Ein nasjon vert til - på naturkrefter
14.10.2004
Tekst og foto: BKK
Den som kjem først til mølla, får
først male, heiter det. Det er det sjølvsagt eit poeng i,
men viktigare i vår samanheng er nett det at ein måtte koma
til mølla for i det heile å få mala.
For før elektrisiteten vart teken i bruk, var fossekrafta
stadbunden. Gjennom generasjonar hadde kverna og saga lege ved fossen.
I barndomen for den norske industrireisinga vart også fabrikkane
plasserte der. Krafta kunne ikkje overførast over større
avstandar. Mange av dei kjende industristadane våre er bygde kring
fossekrafta - der ho var å finna: Odda, Ålvik, Dale...
Den nasjonen som vakna i 1905, hadde lege som eit fattigland
i Europas skugge gjennom lang tid. Det var eit land med naturalhushald
der bønder og fiskarar dominerte i tal, der bygdene mata byane,
og der tradisjonane var striskjorte og havrelefse.
Det var ein nasjon som i si naud hadde måtte eksportera
ein monaleg del av den handlekraftige ungdomen til Amerika. Vi sende dei
rett nok på eigande kjøl, for norsk skipsfart, av kvalitet
og omfang, det hadde vi.
Sjølve landskapet, stupbratt som det ofte er og
med sitt skrinne jordsmonn, hadde gjort sjøen både til naturleg
transportveg og leveveg.
Denne barske naturen opna for nye rikdomar. For i kombinasjon
med det ustanselege siget av mild væte frå vest, skapte fjella
skysperre, nedbørsområde, fallhøgder. Vatn, vatn, vatn.
Kong Haakon VIIs unge nasjon fekk oppleve store omveltningar.
Teknikken gjorde sitt inntog alle stader. Nye oppfinningar, nye oppdagingar,
nye idear, nye måtar å tena levebrødet på - alt
frå industriarbeidarens slit under klokka til spekulantens nervepirrande
spel på børsen.
Det vart satsa på fabrikkar, det vart satsa på
jernbane; Bergensbanen opna i 1909. Ei kjeledegge vart fødd: bilen.
Det første eksemplaret, ein tysk Windhoff, vart registrert i Bergen
i 1908. Bergensaren Trygve Gran tok seg over Nordsjøen i eit
einmotors fly i 1914.
Ein verdskrig loga opp og slokna ut. Bergen brann i 1916
og vart bygd oppatt. Russland reiste seg mot tsaren; Lenin skapte Sovjetunionen.
For folk flest i Noreg vart kan henda levemåten
dei første tiåra i hundreåret tryggare; ikkje trygg,
ikkje feit, men annleis enn før. Ein heilt ny klasse kom til; industriarbeidaren.
Dei store endringane kom sjølvsagt ikkje av elektrisiteten
åleine, men den var eit vesentleg bidrag og eit avgjerande grunnlag
for utviklinga fram til våre dagar. Pionerane såg si oppgåve
for det første i å sikra seg rettar og temja vasskrafta, dinest
å bruka energien til industrielle føremål.
Men "stasjonær" straum var ikkje nok for den nye
tida. Ein måtte vera i stand til å overføra krafta.
Mølla måtte bringast ut til folket - så og seia. |