om sommaren. Ein kan reise attende frå Lygra kl. 10.55 eller kl. 19.55. Laurdag og søndag er rutetidene noko annleis. Frå Sogn og Fjordane kan ein reise med ekspressbåt til Lygra om morgenen og få ein god dag der før båten går nordover att om ettermiddagen. 
Lyngheisenteret satsar mykje på å verte eit reiselivsmål for halvdags og heildags turar frå Bergen. I dette området ligg også Utvandrarsenteret på Radøy og sjøslusene i Lindås, som begge kan nåast med ein mindre båt frå Lygra. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no