Hovudside
Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal |
Masfjorden
Kraftverk Artiklar
|
|
|
|
|
Forfatter: Ingunn Halvorsen (31.03.2004) På Kløvtveit i Gulen kan BKK få sitt 30. vasskraftverk - dersom prosjektet viser seg å vera lønnsamt. - Kløvtveit kraftverk vil yta om lag 10 MW og produsera 41 GWh i året. - Eg håpar og trur at kraftverket vert realisert, seier stasjonsleiar Frode Langhelle. Han og kollegane på Matre vil få driftsansvaret for Kløvtveit kraftverk. Initiativet til utbygging kom frå Gulakraft for nesten 20 år sidan, og BKK fekk konsesjon i 2000. Men dei opphavelege planane gav dårleg lønnsemd, og BKK la nye planar der ein droppa regulering av Austgulvatnet. I staden skal vatnet overførast i tunnel til inntaksmagasinet Kløvtveitvatnet. Eit pumpeanlegg, ei taubane og ein 22 kV-leidning over fjellet vart tekne ut av planane, noko som påverkar både økonomien og miljøet positivt. Usikker økonomi
Sjølv om det alternativet BKK no har fått
konsesjon for inneber færre miljøinngrep enn det førre,
er ikkje alle glade for denne løysinga. - Det er spesielt reguleringa
av Kløvtveitvatnet som møter motbør. For å klara
oss utan regulering av Austgulvatnet må vi tappa ned Kløvtveitvatnet
permanent med 22 meter. I tillegg vert vatnet regulert med 24 meter. Det
er klart at dette vil prega terrenget i mange år framover, seier
Langhelle.
|
|
Webredaktør: Magne Opdal |