Næringsliv
i
Masfjorden kommune
Tekst: Masfjorden kommune. Foto: Scandion
Masfjorden er ein attraktiv, innbydande kommune med store
naturressursar. Kommunen er lokalisert i Nordhordland sentralt i høve
til store og viktige næringsregionar i bergensområdet. Næringsclusteret
på Mongstad med store aktørar som Statoil setter Nordhordland
”på kartet” og opnar for synergiar også i andre delar av regionen.
Frå Masfjorden er det kort avstand til Sløvåg
Industriområde, som har muligheit for tilførsel av gass i
samband med utbygginga av nytt energiverk på Mongstad. Denne situasjonen
gir gode muligheiter for næringsvekst også i Masfjorden. |