Hovudside
Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal |
Masfjorden
Kraftverk Artiklar
|
|
|
|
|
(03.11.2004) Forfatter: BKK Då BKK vart etablert i 1920, kunne trongen for elektrisk kraft i ein norsk familie definerast slik: Ei lampe på kjøkkenet, ei i stova og - eventuelt - ei i fjøset, (omlag 200 kWh pr. år). I vår tid er gjennomsnittsforbruket pr. husstand på over 20.000 kWh pr. år. Viktigast for forbruket er varme og varmtvatn, men vi er så avhengige av lys, maskinar og apparat at vi vert hjelpelause når straumen ein sjeldan gang "går". Dei
gode hjelparane
Elektriske omnar for romoppvarming var produserte i USA frå 1890. Første norske utgåva vart lansert av ingeniør Arne Barman, Ålesund, i 1896. El-omnane kom i bruk i større skala først eit halvt hundre år seinare.
Støvsugaren vart lansert i Noreg i 1910, men kom ikkje i vanleg bruk før 40-50 år seinare. Radio (Marconis oppfinning: 1896) vart indtrodusert i Noreg i 1925 (privat kringkasting) og utvikla vidare etter at NRK kom på lufta i 1933. Fjernsyn (byggjer på mange oppfinningar, dei første frå 1880-åra) vart introdusert i Noreg som prøvesendingar frå 1954, regulære sendingar frå 1960, og fargesendingar frå 1972. I 1950-åra fekk ei rad hjelpemiddel gjennomslag
på marknaden: vaskemaskin, kjøleskåp, barbermaskin,
"høgfjellssol", handdrill...
|
|
Webredaktør: Magne Opdal |