Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kraftverk
Artiklar

 

  
Kappløp om vannfalla
Tekst og foto: BKK

Historia om kraftutbyggaren er først og fremst historia om arbeidsnevar og stål mot fjell, om dynamitt, dammar, transport i ulendt terreng og sjølvsagt om bruk av pengar; store summar underveis. Men det er også historia om fantasi og nitid planlegging, like mykje som om improvisasjonar .
 
Foto: Ein ekte Matre-bus, Otto Haukøy i tunnel under Hestfossen, vinteren 1967. 
 
 
For kraftutbyggaren er det ikkje snakk om å få kartet til å stemme med terrenget, men om å omskape terrenget slik at det passar med idéen om utnyttelse. Vannkraftingeniøren planlegg sitt nett av katakombar for å samle ressursar, om nødvendig ved å tvinge naturen. Anleggsfolka utviklar den sjølvstendige evna til å løyse problem på staden. 

Gullrush har vi hatt mange stader i verda, men i Norge fekk vi i tida rundt år 1900 et kappløp om vannfalla. 
 
Spekulantane handla først. Dei hadde midlar og vinnings hensikt. Dei greip dei nye idéane, og skjøna at fossane på Vestlandet var eit «gullrush» verd. 

Dei færreste av dei hadde til hensikt å bygge ut kraften sjølv; dei ville selge til høgstbydande. Måten dei gjorde det på, kom til å bety mykje for tettstadsutviklinga i landsdelen. Dei reiste bygdelangs for å kjøpe fjellvidder og fallrettar, men også gårdene ved fjellets fot. Dermed kunne dei tilby ein total pakkeløsning for utbyggaren: Nedslagsfelt, magasinkapasitet, fallhøgde og utviklingsområde for industri. 

Utgangspunktet var at man tenkte seg kraften brukt ved stasjonen. Problema med overføring var ikkje løyst. «Pakkane» blei kjøpt og betalt, ofte gjennom flere ledd og til aukande priser. Dei som fikk minst av fortjenesta, var som regel bøndene som hadde gjeve frå seg både hus og grunn. 

Tanken om tettstadsdannelse ved kraftverka viste seg fruktbar. Dette blei mønsteret: Ein dam til fjells, røyrgate ned steile stupet ved sida av den gamle fossen, kraftverk og ein fabrikk ved fjorden. Hit dreiv i utbyggingsperioden anleggsfolk frå nær og fjern, og etterpå kom fabrikkarbeidarane. Litt etter litt vaks eit eige lite samfunn fram, gjerne med både skule og sosiale institusjonar kosta av industri-herren. Og dei nye bygdene utvikla produktspesialitetar som ofte var mynta på verdensmarkedet. 

© Frå boka "Kraften fra fjellet" BKK historie. Tekst: Bernt Kristiansen - Gunnar Hatland. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no