Maktkamp om fossefalla
(01.11.2004)
Forfatter: BKK
Då folk fekk syn for verdien i fossekrafta, var
spekulantane raske til å handla. Med sans for profitt kjøpte
dei fallrettane før oppsitjarane fekk for mange tilbod.
Ei utbygging i stor stil kom i gang og skapte ny industri
i bygdene. Men det var óg ein annan marknad - og ei plikt: Den generelle
elektrifiseringa av samfunnet. Dette vart av mange sett på som ei
offentleg oppgåve.
Bergen hadde alt sitt Bergens Elektrisitetsverk (BEV)
som starta el-produksjon frå ein dampsentral i Strømgaten
i mars 1900, og som seinare (1912) bygde vasskraftverk ved Frøland
i Samnanger.
Av kommunane kring Bergen var det berre Fana og Os som
prøvde å løysa kraftspørsmålet på
eiga hand; Fana med kraftverk på Stend i 1913 og Os med Gåssand
kraftverk i 1914.
Landkommunane kring Bergen ville ha eit interkommunalt
kraftselskap. Bergen, som såg at krafttilgangen frå Samnanger
vart for liten, meinte at byen burde eiga kjeldene, men kunne selja kraft
til naboane. Striden stod i åra 1918-1920, og stridens eple var rettane
til Bergsdals- og Torfinnvassdraga.
Landkommunane Evanger, Bruvik, Samnanger, Os, Haus, Fana,
Åsane, Fjell, Sund og Askøy ville ekspropiera Bergsdalen.
Bergen ville gå til kjøp åleine.
Maktkampen enda vinteren 1919/1920 med eit sams framlegg
frå partane. Avtalen vart vedteken i kommunestyra og godkjend av
departementet. Dermed kunne Bergenshalvøens komunale kraftselskap
- BKK - konstituerast 2. juni 1920.
Styrketilhøvet mellom by og land i selskapet skulle
vera tre til to. Henrik Ameln vart første ordførar i representantskapet,
og Ivar Vaksdal første styreformann. Det låg føre 11
alternativ til utbygging av Bergsdalsvassdraget, Torfinno og tilgrensande
elvar. Dale vart peika ut som byggjestad for sjølve kraftstasjonen,
den billegaste og raskaste løysinga. Så, sommaren 1921, tok
minestålet til å syngja for anlegget Storfossen-Dale.
Men det skulle pengar til, og tidene var tunge. Grunnkapitalen
på 7,2 millionar kroner, som medlemene stod ansvarlege for, strakk
ikkje til. Løysinga vart eit dristig lån frå USA, to
millionar dollar i 1924. Utbygginga kunne halda fram, og 18. november 1927
vart dei to første aggregata på Dale sett i drift. På
grunn av fallande dollarkurs vart utanlandslånet god butikk.
I anleggsfasen hadde BKK ein nøktern administrasjon
på to fast tilsette, og då produksjonen ved Dale kom i gang,
vart det inngått avtale med Bergens Elektrisitetsverk om felles administrasjon.
Fellesskapen varte til 1958.
I starten låg produksjonskapasiteten over etterspurnaden.
Men det tok ikkje lang tid før dette endra seg. Etter langvarig
strid med Voss kommune (som eigde halvparten av vassdraget) skaffa BKK
i 1932 meir vatn ved å regulera og overføra Torfinnsvatn til
Bergsdalsvassdraget. Aggregat nummer tre på Dale kunne setjast i
drift i 1938. Men etterspurnaden steig framleis. El-kraft var blitt ein
suksess som folk flest ville ha del i. |